cover

Ila Auto

Ila Auto

CD (2010) - Slagerfabrikken / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Bluegrass / Vise / Visepop

Spor:
Creedence På Kassett
Regn Og Snø
En Som Blir Igjen
Alle Dør, Men Ikke Alle Lever
Grønland
Slakt
Fem Mil Unna
Fagerborg
Ikke Mere Tid
Få meg Hjem
Nå Kommer Natta
Ingenting Igjen

Referanser:
Bergen Mandolinband
Onkel Tuka
Gone at Last
Old Crow Medicine Show
Hayseed Dixie
Raga Rockers
Jokke & Valentinerne

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Livfull nostalgi

Fem mil, og minst like mange tiår unna alt moderne og hipt serverer dei sakene heilt utan rotasmak.

Etter at plata hadde fullført sin femte runde på heimestereoen, hadde eg i grunn berre lyst å spele den ein gong til. Det er slett ikkje alltid slike lyster som melder seg på det stadiet. Men sånn var det altså med den tredje plata til Ila Auto, denne fyrige bluegrassbanden frå hovudstaden. Så eg spelte plata ein gong til eg. Og trettiseks minutt vart unnagjort på under halvtimen. Slik det ofte vert i godt selskap.

Dei har vist at dei har ting å by på før også. På den spelemannprisvinnande og fiffig titulerte debuten If You Keep Pickin', It Might Never Heal, og på oppfylgjaren Over the Next Hill. Men eg finn meg endå betre tilrette i deira selskap denne gongen. Her er tettare med gode låtar. Og det har på ingen måte skada deira signatur at dei har gått over til å synge på morsmålet. Snarare har det vel heller skapt ein gunstig distanse til alle deira amerikanske sjangerfrendar.

Distansen til eit og anna norskspråklig rockeband frå Osloby har derimot blitt ein tanke stuttare. Utan at kvintettens opplegg på noko vis byrjar likne rock meir enn country og bluegrass. Slett ikkje. Sjølv når dei kastar seg over Raga Rockers punkdrivne Slakt, og tar vare på alt den har av energi, er dei eit bluegrassband. Eit akustisk-fundert, og åtaksorientert bluegrassband. Eit band som står i ein gammal tradisjon, men ikkje for stødig.

Det er spelegleda og lysta på å skape levande tonar som driv dei, og ikkje noko behov for å vise kor dyktige dei er blitt til å plukke på strengane. Songane er det sentrale. Songane sitt melodiske vesen, men også korleis dei tar seg ut i tekstlig samanheng. Noko dei fleste gjer rett så bra. Og alt utanom Slakt har dei laga sjølve.

Dei har eit offensivt lynne, men ikkje eit eindimensjonalt eit. Spriten og dens slektningar spelar ei framtredande rolle i fleire av songane, men med eit blikk som fangar fleire stemningar enn dei feststemte.

I det gnistrande og fabelaktig titulerte opningssporet Creedence På Kassett til dømes:
"Det er ingenting å grine for, det skakke værra lett. Jeg har brennevin i bilen min og Creedence på kassett".

Tilstandane som vert skildra er henta frå dei rurale strøk av landet. Der vi vert presentert for ein fyr, heimsøkt av noko rastlaust og sterkt utilfredsstilt, og klar for eit tokt med mogelege konsekvensar som nok ikkje vil betre på situasjonen hans.

I det friske på-veg-heim-frå-byen nummeret Grønland er derimot ikkje bekymringane av så altfor alvorlig karakter. Dei handlar stort sett om alle dei freistande drikkestasjonane langs løypa, som heilt tar fokuset vekk frå målet der i det uklare fjerne.

Nå Kommer Natta heiter det ein annan stad, men hovudpersonen vil helst ikkje vite av den. Den er truande, den er ei løgn, og etter den kjem det vel helst berre angst og beven. Låta dansar på lette strengetonar inn i ein sonisk siste halvdel der månen har ramla ned, og den innhyra felespelaren Øystein Fosshagen dreg fram ein gnistrande groovy felesolo.

Innimellom dempar dei lyden og saktnar på takten. Då handlar det om tapt kjærleik og død. Og livet som skal levast der imellom. På best mogeleg vis. Så det ikkje blir linja Alle Dør, Men Ikke Alle Lever som endar opp som overskrift på sluttrapporten.

Songane til Ila Auto høyrer med til dei levande. Dei veldig levande.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


Belle & Sebastian - Dear Catastrophy Waitress

(Rough Trade)

Hva som skjedde da de skotske indiepoperne møtte mannen som har Frankie Goes To Hollywood, ABC og Tatu på samvittigheten.

Flere:

Anne Marie Almedal & Erik Honoré & Jan Bang & Nils Chr. Moe-Repstad - Going Nine Ways From Wednesday
Neurosis & Jarboe - Neurosis & Jarboe