cover

In Their Best Album So Far

The Celophane Flower

CD (2006)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Indierock / Indiepop / Psykedelia / Retropop

Spor:
Wishing You Well
Stay the Night
The Sadness in Your Eyes
Now That I Found Myself
Oh Brother
Time of My Life
This Is the End
2:am
Would You run
Never Too Late
Best in Life

Referanser:
The Soundtrack of Our Lives
R.E.M.
Mercury Rev
a-ha
Coldplay
Keane
The Byrds
Neil Young
Pink Floyd

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Melankolsk gledesspreiar!

Svensk band med eit lite sorgmuntert smykkeskrin av eit album. Med tydeleg inspirasjon frå REM og Neil Young.

The Celophane Flower er for meg eit nytt bekjentskap. Men svenskane er så langt i frå nye i gamet. Dette er deira sjuende album og, som dei hevdar sjølve i tittelen, deira beste album så langt. Det er mykje sannsynleg at det stemmer, for musikken på denne plata er uendeleg vakker, stemningsfull og morosam. Det osar speleglede og musikalitet av kvintetten og ein blir rett og slett kjempeglad av å få lov til å bruke tida si i selskap med The Celophane Flower.

Det er kort mellom høgdepunkta på denne plata, det eine avløyser det andre, men det er særleg to spor som skiljer seg ekstra ut: Åpningsporet Wishing You Well er platas desidert beste med sitt nydelege refreng og elegante produksjon. Dette er ein av dei finaste songane eg har høyrd så langt dette året, og på refrenget går dei sine britiske kollegaer Keane ein høg gang. Hadde verda vore rettferdig hadde denne songen vore ein verdenshit. Den er absolutt god nok til det.

Det andre sporet som skiljer seg ut er Stay the Night, med alldeles nydelege gitarharmoniar og utsøkt western-feel slik berre Neil Young gjer det på sitt beste. Dei to åpningspora er, slik eg ser det, verdt pengane aleine. Dei inneheld alle element som gjer songar til klassikarar.

Dessverre synk nivået litt etter desse to songane. Hadde bandet gjort ein litt betre sequencing jobb, så hadde dei lagt desse to litt meir på midten slik at me som lyttarar hadde opplevd ein stigning. Denne kjem dessverre ikkje, men du verden det fins likevel flotte låtar over heile albumet. Av andre høgdepunkt kan me nemne den uptempo, akustiske ballada Oh Brother. Her ser me tydeleg bandet si dragning mot det psykedeliske. Det er ein tydeleg Roger McGuinn-inspirasjon her, og ikkje minst David Gilmour-aktige slidesprang på gitaren. Ei perle av ein låt som berre veks for kvar gong ein set den i gang.

Det som er så dyktig gjort med denne plata er at den er produsert så godt. Alle instrumenta er produsert luftig slik at dei verkeleg kjem til sin rett, samstundes som det aldri kjennes glatt og plastikk ut. Eg har dessutan ein mistanke om at dei har fulgt samme prosedyre på denne plata som dei visstnok har gjort på sine tidlegare utgjevingar, nemleg å nytte gamle 4-spors båndopptakarar til å spele inn med. Dette gjev musikken ein varme og glød som minner oss om 60- og 70-talet, noko som verkeleg passar musikken til The Celophane Flower. Hadde ein ikkje visst betre, så kunne ein på enkelte spor tru at ein sat og høyrde på klassisk sein-psykedelia i beste The Byrds-stil.

Skal ein likevel vere ein surpomp og trekke fram noko negativt med utgjevinga, så må det vere at nokre stadar så nærmar The Celophane Flower seg farleg nær grensa for plagiat. Hadde eg vore Michael Stipe, så ville eg ringa og fått advokaten min til å sjå på om Now That I Found Myself ikkje hadde blitt stole frå Automatic For The People eller Out of Time. Med andre ord, her og der skortar det på originaliteten og dei legg seg litt for nær inntil idola sine. Det er ingenting i vegen med å vise kven ein er inspirert av, men det gjeld å moderere seg og vere litt kritisk og finne sitt eige uttrykk, og dette er ikkje bandet best i klassa på. Vegen er ikkje lang frå homage til plagiat.

Men dette er i bunn og grunn bagatellar, for dette er eit album som eg kjem til å ha i spelaren min i uminnelege tider framover. In Their Best Album So Far er, utan tvil blant årets sterkaste utgjevingar. Dersom du er glad i amerikansk vestkyst-pop, psykedelia, litt western og ei smule nordisk melankoli på toppen, så er dette eit av dei tryggaste kaupa du kan gjere i år.

In Their Best Album So Far burde blitt ein storselgar, men det blir den sannsynlegvis ikkje. Det er synd, for dette er ei perle som mange kunne hatt mykje glede av hvis dei hadde visst om dette kjempebra bandet.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


Richard Swift - Dressed Up for the Letdown

(Secretly Canadian)

Velkledde og idérike songar om nasjonal fridom, bygningar i Amerika, det grimme artistlivet og ein heil del lost and sorrow.

Flere:

Annar Follesø & Björn Nyman & Christian Ihle Hadland - Bartók
Sufjan Stevens - Seven Swans