cover

Rain by High Lantern

Sketchie

CD (2004) - Lumenessence / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Elektronisk / Rock

Stiler:
Post-rock / Big Beat / Elektronisk

Spor:
The Fox Hunter
Loner Lay Blue
To Sail An Industrial Swan
Suffragist Down
Chelsea Eyes
Happy Birthday Joe Shetcliffe a. Mute
Feud At Saint East's
Post War Animation
Salute to Alone
Hurts to Fuck, Goes the Bell
I Am Absolute
Happy Birthday Joe Shetcliffe b. Losing My Life to You

Referanser:
Sigur Rós
Mogwai
Aphex Twin
Boards of Canada
Boards of Canada
DJ Shadow
Explosions in the Sky
Orbital
Godspeed You Black Emperor!
Four Tet

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Organisk

Ung britisk MC omfavnar post-rocken på absolutt hederleg vis.

Møt Joe Shetcliffe, ordøkonomisk omtala som Sketchie, på heimebane i kystbyen Brighton, Sussex. Omgitt av skarpe skrik frå måkeflokkar, den meditative lyden av små bølger som klaskar mot steinane, tåkeluren som ular utover fjorden og båtskura som knirkar med sine råtne plankar. Lydar det er lett å forelske seg i, om ein har ei dragning mot det maritime liv eller om ein rett og slett ynskjer litt avkobling frå det vanlege ståket som kjenneteiknar kvardagen vår. Kombiner dette med dansbare hip-hop trommeslag, melodiske gitarlinjer, lagvise strykarar, samt dei lyse tangentar på pianoet, og du har gjort deg kjent med albumet Rain by High Lantern.

Sketchie er ikkje gamle karen heller, rundt 20 årssyklusar har han passert. Men det er likevel ikkje ein fullstendig uerfaren brite vi her har med å gjere. Så vidt eg har fått med meg, oppnådde han som mic-kontrollør relativt stor suksess med velformulert hip-hop allereide som 16-åring, noko som førte til jobbar som oppvarmingsartist for blant andre Sage Francis, Sole og Boom Bip. Utan å kvile altfor lenge på sine hip-hop-laurbær bytta Sketchie mikrofonen ut med ein gitar, eit instrument han følte han meistra etter 12 månader med intens øving. Ambisiøs som han er følgte han like godt opp med å lære seg trommer, bass, piano samt litt fiolin i slutten av tenåra. Før Sketchie signa med Lumenessence, også dei med base i Brighton, bidrog han på utgjevingar av Req (Warp Records) og Mummy Fortuna's Theatre Company (Lex Records). Samarbeidet med Lumenessence har til no resultert i to EPar og altså langspelaren Rain by High Lantern.

Skal vi definere ein slags Sketchie-ideologi, er det særlig forsøket på å skape eit "naturleg" lydbilete som verkar å vere grunntanken. Alle instrumenta vi høyrer på albumet er signert hovudpersonen, og som tidlegare nemnt brukar Sketchie av og til lydelement frå naturen i sin musikk. Dette er ikkje nødvendigvis ei revolusjonerande framferd innanfor elektronika/post-rocken, men det gjev musikken ein viss bileteskapande effekt, gjerne av det melankolske slaget. Samstundes er det lett å sitje att med eit inntrykk av at artisten har ei viss formelmessig tilnærming til låtane, utan at ein skal klage så lenge resultatet høyrast såpass bra ut som det faktisk gjer. Første sporet, The Fox Hunter, kan på mange måtar illustrere ein typisk Sketchie-låt. I starten glid eit roleg gitar-tema fram på overflata, det er stille før stormen. Meir fylde opprettast ved at harde tromme-beats breiar seg over det samme temaet saman med strykarar, for deretter å roe ned tempoet og gå tilbake igjen til det opprinnelege partiet. Igjen er det stille ei periode før det på ny braker laus, denne gongen enda meir voldsomt og langvarig enn fyrste gongen.

Som tidlegare 'emcee' kunne ein kanskje forvente at Sketchie ville nytte anledninga til å fukte leppene ein gong i blant, noko han forsåvidt gjer, men i minimale dosar (vi høyrer han langt tilbake i lydbiletet ein plass), men i all hovudsak er dette ei rein instrumentalskive. Det er ingen særleg utradisjonelle instrument i sving her, men Sketchie vrir nok litt på Pro Tools-knappane og tilfører ein ekstra porsjon romklang og ekko både på gitaren, pianoet og trommene. Skal ein opprette linken til andre artistar som rører rundt i omtrent same stilområdet, blir Explosions in the Sky eit opplagt treffpunkt. Muligens kan også Godspeed You Black Emperor eller Mogwai plasserast i same sekken, sjølv om dei vanlegvis bruker lengre tid på å oppnå klimaks. Dette betyr så klart ikkje at vi skal avkle Sketchie all musikalsk individualitet, det vil vere ei grov undervurdering. Rytmisk sett er han enormt dyktig til å handtere brotet mellom dei draumande partia og dei meir hardtslåande konstellasjonane ved hjelp av utsøkte trommevariasjonar. Underlege sci-fi lydar, piano med delayeffekt og kattejamring er og med på å fostre ein deilig entusiasme og eit stadig ynskje om å høyre meir, om ikkje anna for å høyre kva som eventuelt vil komme som neste overrasking. Men samstundes som han lager musikk for fjerne galaksar, er det og varme og røyndomsnære tonar ein lett kan forhalde seg til.

Med frykt for å redusere dette til rein bruksmusikk, er Rain by High Lantern utsøkt musikk for seine nattetimar, særlig den perioda frå du legg deg til du faktisk sovnar. Ei stille stund for deg sjølv, der du kastar nokre blikk bakover i tid og let nostalgien strøyme på i all si kraft. Tilbake til ei tid som kanskje bestod av bølgeskvulp, tåkelurar og måkeskrik?

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


The Megaphonic Thrift - Decay Decoy

(Hype City)

Kall meg gjerne en inhabil og fortapt fan - denne utgivelsen tar jeg i forsvar når som helst.

Flere:

Kid Loco - Kill Your Darlings
Wilco - Yankee Hotel Foxtrot