
Leave Your Friends and Family
CD (2009) - Movemountains / Musikkoperatørene
Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3
Genre:
Rock
Stiler:
Folkrock / Folk / Balkan / Latino / Sigøynermusikk / Vaudeville / Mariachi
Spor:
Saddle Up Your Horses
Happy New Year
Outside the City Gates
See the Sun
Give Up
William Mason's Summer
Roadhouse By the Sea
Franz Mesmer
Your Mamas Too
Carny Boy
Samarkand
Referanser:
Crosby, Stills, Nash & Young
The Decemberists
Neutral Milk Hotel
Beirut
Wunderkammer
Real Ones
Se også:
Automata - The Captain & Me (2006)
Jorda rundt på 47 minutt
Med innsamla tonar frå fjern og nær som nyanseskapande drivstoff, omfamnar reisekameratane harmonisongens livsfriske krefter.
27.02.2009
Eklektisk åtferd kan få fleire utfall. Du har dei som i sin iver etter å plukke vidt og fordomsfritt reint forskrevar seg, og gløymer bort å gje seg sjølv både retning og eigenart. Du har dei som blir for opptatt av å vere korrekte og respektfulle, og dermed endar opp stivbeinte og identitetslause. Du har dei som vil vere så festlige og snodige at dei i staden oppleves fjasete og slitsame. Og så har du artistar som The Captain & Me.
Ein norsk duo som debuterte i albumformat for drygt to år sidan. Med ei blanding av balkanske folketonar, appalachian strengetukting og harmonisong i vital west-coast tradisjon. Ei ganske så herlig blanding.
Herlig fordi dei i all sin iver ikkje gløymte bort å skape ein dynamikk som førte dei til hamns med ein eigen signatur. Og ikkje som eit samansurium av andre ting. Denne signaturen synst eg er endå tydeligare forma på deira ferske framstøyt Leave Your Friends and Family.
Rett nok har dei reist enno vidare. Forbi Bosporusstredet, og fylgt Silkevegen til den myteomspunne byen Samarkand. Og med innhyra blåsarar har dei søkt sørover frå Californiakysten, inn i Mexico, og vidare. Men til trass for at kompassnåla dansar vilt til tider, fer dei ikkje vill. Dei destillerer i staden inspirasjonen frå den vide verda inn i eit uttrykk som er overraskande homogent.
Det tøyleslause vågemotet frå debuten er blitt litt temja. Samstundes som overgangane og retningsendringane er mindre skarpkanta og brå, meir raffinerte. Utan at duoen endar opp som mindre inspirerte og vitale. Nei heller litt meir tilfredsstillande, og haldbare.
Slik det høver seg når ein inviterer på tur, vert det først oppfordra til å pakke. I denne samanhengen også til å sale opp hestane. På to og eit halvt minutt har opningssporet Saddle Up The Horses både varleg akustisk strengespel ispedd fløytetonar, klikketi-klakketi perkussive overgangar, brunstige "alle instrument gje lyd" parti, og ikkje minst eit sterkt melodisk og harmoniflott folkpopmønster. Eit mønster den deler med storparten av låtane som fylgjer etter. Eit mønster som dansar av garde ein eller annan stad mellom The Decemberists og Beirut. Med dei songharmoniske stamfedrane i Crosby, Stills, Nash and Young som fremste ledestjerner.
Det er tvillaust noko oppglødd og gladlynt over tonane til duoen. Samstundes som fleire av historiene dei fortel har meir preg av strev og vemod enn framgang og lykke. Roadhouse By the Sea, til dømes, er ein Poe-slekta spøkelseshistorie, om å søke ly i eit hus på kanten av eit stup, som viser seg å vere overfylt av "ghosts and undead". Medan avstanden er rimelig stor frå den lysande harmonitonen til tekstens undergangstematikk i Give Up; "give up, we're all gonna die".
Døydde gjorde også Franz Mesmer. Men han gav ikkje opp. Sjølv om han ofte kjempa i motvind for å overtyde sine samtidige, på slutten av 1700-talet, om dei legande kreftene i animalsk magnetisme. The Captain & Me har laga ein liten episk hyllest til mannen. Der han får føre ordet sjølv; "I am Franz Mesmer, I aim to mesmerize". Slik blei austerrikaren opphavsmann til eit engelsk ord.
Sidan vi no først er inne på hypnotiske forhold. See the Sun skimrar i retning av noko slikt noko. Og fortel ei historie om audmjuk takksemd til trass for motgang og faenskap. Medan Samarkand viser fram balladesida til bandet. Ei låt om å finne, og ikkje finne, seg sjølv, eller sin kjære. Ein duett der Therese Aune er kvinnestemma.
Ho er som de sikkert har skjøna ikkje den einaste innhyra samarbeidspartnaren. For rett nok spelar kapteinen og meg (alias Morten Krane og Even Vaa) på fleire instrument enn eg har kunnskap om, men for å skape eit såpass stort sound dei har gjort her har dei også hatt med seg ein god gjeng. Sånn cirka ti i talet, som spelar på alt frå steelgitar, via fløyte til saksofon og trompet.
Skulle eg ha nokre innvendingar på det dei innhyra og dei to ved roret har føre seg, så er det at enkelte instrumentale parti kan verka litt vel stressa og oppkava. Men det er ikkje ei stor innvending. Hovudinntrykket handlar mest om raffinert vellydd, dynamisk entusiasme og ein smittande gjennomgangstone.
Hentet fra arkivene
Groovissimo

Ed Harcourt - From Every Sphere
(Heavenly)
I'm aware that I'm speaking but the words come out wrong, So I'll put it across in a simple song.
Flere:
Gluecifer - Basement ApesUmek - Neuro