cover

Howl Howl Gaff Gaff

Shout Out Louds

CD (2005) - Bud Fox / Capitol / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Indiepop / Indierock

Spor:
The Comeback
Very Loud
Oh, Sweetheart
A Track and a Train
Go Sadness
Please Please Please
100°0
There Is Nothing
Hurry Up Lets Go
Shut Your Eyes
Seagull

Referanser:
The Strokes
David & The Citizens
The Plan
Mando Diao

Vis flere data

Se også:
Howl Howl Gaff Gaff - Shout Out Louds (2003)

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Q & A

Re-utgjevelse som hørest omtrent like kjedelig ut som da vi anmeldte den for tre år sidan.

Q: Både bandnavnet og albumtittel triggar tanken om at musikken er basert på skrik, skrål og hyling, stemmer det?

A: Overhodet ikkje. Stockholms-bandet Shout Out Louds bruker ikkje slike primitive metoder til å banke bodskapen ut. Her omfavnast den glade indiepopen med alle sine sofistikerte finesser; handclaps, speisa casio-lyder og trompetfylde er obligatorisk, gitarer og trommer er kjappe og fengande, tekstane handlar som regel om klønete kjærleik eller generelt pussige observasjoner formulert på eit under middels lyrisk nivå, à la: "Someone studies architecture and someone works with fabric textures but we don`t even listen to them anymore..."

Q: Endå eit døme på at svenskane kan sin pop altså?

A: Tja. Lavaen med popband som straumar ut av grannelandet ser ut til å være utømmelig. Trivelige bidrag kan nevnast i fleng: Sambassadeur, The Radio Dept, Slagsmålsklubben, Jens Lekman, Suburban Kids with Biblical Names, David & The Citizens osv osv. Men dessverre drukner nok Shout Out Louds i denne oase av delikat popmusikk, dei The Strokes-inspirerte melodiane blir rett og slett altfor forutsigbare og kjedelige.

Q: Vent litt, kom ikkje denne skiva ut allereie i 2003 og har ikkje groove også anmeldt den før?

A: Det stemmer, tilbake i 2003 gav bandet ut nettopp Howl Howl Gaff Gaff på det skandinaviske markedet til lunken resepsjon av groove sin Øyvind Rones. Sidan den gang har fem gamle spor gått hedens veg og fem nye har komt inn og denne re-utgåva er såleis lagt til rette for internasjonal lansering. Resepsjonen er framleis like lunken her. Skryt har dei derimot fått andre stadar, ein god del av det også, men min farlige spådom er likevel at historia vil betrakte Shout Out Louds som ei døgnflue med korte men heftige 13 minutt med fame.

Q: Tilføyingar til slutt?
A: Har du tre kvarter å avsjå kan vel Howl Howl Gaff Gaff vere eit greit tidsfordriv. Du får neppe den store opplevinga tilbake, men nokon trivelege parti her og der, samt dei kurante singelane The Comeback og Please Please Please er det i alle fall mogleg å kose seg med.

Og så må det også nevnast at skiva neppe er kulturministeren sin favoritt om dagen; den er nemleg ei av desse fæle kopibeskytta platene.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


The Sea and Cake - One Bedroom

(Thrill Jockey)

De snor seg fjærlett innom litt bossa, litt smooth funk og soul, kutter det i kantene, og lager lett bekymringsløs pop man får lyst til å grine av.

Flere:

Okkervil River - Down the River of Golden Dreams
Scorch Trio - Scorch Trio