cover

Romanian Names

John Vanderslice

CD (2009) - Dead Oceans / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Folk / Synth / Poprock / Psykedelia

Spor:
Tremble and Tear

Fetal Horses
C&O Canal
Too Much Time

D.I.A.L.O.

Forest Knolls

Oblivion
Sunken Union Boat
Romanian Names
Carina Constellation

Summer Stock

Hard Times

Referanser:
The Postal Service
The Magnetic Fields
The Shins
The Mountain Goats
Death Cab for Cutie

Vis flere data

Se også:
Cellar Door - John Vanderslice (2004)
Five Years: Selected Recordings 2000-2005 - John Vanderslice (2005)
Pixel Revolt - John Vanderslice (2005)
White Wilderness - John Vanderslice (2011)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Armod og harmoni

Mindre død og forderving, men stadig mykje popfint å finne hos Vanderslice.

Den store undergangsangsten, Johannes openbaring, og synet av to fly som krasjar inn i New York sine landemerke har vore herskande tema i John Vanderslice sitt popvirke. Slik er det ikkje på Romanian Names. Det er ein Vanderslice med eit lettare sinnelag som gjer seg til kjenne denne gongen. Litt lettare, i alle fall. Fokuset blir retta meir mot dei nære ting. Men det finst jo grunnar til å bekymre seg der også. Og Vanderslice finn dei. Sjølvsagt gjer han det.

Han finn dei, men syng i litt vagare ordelag om det han finn. Vagare, og i mindre grad i den forteljande stilen som har prega mange av hans beste songar.

Ei lita retningsendring altså. Lita, for det er ikkje på noko vis ein ny og ukjent Vanderslice vi høyrer. Han opererer framleis blant dei grasiøse og tilsynelatande vennligsinna poptonane, og nærmar seg berre heilt unntaksvis dei meir truande soniske former.

Slik er det.

Slik er det åtte år og seks album inn i ein solokarriere som på ingen måte har gjort Vanderslice til ein velkjent skikkelse. Han høyrer nok heller med blant desse som har måtta nøye seg med skrytet frå ein og annan musikkskribent, bloggar og indierock-disippel (fortent skryt må vite). Ei skjebne eg nok har mistanke om at Romanian Names kjem til å lide også. For sjølv om mannens nye label Dead Oceans ytrar forhåpningar om noko anna, har eg vanskar med å finne teikn på at ei popfurore med Vanderslice sitt namn på er i emning.

Om då ikkje Too Much Time skulle vise seg å vere tufta på eit melodisk uttrykk med eit nedslagsfelt utover det eg sit og innbillar meg. Den angerfulle popballaden Too Much Time. Driven fram på eit luftig teppe av piano og keyboardtonar. Og med ein Vanderslice som syng om kor stusselig livet kan fortone seg når heimen er fortid, framtida eit opent spørsmål, og det meste tyder på at "freedom is overrated". Sårt, og nydelig.

Eller kanskje Tremble and Tear kan finne ein del hjerter. Harmonifin og Fleet Foxes-infisert som den er. Harmonisong av dugande kaliber har forresten Vanderslice krydra fleire av spora på albumet med. Til dømes den Elliott Smith-slekta C&O Canal, synth- og folkpop hybriden D.I.A.L.O, og pop-psykedeliske Carina Constellation.

Psykedeliske svingar er på ingen måte eit framtredande mønster hos Vanderslice. Men små drypp dukkar opp her og der. Som i catchy Sunken Union Boat. Ein liten popsmart sak, lett dansande på ei strak linje som strekker seg frå The Lovin' Spoonful til The Shins.

Det er vel i det heile ei aning meir tempo over det Vanderslice gjer denne gongen. Og det er kortare låtar. Aller kortast er tittelkuttet. Ei akustisk-gitar akkompagnert vise om ei turnjente frå Romania, og omtanken songaren har for hennar usikre skjebne. Kvifor han har kalla heile albumet opp etter denne visa, skal eg ikkje gje meg til å spekulere på. Men det kunne sikkert vel så gjerne heitt Fetal Horses. Etter den smått Morrissey-slekta og surrealistiske songen om fødsel, død og knuste draumar.

Eller kanskje Hard Times. Etter den i dobbel forstand minnerike avslutningsballaden. Ein ballade brakt fram av bratsj og fiolin, og ein Vanderslice som syng om den varme sommaren då ho "were swimming off the Serbian Coast". Kor nå det måtte vere, og kva han no måtte meine med det. Men vakkert er det. Vakkert, lengselsfullt, og litt vagt.

Lydbildet er vel så mykje dominert av keyboards som av gitar. Og det heile er lappa saman, og pynta på, over fleire etappar. Både i Vanderslice sitt heimestudio, og i hans Tiny Telephone studio. Utan at verken liv, varme eller poetisk nerve har blitt borte i prosessen.

Så ein slags konklusjon kan vel då bli at det finst verre måtar å søke selskap med livets vemod på enn saman med Romanian Names. Atskillig verre.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


The Core & Nils Olav Johansen - Blue Sky

(Jazzaway)

groove har bedt to av våre jazzskribenter se nærmere på The Cores andre album. Audun Reithaug Rasmussens analyse følger her.

Flere:

Alog - Duck-Rabbit
Pernice Brothers - Live a Little