cover

Forever Changes

Love

CD (1967) - Elektra / Warner Bros.

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkrock / Psykedelia

Spor:
Alone Again Or
A House Is Not a Motel
Andmoreagain
The Daily Planet
Old Man
The Red Telephone
Maybe the People Would Be the Times or Between Clark and Hilldale
Live and Let Live
The Good Humor Man He Sees Everything Like This
Bummer in the Summer
You Set the Scene

Referanser:
The Byrds
The Rolling Stones
The Beatles
Lovin' Spoonful
Moby Grape
Jefferson Airplane
Beach Boys
Big Star
Teenage Fanclub
The Stone Roses

Vis flere data

Se også:
Four Sail - Love (1969)
The Best of Love - Love (2003)
The Best of Love - Love (2003)

(7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7)


Ein annan sommar

Vakkert og varmt, uroskapande og suggererande. Psykedelia for alle tider.

Det var sommaren 1967, kjærleikssommaren, og Arthur Lee gjekk rundt og trudde han skulle dø. Ein kald krig regjerte kloden, og ein varm og jævlig ein var altfor reell i Vietnam. I dei amerikanske storbyane var det gateopptøyer, borgarrettskampen var på sitt mest intense. Syra var lett tilgjengelig, og paranoiaen fylgde i fotspora. Tusenvis på tusenvis drog til San Fransisco. 100 000 til slutt. Blomsterbarn. I eit platestudio litt lenger sør, i Los Angeles, prøvde Arthur Lee å sope i hop restane av bandet sitt, Love. Dei blomstra ikkje. Dei låt som ein katastrofe. Ein sveitte tok tak i han, han var 22 år, skulle snart dø, men hadde desse låtane han skulle ha spelt inn før så skjedde.

Tre månadar seinare er plata ferdig. Den siste dagen i november blir den gitt ut. Forever Changes. Den sannsynlegvis mest fargerike, psykedelisk mangfaldige, levedyktige, intrikate, elskelige, groovy, dunkle, illevarslande, og vakraste plata som vart til den sommaren. Den handla særdeles lite om å ha blomar i håret. På baksida kan vi sjå Arthur Lee avbilda med ein visna blomsterkvast i henda. På innsida kan vi høyre han synge om vatn som blir til blod, og om å sitte oppe i skråninga å sjå folk dø.

Nokre tiår tidlegare vart han fødd i Memphis. Eit par år før Johnny Echols vart fødd, også i Memphis. Begge var dei av afroamerikansk avstamming. Nokre få år gamle flytta dei til Los Angeles. 60-talet var ikkje mange dagar gamalt då dei to fant i hop, og byrja spele saman. Bandnamn skifta dei om lag like ofte som underbukse, men lyset såg dei begge på ein Byrds-konsert. Så då vart det til at dei hang litt rundt med Gene Clark og kompani ei stund. I eit essensielt augeblikk overtala dei The Byrds sin utstyrsansvarlige Bryan MacLean til å bli med i bandet deira. Som på det tidspunktet bar namnet The Grass Roots. Men det var det visst andre som også kalla seg, så nokre veker seinare heitte dei Love. Og året er 1965.

Med ein smått ilter versjon av Burt Bacharach sin My Little Red Book som førstespor platedebuterar dei midtvegs inn i 1966. Det sjølvtitulerte albumet har ein fot i rhythm & blues og ein i folkrock, og er eit riktig så friskt anslag. Grytidlig i 1967 dukkar dei opp med sitt andre album. Da Capo. Der førstesida er ei variert og solid perlerad av grasiøs pop, folkjazz og desperat rock, medan andre sida er ein nesten tjue minuttar lang og tidvis noko retningslaus jam kalla Revelation. Men snart er det sommar.

"Watch for the third coming of Love" stod det å lese på ei høgtsvevande oppslagstavle på Sunset Strip denne sommaren. Innimellom bodskapet kunne ein sjå ansikta til bandets medlemmer i all slags psykedeliske fargemønster filtra saman til eit hjerte. Eit bankande hjerte. Forever Changes var i emning. Arthur Lee måtte berre først stable på beina nokre folk som var kapable til å hjelpe han å få sakene gjort. Bandet hans var tydeligvis i tåka, så han hyra inn nokre studiomusikarar i staden. Og folk på strykarar, og på blåsarar, og David Angel til å hjelpe til med arrangementa, og jaggu kom bandmedlemmene til hektene igjen også, og noko bra blei skapt.

Forever Changes. For alltid kan også endre seg. Gårsdagen kan aldri bli morgondagen. Tida bankar på døra. Kontinuerlig. Det er skummelt, det er spennande. Ingenting er heilt sikkert. Bortsett frå ein ting då, den er sikker, den kan ingen rokke ved, "and that's all that lives is gonna die". Det er ein fatalisme ute og går langs Forever Changes. Og ein paranoia går hand i hand med den. Eit kanskje ikkje spesielt distingvert og oppbyggelig par det der. Men sånn er det. Når dei går i altfor stram takt kan slikt som dette bli omkvedet: "They're locking them up today, they're throwing away the key". Men bakom står det alltid nokon og syng ein annan song: "Freedom … freedom … freedom …". Eg høyrer den songen langs heile Forever Changes.

Eg høyrer den i The Red Telephone. Der Arthur Lee startar med å synge tilsynelatande ubekymra om død, haiking og magi, men der eit drama, ein apokalypse gradvis grip tak i sakene, (den raude telefonen er trass alt den der fatale atomknappen i Washington og i Moskva), før det endar i ei audmjuk bøn: "Alla god's chilluns gotta have dere freedom".

Eg anar den i det episke avslutningsnummeret You Set The Scene. Som er to songar limt i hop til ein. Som er popharmonisk psykedelia med eit symfonisk anslag, strykarar og blåsarar i pasjonert samtale, og eit groove, eit heilagt groove. Og Arthur Lee som konstaterar og spør seg, observerar og brenn, og til slutt konkluderar med at "this is the time … and it is time, time, time, time, ……..".

Den er kanskje ikkje så lett å finne i A House Is Not A Motel. Men eg meinar avgjort at den er der. I det insisterande suggestive groovet. I Arthur Lee sin invitasjon til å komme og sjekke at det er sant det han seier, at det er ingen lenker på døra hans. Eg er litt meir usikker på om den er til stades i skriket han kjem opp med etter at han har konstatert at den besøkande ropar namnet hans. Men i Johnny Echols sin gitarsolo, der er den, og den buktar seg som ein djevel og remjar som ein gud. Stone Roses hadde aldri vore heilt det dei var utan denne låta innabords.

Ikkje utan Live And Let Live heller. Songen der Arthur Lee i forførande pophumør opnar med fylgjande slimete melding: "Oh, the snot has caked against my pants". Og Bryan MacLean hiv seg med i harmonisk songfellesskap: "It has turned into crystal". Det handlar etter alt å døme om etterdønningane av ein dårlig tripp. Men lengre ut i låta handlar det om krig og maktkåte leiarar. Og så handlar det sjølvsagt om endå eit sigrande groove, og om Echols, og ein gitarsolo som flekker tenner til både dårlige trippar og dårlige idear.

Det siste er i grunn Forever Changes totalt blotta for. Albumet byr på eit fengande opningsspor, Bryan MacLean sin mariachi/flamenco-influerte folkpop-sak Alone Again Or, med eit lite stikk til sommarens proklamasjonar om fri kjærleik. Same mann står også bak ein song til, den engelskfolk-inspirerte Old Man. Noko engelsk er det også over Andmoreagain, ei folklåt med ein rund og elskelig melodiøsitet som ber på ein melankoli i hjerteslaga sine. Meir i angrepsposisjon er songaren når han snerrar og rappar i Dylansk stil i den underfundig titulerte Bummer In The Summer. Ein posisjon han også inntar på albumets beinast rockande låt, The Daily Planet, der han skildrar livet som går sin utrygge gang utanfor, medan han sjølv sitt og ventar på sola og undergangen. Noko som er ein betraktelig fjernare tanke i det mest yndefulle og optimistisk lada sporet på plata, The Good Humor Man He Sees Everything Like This.

Og når vi først er inne på lange og mystiske songtitlar, her er ein til: Maybe the People Would Be the Times Or Between Clark & Hilldale. Ein energisk folkpop-sak med soul i sinnet og litt jazz i kantane. Som handlar om ein del uklare aktivitetar ute på gåta, utafor eit vidkjent konsertloka i LA, der Love spelte mang ein konsert, utafor Whiskey A Go Go.

Ein tur og to og ti innom Whiskey A Go Go skulle framtida også vise seg å ha å by på, for unge Lee. Han døydde nemlig ikkje det året, og ikkje året etter heller (han døydde i 2006, 60 år gammal, etter eit brokete liv, like mykje utafor som innafor musikkverda). Han sparka heile bandet sitt, i 1968, fant nokre andre, og hangla vidare som eit anna Love. Eit Love som bydde på eit og anna bra, for så vidt, men som aldri kom i nærleiken av det som vart skapt seinsommaren 1967.

Men samtida såg ikkje heilt kva som kom den i møte, og tok derfor heller ikkje imot det. Få merka seg i grunn den der oppslagstavla på Sunset Strip, og endå færre entra platebutikken for å kjøpe plata. Den kraup så vidt inn på Billboard-lista, og ramla endå fortare utatt. I heimlandet. I England tok dei noko betre i mot den. Og tida, ikkje minst tida, den har tatt vel imot den. Så i 2012 er det ei særdeles lite original ytring å hevde at Forever Changes er blant verdens beste plater. Men eg gjer det nå likevel.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


Orchestra Baobab - Pirates Choice

(World Circuit)

Afro-cubansk klassiker som endelig er tilgjengelig i sin fulle lengde.

Flere:

Suicide - American Supreme
Opsvik & Jennings - A Dream I Used to Dream