cover

Now Breathe

Christer Knutsen

CD (2009) - CCAP / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Poprock / Folkpop / Norwegian depression

Spor:
The Way it Will Always Be
Looking This Good
This Week's Next Big Thing
Main Street
Time
Your Fall
Small Star
To Hold On
Here She Comes
It's You I Want

Referanser:
Sgt. Petter
Thom Hell
Minor Majority
Chris Bell
Roger McGuinn
Gene Clark
Raspberries
Badfinger
Tom Petty and the Heartbreakers
The Jayhawks
Matthew Sweet
Rhett Miller

Vis flere data

Se også:
Would You Please Welcome - Christer Knutsen (2005)
Grand Hotel - Christer Knutsen (2006)

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Anonym poppynt

Han har latt seg inspirere av mykje bra, denne Knutsen, men sjølv er han umogeleg å få auge på.

Med sine trauste steg kjem Christer Knutsen for tredje gong og leverer frå seg ei plate. Det er vel snart fem år sidan han kom i slikt eit ærend for første gong. Då med atskillig country i popopplegget sitt. Dette har han gradvis høvla vekk, til han i dag står att med ei ganske så glatt og flisfri popoverflate. Ei overflate der referansane står skrive, tett i tett - men Knutsen sin eigen signatur er umogeleg å finne.

Popreferansane går veldig mykje tilbake til desse som tok arven frå Beatles og Byrds med seg inn i syttiåra. Knutsen sjølv nemner Big Star som ei viktig inspirasjonskjelde. Eg høyrer veldig lite Chilton her, men avtrykka etter dei Chris Bell-signerte låtane er så absolutt til stades. Frå litt seinare tider kan vi blant mange andre kjenne att den poppige sida til Tom Petty, og tonen til Rhett Miller (Old 97's) og Matthew Sweet.

Kyrre Fritzner har produsert, deLillos-gitarist Lars Lundevall er blitt ein del av bandet The Sacred Hearts. Her er ein for så vidt funksjonell poptone, dugande harmonisong, og gitarane gjer sitt forventa. Det er habilt handverk. Ja eg trur til og med det kan ha blitt gjort med overskot og glede. Men det festar seg ikkje, det berre fer forbi. Det er som røykskya du blas av garde for litt sidan, den betyr ingenting lenger. Først og fremst vert det slik fordi låtane sviktar. Tonen, strukturen og orda. Dei har ingenting å by på, ingenting å seie, som ikkje er sagt før, utallige gonger, og betre, langt betre.

Låt kjem, og låt går, utan å gripe tak i meg. På to tålelig brukbare unntak nær. Pianoballaden You Fall, med sine små hint mot Wilco (Being There-æra). Utan at den vel kan karakteriserast som særlig mykje meir enn ein gjennomsnittleg lighterballade av den grunn. Det andre unntaket er den akustiske visa It's You I Want, som av ein eller annan grunn sender tankane mine i retning Lucinda Williams. Det finst verre tankar.

Resten av materialet verkar vere designa for å passe inn. Og det gjer det. I eit gitarpopbilde kalla "sånn skal det lyde", eller kanskje The Way It Will Always Be. Og det er greitt det, om ein synst det er eit godt bilde å vere i. Om ein ikkje har dei store forventningane om å bli lagt merke til. Om ein vil vere venlegsinna radiopynt, eller gløymt i morgon.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


Ghostface Killah - Bulletproof Wallets

(Epic)

En gang i tiden var Wu-Tang banebrytende. Dømmer man ut fra GFKs nye plate har de gått over til å lage helt vanlig, rett fram jævlig bra musikk.

Flere:

Songs: Ohia - Magnolia Electric Co.
Diverse artister - 20 Years of Dischord