cover

Harlem River Blues

Justin Townes Earle

CD (2010) - Bloodshot / Indie

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Folk / Blues / Gospel / Soul / Rockabilly

Spor:
Harlem River Blues
One More Night In Brooklyn
Move Over Mama
Working For The MTA
Wanderin'
Slippin' And Slidin'
Christchurch Woman
Learning To Cry
Ain't Waitin'
Rogers Park
Harlem River Blues (Reprise)

Referanser:
Steve Earle
Townes Van Zandt
Woody Guthrie
Bob Dylan
Hank Williams
Kevin Welch
M. Ward
Ryan Adams

Vis flere data

Se også:
Nothing's Gonna Change The Way You Feel About Me Now - Justin Townes Earle (2012)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Den nye Earle

For 25 år sidan var han Little Rock'n Roller i faren sin song, her manifesterer han seg som ein av våre dagars fremste country/folk artistar.

Det har blitt eindel av dei etterkvart, desse unge menn og kvinner som tar inn på den same vegen som sin mor og/eller far. Musikkvegen. Justin Townes Earle spora først inn på ein annan av faren sine vegar. Dopvegen. Ein veg han visstnok fylgde nesten til endes, før han fant det meir attraktivt å prøve musikkvegen, og lage songar, og spele inn plater. Og det vart The Good Life. Ja så heiter i alle fall debutalbumet (frå 2008).

Som kjent er det slik at i ein del tilfeller møtest dei to vegane, og stundom går dei endåtil parallelle ruter. Rykta seier at slik har det blitt for unge Earle den siste tida. Så i staden for å reise rundt og konsertere si ferske plate har han lagt seg inn på rehab. La oss håpe han kjem utatt i omlag same forfatning han verkar å ha vore i då Harlem River Blues vart til. Det fortener albumet. Det fortener Earle. Det fortener musikken.

Namnet forpliktar vert det sagt. I tilfellet Justin Townes Earle forpliktar det i så fall dobbelt. Hans far Steve har sett sterkare og betre spor etter seg i countrymusikken enn dei fleste dei siste 25 åra. Og minst like sterke (og endå betre) spor har han sett etter seg mannen som mellomnamnet stammar frå, kongen av den sorgtunge countrytone, texanaren Townes Van Zandt. Trass i blod og genar, det er meir av sistnemnte enn av faderen i det Justin byr på.

Men meir enn det, ein god del meir, er det av Woody Guthrie. Trubaduren og låtskrivaren som reiste Amerika på kryss og tvers med sine songar, men som vel hadde sin mest kreative periode medan han budde i New York på 40-talet. Sidan sist har også Justin skaffa seg eit husvære der, på Lower Manhattan, og gjort New York til sin heimby. Kanskje har han frekventert dei same barane i Harlem som Guthrie og Leadbelly ein gong gjorde også, i alle fall har han stira ned i den skitnaste elva i byen.

Harlem River, dit hovudpersonen i tittellåta er på veg. Mot eit avgjerande vendepunkt. Full av ei heilag fortviling, stukken av ein skjebnesvanger idé om å gjere ende på seg i det grumsete vatnet.

Lord, I'm goin' uptown

to the Harlem River to drown
Dirty water gonna cover me over

and I'm not gonna make a sound


Slik går refrenget. Og gitaren slingrar og snor seg, orgelet strøymer på, og gospelkoret slår følgje. Gravferda er i sikte. Eller? Nådde han eigentlig fram til elva? Kanskje fant han ein Harlembar i staden? Dette seier soga ingenting om. Men sitt seier den, og det i ein melodisk skapnad som har eit kontrastfullt forhold til sin tekst. Eit forhold tufta på livgjevande tonar. Fengande tonar.

Det har vore noko på gang på dei to første platene til Justin. Ei anstendig mengd med gode låtar, i ein tradisjon der ein kan trekke linjene tilbake til Hank Williams og Woody Guthrie. Men signaturen har vore noko diffus. Det har ikkje vore musikk som har komme like sterkt innover meg som det faren sin Guitar Town ein gong gjorde. Harlem River Blues derimot.

Den kjem, innover meg. Frå fleire hald. Den er forankra i tiår av amerikansk musikktradisjon. Den har røter som strekk seg langt tilbake, men ikkje berre i ein retning. For, det er så mang slags songar på Harlem River Blues. Her er ei vandringsvise i ekte Guthrie-ånd (Wanderin'). Ein rastlaus, munnspelspretten og kitlig folkblues (Ain't Waitin'). Ei soulbluesaffære der det vert blåst i horna i god Memphis-tradisjon (Slippin' and Slidin'). Ei smidig og strykarpynta countryvise om å lengte heim (One More Night In Brooklyn). Og ein reinskoren rockabillysak om å komme sliten heim (Move Over Mama). Den siste med visse tekstlige referansar til Hank Williams-klassikaren Move It On Over. Ikkje heilt utan glimtet i auga.

Walk in the door and turn on the light

I find you flat on your back with your legs open wide

Move on over mama, I'm coming home


Men dette er, meir enn før, ja fullt og heilt i grunn, Justin Townes Earle. I lauslig, herlig uformell, og komplikasjonsfri sonisk mundur. Saman med ein gjeng som kolorerer, som er heilhjerta tilstades, men som aldri overdriv. Den tidlegare Drive-By Truckers gitaristen Jason Isbell lar gitaren ulme og pirre på særs velsigna vis. Og så er det noko med kontrabassen. Den blir handtert av Bryn Davies, er med på alle spor, og gjer eit beint fram funky inntrykk (ikkje funky som i funk då, men som i eggande og bøyelig). Gløymast skal heller ikkje lambchopper Paul Niehaus, som er innom og lar det regne litt steelgitar-tårer over togarbeidarsongen Workin' For the MTA og den sørgmodige Learning To Cry.

Etter berre litt over halvtimen er heile seansen over. Ein seanse utan sekunda stoff, men der vel særlig tre songar står att som sjølve augeblikka. Tittelkuttet er nemnt. Christchurch Woman er minst like bra. Eit møte med ei kvinne under eit opphald i den nest største byen på New Zealand har sett sine spor. Så med lengt i bringa, men med eit stadig meir devaluert håp i sikte, står han der, og syng. "I'm waiting for a Christchurch woman in the rain". Det er countrysoul med humane blåsarar ein putrande el-gitar, og både Van Morrison og Dan Penn luskande i nabolaget. I eit anna nabolag finn ein Rogers Park. I enden av einsemdas gater, blant øydsla sjansar og knuste draumar, under ein dunkel måne, i ein død by. Ein eller annan gong for lenge sidan kunne Bruce Springsteen ha laga ein song som denne. Ein ballade som denne. Med eit piano sentralt plassert, i eit vemodig, vakkert og romslig bilde. Nå er det ein Earle som gjer det.

Sånn rett før gospelkoret tek seg ein liten tur innom att, på den beste Earle-plata sidan Guitar Town.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


The Lionheart Brothers - Matters Of Love And Nature

(Racing Junior)

Steget fra de perfekte poplåtene til de perfekte antipoplåtene er kortere enn man skulle tro.

Flere:

Arve Henriksen - Chiaroscuro
Giant Sand - proVISIONS