cover

Friendlier Up Here

The Aftermath

CD (2009) - Live Transmission Records

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Britpop / Mod / Poprock / Powerpop

Spor:
Are You Not Wanting Me Yet?
I Wish My Love Would Die
Northern Lingerie
All I Want Is For You to Be Happy
One Is Fun
Overlooking Paris
Up & Down WIth the Aftermath
Need
There's a Darkness
Hollywood Remake
Dejection
Joyful Mystery
Six Days to Saturday
Song of a Graveyard

Referanser:
Kaiser Chiefs
Supergrass
The Electric Soft Parade
Oasis
Stereophonics
Super Furry Animals
Catatonia
Coldplay
Echo & the Bunnymen
Snow Patrol
Dexy's Midnight Runners

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Keltisk 'britpop' med potensiale

Eit nytt skot på stamma i den stadig veksande bandjungelen på øyane vest i havet.

The Aftermath viser stort potensiale på debutplata. Her er det mykje å glede seg over for kjennarar av britisk poptradisjon, men samstundes også mange ting som kunne vore gjort betre.

Irske The Aftermath er eit nytt skot på stamma i den stadig veksande bandjungelen på øyane vest i havet. Bandet blir lansert med brask og bram som "noe så uvanlig som irsk britpop". Slik denne meldaren ser det er det å tøyge det litt langt. For dette er ikkje reindyrka britpop slik me kjenner det frå 1990-talet. Ei er det heller særleg 60-tallsinspirert. The Aftermath blandar snarare element frå britpop, psykedelia og powerpop. Den mest slåande referansen som slår lyaren er nok at dette til tider let veldig likt Kaiser Chiefs, som tilfeldigvis er nære vener av bandet i følge deira MySpace-profil. Nokon gonger må ein nesten sjekke coveret ei ekstra gong berre for å vere sikker. Dette dreg heilskapstrykket ned noko, diverre. Det er synd at eit band som heilt tydeleg har store musikalske evner var litt meir originale i låtskrivinga og arrangeringa.

Dersom me legg dette til side så skal det seiast at Friendlier Up Here er ei riktig så gild plate. Det som framfor alt er eit pluss er at framføringa er solid heilt til botn. Vokalist Justin Cronin har ei passeleg røff stemme som er behageleg plassert i lydbiletet. Bandet forøvrig er solide instrumentalistar som, saman med eit vell av gjestemusikarar, skaper eit massivt lydlandskap. Karl Odlum, hovudprodusenten på albumet, skal også ha stor skryt for å ha skapt ein uvanleg luftig og storslagen produksjon. Til tider minner det mykje om Brian Eno på sitt beste, sjølv om det ikkje er heilt der endå.

Platas aller sterkaste spor er utvilsamt singelen Northern Lingerie. Dette er ein lettbeint poplåt med eit jingle-jangle riff som ville fått sjølvaste Lee Mavers til å gni seg i hendane. Eg er viss på at denne ville ha kome høgt på listene under Britpop-hysteriet i 1995. Diverre for The Aftermath er det ikkje denne typen musikk som gjer det best på listene om dagen. Likefullt, dette er ein song som føyer seg fabelaktig inn i ein britisk tradisjon der melodien og harmoniane står i fokus. Northern Lingerie fortener mykje radiospeling.

Andre perler ein kan nemne er den Supergrass-aktige One is Fun, som med eit intenst driv og ein god beat klokkar inn på snaue tre minuttar. Ei veldig smart vitaminpille midt i eit album som byrjar ganske mid-tempo. Det kanskje mest originale sporet på skiva er den vakre Overlooking Paris. Justin Cronins dempa og slentrande stemme, i fabelaktig dialog med parisertrekkspelet som Guy Rimbaud handterer på ein overbevisande måte, gjer at dette er ein song som vekker assosiasjonar til den franske chanson-genren. Både arrangementet, framføringa og produksjonen sømer bandet og det er å håpe at dei gjer fleire songar i denne stilen på komande album.

Etter desse toppane taper albumet seg ein smule. Up & Down With the Aftermath er ein meiningslaus 41 sekundars kakofoni som ikkje gjer anna enn å irritere. Need er ein song som ikkje går nokon plass og There's a Need er eit teenybopper-nummer som hadde passa betre til Hannah Montana enn eit seriøst og hardtarbeidande band som dette. Heldigvis reddar dei seg inn på ein god måte mot slutten. Dejection er ei vakker poplåt som kanskje let slik et mindre produsert Snow Patrol ville ha låte. Dette er ein song som absolutt har potensiale som ein av bandets framtidige singlar.

Dersom ein skal konkludere kan ein difor seie at The Aftermath har gjort eit relativt heilstøypt album. Som debutalbum seg hør og bør er det både høge toppar og djupe dalar. Det er ikkje til å kome frå. Bandet har ein veg å gå med å finne seg ein eigen stil. Likevel, det er svært få artistar som lagar sitt magnum opus på første forsøk. Dette er absolutt ein gjeng med stort potensiale som det vil bli spennande å følge framover.

Eit godt knippe låtar gjer at dette trygt kan anbefalast til elskarar av britisk popmusikk.

Artikler, nyheter


Genesis 1969-1977

En kort gjennomgang av Genesis sine mest sentrale plater i perioden 1969-1977, av Geir Levi Nilsen

Groovissimo


Prince - One Night Alone ... Live!

(NPG Records)

Prince har aldri vært i bedre konsertform enn på One Night Alone-turneen i 2002. Mannens storhet presenteres over hele tre skiver.

Flere:

Saint Etienne - Smash The System - Singles And More
The National - Alligator