Meistermøte på trappene

Samarbeid mellom Paul McCartney og His Bobness?

Relaterte sider:

Bob Dylan

Paul McCartney

Det meldast av den britiske avisa Daily Express at eit skikkeleg meistermøte kan vere under oppsegling. Sjølvaste Paul McCartney og Bob Dylan har møttes i California nyleg og rapportar skal ha det til at dei har sett av tid til å lage musikk saman allereie i sommar.

Bob Dylan har dei siste par åra gjentekne gonger uttrykkt stor entusiasme og ærefrykt kring McCartney som låtskrivar og eit ynskje om å jobbe saman med han. No kan det altså sjå ut til å gå troll i ord.

Timinga vil i så fall vere alt anna enn dårleg. Bob Dylan nyt stor suksess med sitt nyaste album Together Through Life om dagen. Det toppa både Billboard-lista og The UK Album Chart i si første veke i handelen. Samstundes har Paul McCartney hausta gode kritikkar for albumet Electric Arguments, utgitt saman med superprodusent Youth under namnet The Fireman.

Musikkhistorie kan difor skrivast. Bob Dylan har som kjent tidlegare jobba med ex-beatlen George Harrison i Traveling Wilburys. McCartney og Dylan har derimot aldri spela inn noko saman.



comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Samara Lubelski - The Fleeting Skies

(The Social Registry)

En makeløs ode til naturen, som bergtar og forvirrer.

Flere:

Marissa Nadler - Little Hells
Pow Pow - Last Days On Earth