Prince i italiensk farse

The Most Beautiful Girl In The World kan bli skvisa ut frå den italienske marknaden.

Ein av Prince sine signaturlåtar, The Most Beautiful Girl In The World, kan rett og slett forsvinne frå italienske platehyller i framtida, melder NME.

Plagieringssaken, som først no har fått noko internasjonal merksemd, har visstnok vore ein gåande føljetong i Italia sidan 1990-talet. Den 9. januar i år slo ein domstol fast at sporet “låner veldig mykje” frå songen Takin’ Me to Paradise frå 1983 av Bruno Bergonzi og Michele Vicino.

Bergonzi seier, i følge Billboard, at då dei høyrde Prince sin song tok dei umiddelbart affære. Grunna tregheten i det italienske rettsystemet har det likevel teke over 15 år å kome fram til denne dommen.

Sjølv om ein endeleg høgsterettsdom er naudsynt for å gjere dommen rettsleg gjeldande, er det stor fare for at Prince må trekke all distribusjon av songen i Italia. Det kan også bli aktuelt at han må betale attende royalties til Bergonzi og Vicino.

Det har ikkje kome noko reaksjon frå Prince og rettighetshavarane hans endå.


comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


The Sea and Cake - Everybody

(Thrill Jockey)

Når værgudene svikter er det godt det fins band som The Sea And Cake.

Flere:

Neurosis & Jarboe - Neurosis & Jarboe
Beatnuts - Classic Nuts Vol. 1