Stein Torleif Bjella - Heim For Å Døy

- Nei lystelig er det definitivt ikkje, men like fullt ein ny porsjon med ganske så udødelige viser. Les Berges fyldige omtale av mesterlige Heim For Å Døy her.

Relaterte sider:

Stein Torleif Bjella

Album: Stein Torleif Bjella - Heim For Å Døy (Oh Yeah! 2013)

Dette blir berre verre og verre. Heim For Å Døy du. Den er då brutal. Og ikkje er det slik at innhaldet bakom tittelen akkurat prøver å slå på lyset heller. Ifrå Undergang til Mayhem Heime, ifrå eit Ubrukt Liv til ein Taus Manns Tale er dette låtar som ransakar dei meir mismotige tankar og opplevingar eit menneske kan dra på seg. Her representert med hankjønnet, og hans syn på seg sjølv, sine skortande kommunikative evner, si klønete handtering av mellommenneskelige tilhøve, og damelengselen (og annan lengsel) som fylgjer i kjølvatnet. Med mindre opning for håp enn kva Stein Torleif Bjella har forfekta på sine to første plater. Ikkje dårlig.

Til å fylgje seg på vegen har Bjella leigt inn dei same kreftene som har vore med han før. Kjartan Kristiansen er produsent, og spelar på fleire strenger enn tidlegare, elektriske også. Geir Sundstøl spelar på endå fleire. Marita Vårdal Igelkjønn musiserer inn litt tangentbasert klang. Medan kontrabassen plassert i henda på Eirik Øien og Tor Egil Kreken grev djupt, svartare enn blått, og dirrar faretruande.

Men Michael Blair har ikkje vore med på dette før. Det vil seie han har vore med på litt av kvart den fyren. I lag med Tom Waits på fleirtalet av hans beste plater. Og han har gjort tonar gode og utrygge saman med Lou Reed, John Zorn, Elvis Costello og fleire med. No er det altså Bjella sine som har fått litt pisk frå Blair sitt slagverk og marimba. Eg kan ikkje høyre at dei har tatt alvorlig skade av det.

Alle har vel då fått med seg at denne plata har meir lyd i seg enn sine føregjengarar. Meir blues har den også. Utan at eg skal gjere noko større nummer utav det. Plata er, i fylgje opphavsmannen, avslutninga på ein trilogi. Og eg har ingen vanskar med å høyre at den plasserer seg ved sida av Heidersmenn og Vonde Visu. Både sonisk og tekstlig. Bjella si høgst personlege visesjel har solid bustad i desse songane også.

Tolv songar der eg kan bli freista til å tenke (slik eg har tenkt om songane på dei to andre platene til mannen) at orda er den vesentligaste faktoren. Slik er det ikkje. Dette er ikkje dikt som utan vidare hadde klart seg på eiga hand. Dei treng tonen, og dei får den. Ein tone som snirklar og luskar tett inntil, som er ein kamerat som talar same språk, som gjer sitt beste for å forstå, som tenkjer at den kan vere til nytte, og er det.

Tolv songar som med sitt forteljande vesen har eit vel så sterkt slektskap til novella som det dei har til diktet. Med akkurat så mange ord som trengst skildrar Bjella ein situasjon, ei oppleving, ein tilstand. Ikkje overtydelig, men heller ikkje utydelig. Bilde, som minnar meg om det slaget eg kan få når eg les ei novelle dannar seg, og eg driv inn i stoffet. Inn i songar som er lokalt forankra i eit Hallingdalsmiljø, men som er ganske så universelle.

Elleve songar om å kjenne seg einsam og neglisjert. Nokre gonger fortvilt åleine, andre gonger i ei trykkande tosemd. Ved eit høve seier Bjella det heilt utan ord, berre med strenger (Taus Manns Tale). Færrast strenger sluttar seg til han når han syng om Rottu I Hjarta. Då er det berre songaren og ein akustisk gitar. Og linjer om anger og ei uuthaldelig lengt, og ei erkjenning av å stadig støyte kvinner frå seg med sine rotfesta usympatiske personlegdomstrekk ("det bur rottu i hjarta mitt, dei er kje råd og bi kvitt"). Ein annan karakter med usympatisk trekk dukkar opp i Helsing Judas. Songens hovudperson vedkjenner seg at han ikkje var god for nokon. "Eg laug sjelen fin, rosemåla verden min …… det eg sa vog ingenting, som fuglepust i vind …. smadra løfti som glas". (Så kan ein kanskje hevde at det at hovudpersonen innser sine usympatiske trekk er formildande, både når det gjeld rottesongen og judassongen? Ja eg trur det. Og eg endar derfor opp med å synast meir synd på vedkomande enn å kjenne ein antipati mot han). Bjella syng forresten ikkje Helsing Judas åleine, han får selskap av den vene røysta til Maria Due. Ilag vartar dei opp med tonar som snik seg like varlig ikring som galante syndarar.

Den stridigaste lyden tumlar gjennom Mayhem Heime. Ein elektrisk gitar svir av nokre desperate riff, og eg tenker bluesrock. Bjella syng om å "spela sørgemarsj på stereon" og å leve i det uhandterlige vakuumet etter ho som vart "forsynt tå mayhem heime". Ein fyr med ganske så likedanne opplevingar klagar sin nød i Undergang. "No kjem det tomme i tunge velt, som godstog jøno hogstfelt" lyde den bilderike første linja. "Det tomme" det er det som vart att etter ho som "kom med undergang" og alle dei andre som har flytta ut. Vår mann går for tida og "vasa i nedlagte bruk" medan han etter beste evner prøver å døyve ei rastløyse som er i ferd med å ta styring over forstanden hans. Løysinga, i alle fall midlertidig, er denne: "For å få luft og lys gjekk eg te vatnet i dag, og heiv stein på stålis, det sang som paukeslag". Nydelig.

Andre lever framleis i ei tosemd (i alle fall om ein ser litt stort på det). Og så har dei ein bil. Den kan komme til nytte. For då kan dei jo ta ein biltur i lag dei to (til Ivar som "flutte heim te Hokksund"). Ja ikkje berre ein tur, men ei utflukt som "kan bi vår nye start, på noko som ska bi stort". Slike tankar tenker hovudpersonen i Halde Maska. Han maktar ikkje lenger den store stilla som har lagt seg over ekteskapet, han kjenner ei fortviling over kjærleiken som har rent utav det. No gjer han eit framstøyt (eit siste) og syng sitt refreng. "Eg og vil seile på kjærleikens sjø, ankre upp ved ei øy, å halde maska er å døy".

Bil har også karen i Separate Sinn. Korleis det står til med tosemda er noko meir uklart. Han har sett folk le og kalle han for skrotnisse. Han kan ikkje akseptere at det er slutt med henne. Han har høyrt "koss småting kan endre på eit liv", så han tok likegodt "te høgre i krysset og køyrde vestover i bil". No står han, på andre dagen, og kikkar mot døra der ho bur, "og det er fortsatt stagnasjon". Det har låst seg, han finn ikkje nøkkelen, og om han skulle finne den er det vel mest sannsynleg at låsen er bytta ut. Så "kan nokon gripe inn, du har din måne, eg har min, separate sinn". Platas einaste strykarkolorering prøver å døyve litt av smerta, i ein song eg har bokført som eit essensielt Bjella-augeblikk.

Før plata kom singelen. Idiotisk Einvegslove. Med rytmisk driv, feber og snerr. Og nei, kjærleiken funklar ikkje i denne heller. Som tittelen fortel gjekk den i grunn berre ein veg. Ho ytte aldri tilbake slik han tenkte ho skulle gjere. No er det slutt, han er meir sint enn sår. For "koss kan eg føle meg snytt, du va alder i livet mitt, koss kan eg miste gong på gong, ein som alder kom … eg låg vakjin når du sov, idiotisk einvegslove".

Nokre av mennene er også fedre. Ein av dei stemplar livet sitt som eit Ubrukt Liv. Han prøvde å føre sonen sin inn på kunst- og kultursporet. Poesisporet. La bort eigne diktarambisjonar for papparolla. "Ville guten skulle sjå, kunstens indre vesen, eg la vekt på Olav H". Det gjekk skeis. Så no sit han der, "unaturleg blid", og drar den smertelige konklusjonen at han burde ha satsa på den boka si i staden. Ein annan far har satsa på Gud. Satt sin lit til Gud. No har han mista sonen sin i ei bilulykke. Tilliks med Bibelens Job spør han sin gud kva meininga var med det. "Var han din Yndlingsengel"? I ein song med eit saktmodig bluegrassprega gospeluttrykk.

Eg nemnte at plata hadde elleve songar om å kjenne seg einsam og neglisjert. Eg heldt ein unna. Modningsangst. For den er annleis. Den kjem til slutt, og er fire vers om fire gitarar, og litt anna. Målt mot resten av plata har den eit nesten lystelig preg. Låtskrivaren er glad i gitarane. Han har ingen tankar om å svikte dei, og best av alt, det er ingen grunn til å tru at dei vil svikte han heller. Bjella nyttar samstundes høvet til å rette eit lite skråblikk på seg sjølv og sine songar.

Eg har ein gitar i kjellaren
eg ikkje veit kor kjem ifrå
eg veit eg vil alder selge han
det er den eg skriv sanga på
dei kjem frå dalen bakom
og bi ofto litt for tung
sentimental sagastil
i tilfelle du va i tvil

Og når modningsangsten for alvor drar seg til stemmer også Maria Due i, og saman syng ho og Bjella om verdien av å ha "ein gitar å halde i, so skallen fær litt fri". Litt "trøyst og melodisk sus" altså, for å låne ei linje frå eit dystrare augeblikk på plata. Eg kan ikkje seie anna enn at eg synst det er ein fin måte å avslutte plata på. For etter elleve songar utan spor av happy ending kan det jo vere greitt å gje tristessen og døden ein aldri så liten kilevink. Sånn i all vennskapelegheit. Utan at eg vil gjere meg til talsmann for at tonen etter trilogien bør bli lysare. Nei det vil eg ikkje, for det meiner eg ikkje. Og kven har forresten sagt at det berre skal vere tre plater i ein trilogi?


comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo