14. desember: London Calling

Revolt, paranoia og pur rock’n roll: Vi minnes at det i dag er 30 år siden The Clash utga sitt mesterverk London Calling.

”London calling to the faraway towns

Now that war is declared - and battle come down
London calling to the underworld

Come out of the cupboard, all you boys and girls”


Ein tidleg kveldstime midt i adventstida i 1979 vart eg kraftig forstyrra. Ein intenst pågåande og pulserande rytme, nokre stakkato gitarfigurar og ei utemja røyst storma utav radioapparatet mitt. Dei fòr ikkje forbi. ”Dette, dette ... DETTE..!”, eller noko i den duren tenkte eg. Eller, eg trur ikkje eg tenkte. Eg følte, eg kjente, at dette, dette var ... farlig galskap. Og den var på veg rett gjennom meg.

”I never felt so much alike, alike, alike...” avslutta songaren, og låta gjekk i oppløysing. ”The Clash” sa mannen på radioen, og ”London Calling”. Eg gjekk inn i ein tilstand av rastlaus lengsel. Etter meir, og det fort. Slik lengt var ikkje så heilt enkel å tilfredsstille i dei dagar, i alle fall ikkje på mine rurale trakter. Det vart eit nytt år før ventetida var over, og eg hadde denne kassetten med det tøffaste coveret eg nokon gong hadde sett i henda.

Der og då var eg ikkje i den situasjonen at eg hadde høyrt The Clash før. Punk var eg kjent med. Så vidt. God Save the Queen og Suspect Device. Men The Clash hadde altså vore midt oppe i det same, utan å nå meg. Uforståelig nok. For dette, dette var jo heilt overlegent.

Slik ser eg det framleis.

The Clash hadde vore eit band i godt og vel tre år då dei gav ut London Calling. Gitarist Mick Jones hadde før den tid protopunka rundt med bandet London SS. Paul Simonon hadde prøvd å bli songar i bandet, Terry Chimes trommis. Ingen av dei blei tatt inn i varmen. London SS braut saman tidleg i 1976. I løpet av dei neste månadane samla Jones, og manager Bernard Rhodes, i hop folk til eit nytt band. Tidlegare avviste Chimes og Simonon vart kontakta og blei tildelt tromme- og bassansvaret, Keith Levene vart gitarist nummer to. Men ein som kunne synge, verkelig synge, det var det litt verre å finne.

Eit rykte om dei utemja kvalitetane til songaren i pubrockbandet 101’ers, den nokre år eldre Joe Strummer, hadde imidlertid nådd dei. Så han vart oppsøkt, i løyndom etter ein konsert, og fekk spørsmålet; ”vil du spele punk i eit band som har tatt mål av seg å rivalisere med Sex Pistols”. Svarfrist; kort. Men så lang tid trong han ikkje. Han hadde spelt sin pubrock, han hadde sett Pistols, han var klar.

Londonpunken var i ekspansjon. Og lyden av den på veg mot vinylrillene. I oktober 76 gav den uavhengige labelen Stiff ut singelen New Rose med The Damned. Nokre veker seinare kom Sex Pistols med Anarchy in the UK, på den ikkje fullt så uavhengige labelen EMI. Kapitalen hadde byrja lukta lunta. I januar 1977 dyppa CBS pennen i blekkglaset og fekk namnetrekka til The Clash på ein platekontrakt. Ein kontrakt The Clash skulle bruke resten av åra sine på å freiste frigjere seg ifrå.

”Punken døydde den dagen The Clash signa med CBS”, stod det å lese i den renommerte punkfanzina Sniffin’ Glue. Fleire månader før både Never Mind the Bollocks og The Clash sitt sjølvtitulerte debutalbum. Med tanke på den uflidde og innflytelsesrike energien som reid desse platene, kan det vere litt vanskelig å seie seg heilt samd med fanzina. Men inne på noko var dei. For opprøret var fanga (om det då ikkje var sett i spekulativ scene frå første akkord, av ein viss McLaren), og skulle fort bli ganske så konformt.

Fanga eller ikkje, kapital eller ikkje, friskt var det. Friskt, nødvendig og reinsande.Ei lita stund. Rocken fekk ei stimulerande innsprøyting i det som var blitt ein noko kraftlaus muskulatur.

Men dei energiske uflidde og kortklipte punkarane byrja kivast. Keith Levene hadde forsvunne på hovudet ut av The Clash allereie hausten 76. Då Sex Pistols tok kvelden slo han seg saman med Johnny Rotten og danna Public Image Ltd. Året var 1978, og punk vart til Postpunk. Men ikkje The Clash.

Dei spelte inn plate med Blue Oyster Cults Sandy Pearlman som produsent. Turnerte USA. Vant eit publikum, og fekk stadig eit og anna spark på leggen av ”sanne punkarar”.

Kor tid punken verkelig døydde er det så ymse meiningar om. Men den døydde ikkje med The Clash (då bandet gjekk i grava på lite ærefullt vis, med Cut the Crap i 1985, hadde både punken og dei for lengst dradd sitt siste andedrag). Med London Calling tok dei punken inn i eit større bilde, som ikkje var punk slik ein kjente den, som ikkje var postpunk slik ein var byrja å kjenne den, men som var eit arsenal av eksplosiv rytmikk, strålande melodikraft og sterke meldingar. Det var berre The Clash som høyrdest sånn ut i 1979. Ingen andre har gjort noko liknande sidan heller. Sjølv om det har vore dei som har prøvd.

Anarkismen og nihilismen som låg i botn for punkbevegelsen vart ikkje omfamna av The Clash. Dei var sosialistar, og vel så det. Særlig Strummer, han kunne finne på å dukke opp med t-shirter som bar slagord til støtte for venstreorienterte terroristorganisasjonar som Baader Meinhof og Røde Arme. Men nokon flaggviftande agitator var han aldri. Han var den ståltøffe og vitale frontfiguren i eit raudglødande punkband som kjapt vaks seg ut av dei trongaste punkbuksene. Eit band som langs vegen plukka opp reggae, ska, jazz, rhythm & blues og rock’n roll. Og som derfor hadde så mykje gåande at det tredje albumet måtte bli dobbelt.

Det ultimate rock’n roll fotografiet som er framsida på London Calling, vart knipsa under ein New York-konsert nokre månader før plateutgjevinga. Det er bassisten Paul Simonon som er hardhendt med instrumentet sitt. Bandnamn og tittel er designa på same vis som på Elvis Presley sitt debutalbum. På baksida er det eit par bilde til frå USA-konsertar. Så jodå, dei hadde så absolutt vore i USA. Dei hadde rista laus punkramma, men dei hadde tatt vare på energien. Tatt vare på den, og tynt låtskrivarteften sin til eit maksimum.

Til å produsere London Calling hanka bandet inn bysbarn Guy Stevens. Ein fyr som hadde vore rundt den engelske rockescena sidan tidleg på sekstitalet. Som konsertarrangør, platepushar, dj og produsent. Ein kunnskapsrik og vidsynt mann som nok gjorde sitt til at plata fekk sin vide vinkel. The Clash har i alle fall kreditert han mykje av æra for London Callings triumf (då Stevens døydde eit par år etterpå laga dei den nennsame songen Midnight To Stevens til han).

”London’s burning with boredom now” song The Clash eit par år tidlegare. Og det handla vel mest om ungdommelig rotløyse og outsiderrolla. ”London is drowning – and I live by the river” lyde det på tampen av 1979. Den store verdsmotoren har fått feil smurning, krigen er kald, våpna vert stadig heitare, og vatnet det stig. Heile eksistensen er eit dirrande løpsk urverk på veg mot midnatt. ”The ice age is coming, the sun is zooming in”. Apokalypsen er på veg mot ein himmel nær deg. Og The Clash har laga soundtrackets hovudspor. Ei rockelåt så eksplosiv, så brutalt pågåande, så dynamisk treffsikker at den tar evig bustad i sentralnervesystemet. Eit tittelspor ingen gløymer.

Og høyr kor Strummer syng. Korleis han kastar seg over songane og trenger på innsida av dei. Utemja og med overtydande autoritet. Ein glupsk ulv. Men også ein blottstilt ulv. Ein som kjenner både fortvilinga, forvirringa og melankolien strøyme gjennom systemet.

Han vart fødd John Graham Mellor. Han er ein helt. Han er ein antihelt. Han er ein Elvis Presley med revolt i blikket. Han er ein James Dean aust for Eden. Han er tøff. Han er bildet av Marlon Brando på motorsykkelen i The Wild One. Han er sårbar. Han er bildet av Marlon Brando på kne i On the Waterfront. Han talar til dei undertrykte, og dei resignerte. Han er bildet av Che Guevara på ein vegg i Managua.

Han er Joe Strummer, ein av dei beste rock’n roll-songarane, ever.

Utan Strummer ikkje noko Clash. Men det hadde det ikkje vore utan Topper Headon (som tidleg overtek stikkene etter Terry Chimes) si frenetiske og sterkt musikalske tromming heller. Eller utan Paul Simonon sin primitivt pulserande bass. Og slett ikkje utan Mick Jones sitt nærverande gitarspel, frå rått energisk til drivande melodiøst.

Og aldri var dei betre enn på London Calling.

Aldri hadde dei famnen like full av glødande låtar som tilfelle er på London Calling. Låtar som alle har sitt preg, sitt mønster, sitt tema, sin energi. Men som ikkje dreg i kvar sin retning. Dei dansar same dansen, og skaper ein dryg time tettpakka og evigvarande rock’n roll.

Aller mest minneverdig, ved sida av tittelsporet, er den skarpt rockande, melodisk flammande, og antiautoritære Clampdown. I motsetnad til undergangsstemninga som rår tittelsporet handlar denne om ei framtid. Om enn inga problemfri framtid. Slett ikkje. Det vert helde fram bilde av diktatoriske, hjernevaskande og rotne regime:

”We will teach our twisted speech

To the young believers

We will train our blue-eyed men

To be young believers”


Innimellom og i etterkant av desse bilda oppfordrar så songaren den unge generasjon om å ikkje bli ein del av det store maktstyrte tannhjulet. Samstundes formanar han dei om ikkje å kaste bort livet sitt. Om ikkje å resignere. Om å stå opp, finne ei meining, og bli noko. Men er det mogeleg utan å trakke på andre? Står ein ikkje då i siste instans i fare for å bli ein del av den korrumperte makta?

”You grow up and you calm down
You're working for the clampdown

You start wearing the blue and brown

You're working for the clampdown

So you got someone to boss around

It makes you feel big now

You drift until you brutalize

You made your first kill now”


Så er det eigentlig nokon vits? Illusjonsløysa kjem krypande, og utfordrar kamplysta.

”But ha! Gitalong! Gitalong!”

Appellar om å gravleggje fatalistisk tankegods, og å ikkje bli heilt oppslukt av dagdrivarlysta er sentralt i fleire songar på albumet. På sitt kanskje mest ytterliggåande i Four Horsemen. Der det med kraftfull melodi i bringa og dynamikk i stega vert gitt åtvaringar mot å sette seg sløvt tilbake, og vente på at livet skal danse inn på eit levelig spor. Sånn heilt av seg sjølv. Eller ved hjelp av andre. For då er nok sjansen stor for at det er dei fire hestemennene som kjem forbi, og plukkar deg opp. Og dei vil deg ikkje vel. Dei vil fortære deg.

”Sing Michael Sing” oppfordrar Strummer i første linje av Rudie Can’t Fail. Eit driftig og medrivande ska-mønster kjem deretter sprettande, og historia om ein sjølvsikker og smart fyr vert fortalt. Så smart og så opptatt av å berre skvise det morosame utav livet er han og hans venner, at dei til slutt sannsynlegvis sit der og ikkje ser så altfor smarte ut.

Den verkelig store illusjonsløysa dukkar opp i Death or Glory. Der The Clash i rungande Springsteen-slekta rock’n roll drakt fortel om korleis folk vil at livet skal fortone seg som eit glitrande føretak, medan det i røynda handlar mykje om snubling og tvilsame handlingar. ”It's been tested by research, that he who fucks nuns will later join the church”.

Det er Strummer og Jones som er The Clash sitt svar på Lennon/McCartney, eller Jagger/Richards. Men ved eit høve slepp bassist Paul Simonon til som låtskrivar. The Guns of Brixton heiter låta. Og i ein struktur som både har noko truande og noko lakonisk over seg, fortel han historia om eit sosialt opprør. På verknadsfullt vis.



Ved tre høve har dei henta inn låtar frå anna hald. Reggaelåta Revolution Rock, Rockabilly-saken Brand New Cadillac, og Wrong ’Em Boyo. Den siste eit blåsarinfisert og heftig souldansande nummer, der myta om Stagger Lee står sentralt. Ein figur som i det afroamerikanske miljøet har ei rolle som spenner frå det lystmorderske via det opprørske til det forguda. Han skulle passe bra inn på London Calling med andre ord.

Det gjer Jimmy Jazz også. Ein smågangster, på flukt frå både politi og røvarar. Historia om han vert fortalt til dei blåaste mest tilbakelente tonane på plata. ”Sattamassagana for Jimmy Dread”. Ein hengslete og cool Waits-slekta liten rakkar. Frå eit heilt anna sonisk hjørne kjem The Card Cheat. Eit Spectorsk stykke vegg til vegg musikk om å bli lurt og lure, i både større og mindre målestokk. Ganske så fri for lureri og sonisk langt meir primitiv er The Right Profile. Ein intoksikert og drivande soulpunksak om den legendariske skodespelaren Montgomery Clift. ”That’s ..... Montgomery Clift, honey”. Driv er det også over Spanish Bombs. Den catchy, men samstundes veldig vemodsfarga Spanish Bombs. Der den spanske borgarkrigen dannar eit uroskapande bakteppe for nyare bombenedslag, og ei skjør kjærleiksaffære.

”Spanish bombs
yo te quiero infinito
yo te quiero oh mi corazon”

Kjærleikssongar gror det på ingen måte over av på London Calling. Det nest næraste ein kjem er Lover’s Rock. Ein reggaerocksak der Strummer slår eit slag for å ikkje spreie sæden sin i uvørne former, for kanskje ”she forgot that thing that she had to swallow”. Heilt til slutt, og ganske så uannonsert (i alle fall i dei tidlege utgåvene av albumet) dukkar så Train In Vain opp. Rytmen vert både dunka og klappa, og er rett så swingande, Mick Jones er hovudvokalist, og kjærleiken har hamna på feil spor.

Med London Calling er The Clash aldri på feil spor. Ikkje berre er dei på rett spor av eit meisterverk. Dei effektuerer eit. For 1979, for 2009, og for all framtid.


comments powered by Disqus

 



2009-12-14Hallelujah!

For en artikkel - og for ei plate!
London Calling er og blir en klassiker, og det er med stor stolthet jeg bærer min t-skjorte av det ikoniske platecoveret.

Endre Kvam
2009-12-14For ein skribent

Oddmund, du er ein suveren skribent. For meg er du på høgde med Frode Grytten. Eit litterært smelteverk av eit poetisk språk og utruleg kjennskap til musikk, det er det denne teksten er.

Oddmund Berge
2009-12-15Takk

Takk til Silje og Endre for vennlige ord.
Gode plater inspirerer, og slike tilbakemeldingar også.
(Men eg veit no ikkje heilt om eg kjenner meg kapabel til å levere stoff på nivå med Bikubesong og Popsongar).

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo