PLATEOMTALE: Bonnie Prince Billy - Wolfroy Goes To Town

- Det er ikkje mykje bråk på den siste plata til Bonnie Prince Billy, men her er uro, og flust av meisterlige songar.

Så er det årlige albumet til Bonnie Prince Billy her. Denne gongen i rosa omslag, og med eit knippe låtar som etterlet seg eit temmelig så spartansk inntrykk. Men rosa er det berre utanpå, inni er det svart. Og spartansk er ikkje synonymt med nusselig om noko skulle falle for å tru det. Ta heller då ein smak på tittelen; Wolfroy Goes To Town. Nemlig, ulven er på ferde, igjen.

Det har den vore ofte. Ei av dei mest klassiske linjene i heile Bonnie Prince Billy sitt livsløp lyde slik: "Why can't I be loved as what I am, a wolf among wolves and not as a man among men". Og han har opptrett som både Superwolf og The Signifying Wolf. Han har stira inn i mørket, og høyrt ulven skrape på døra. Han har hatt ulven djupt i seg, og kjent seg som "an evil one". Han har hatt den i hælane, og han har jaga den bort. Men han har aldri blitt ferdig med den. I år kallar den seg Wolfroy, men det er berre utanpå, inni høyrer eg den aldri bli omtalt med det namnet. Der heiter den helst "I" eller "we".

Kva songane her har lyst å fortelje sit eg ikkje pr i dag med eit detaljert og ferdig svar på. Eg kjenner meg sant å seie ganske så langt unna å ha eit ferdig svar på det. Men dei har poesi i seg, det merkar eg, og spenning, kjenner eg, og mystikk, og ei mistru til at det går an å komme rakrygga og levande i frå dette her. Frå denne byturen han har gitt seg ut på, eller tilværet om du vil.

Ulveframferd av typen uling og gauling er sjølvsagt heilt fråverande. Denne ulven luskar og smyg mot målet, men vondt kan den bite. Både mot gud, djevel, venn, fiende, lykka og kjærleiken. Og glefsande kan den formulere seg, og nokså upålitelig. For den er som vi veit seg sjølv og sine lyster og sin svolt nærmast ulven. Det same kan vel seiast om dei han har sine rendezvous og samanstøyt med igjennom plata. Dei er av ulveslekt dei med, trur eg. Slikt kan det vanskelig bli oppbyggelige og trygge songar utav. Det blir det naturligvis ikkje heller, men Billy har invitert med seg ein engel til å gje tilhøva ein annan dimensjon enn kva han hadde klart berre med si eiga røyst.

Angel Olsen. Frå Chicago. Syng er alt ho gjer, men det gjer ho. Langt i frå heile tida, men når ho smett innom så skjer det eit eller anna. Kveikjande, glødande, eggande. Slike ting. Viktige ting. Plata hadde ikkje vore den same utan Angel Olsen si røyst.

Dei fem andre Billy har med seg er alle menn. Nokre har spelt med han fleire gonger. Slik som gitaristen Emmett Kelly. Han og dei andre spelar stort sett varlig, og syng litt harmoni. Til tonar og linjer som tar seg den tida som trengst. God tid.

Det opnar i pur countryskapnad, og med ein tilsynelatande audmjuk songar. "I'm no match for honest men" syng han. Sjølvransakande? Nedkjempa? Vel, kanskje ikkje heilt. Etterkvart reiser han seg og hevdar at det også er saker og ting som er lett match for han. "Those dreams" for eksempel. Og gud. Gud er god, og gud er dårlig. Men "bad god leaves us free", og det er vel i grunn best, høyrer eg Billy tenke. Det er ikkje den einaste songen der gud får seg ein kilevink og to. "God isn't listening" lyde det i Time To Be Clear, sånn like før Angel Olsen tar eit ordlaust "dara-dara-dam"-tak i songen. Medan Billy i den alt anna enn oppløftande We Are Unhappy nokså nådelaust slår fast at "faith is destroyed, emptiness showing god's cruelty deployed".

I Quail And Dumplings derimot får gud eit betre skussmål. Saman med ein gjeng lakeiar vert han her omtalt som "our bosom friend", ein det kjennes greitt å lengte etter, ein kvinnelig gud vel å merke. Og platas kvinne, Angel Olsen, syng sine aller sterkaste linjer. Eldfull og freidig, stiller ho spørsmål med menyen, men konkluderer til slutt lakonisk: "Fuck birds in bushes! Let's take em in hand!". Sånn rett før Billy sjølv kjem opp med fylgjande statement: "Weather ain't judgement and money ain't love, the crimes of a criminal ain't dealt from above". I ei låt som er utstyrt med albumets mest livfulle og melodisk tilgjengelige oppsyn.



Melodisk lett tilgjengelig er ingen gjennomgansmelodi for plata. Dei må vel heller seiast å ha eit noko marginalt tonalt vesen dei fleste låtane. New Whaling til dømes, der Billy i eit smalt toneleie står fram som ein djevelsk skapnad som har gjort ende på både det eine og det andre som har kryssa hans spor. Innimellom Billys dystre sjølvrapportering dukkar så Angel Olsen og eit par herrar fleire gonger opp med eit harmonisk "So far and here we are". Særdeles effektfullt, og på alle vis nyttig for låtas endelig fasong.

Platas mest siterte linje er "as boys we fucked each other". Ei slik ei som Billy plar dra fram iblant. New Tibet heiter songen, og "fucked" slik denne låta etterkvart fer i veg tolkar eg har meir med slåssing og faenskap enn med knulling å gjere. Sonisk har den eit forsiktig ekspanderande vesen. Tematisk finn eg ikkje heilt utav kva den har med Tibet å gjere, etter mitt skjønn handlar den om folk med ganske alvorlige psykopatiske trekk. Slike lyde konklusjonen: "We leave fear of future, love for others, and guilt untouched on our shelves".

Black Captain er ei sårare affære. Ei med eit sakn i seg. Eit sakn etter ein vital læremeister, ein guru, som no har forsvunne inn i den demente tilstanden. Cows er ein annan sak, ein nifsare sak. Billy syng frå sitt djupaste og mørkaste kammer: "Human grace has never been, nor will be. You're welcome here ... but others are not welcome here". Ein el-gitar gjer seg etterkvart til kjenne. Og heilt til slutt strøymer det på stemmer frå fleire hald, og låta blir nokre effektfulle sekund til engelsk folk frå Wicker Man-trakter.

"Night noises are my noises" hevdar Billy i siste låt. Eg finn ingen grunn til å tvile på det. Albumet er som de vel har forstått på ingen måte plaga av støy og ulydar, men til gjengjeld har det flust av nattas stille krypande uroskapande vesen i seg. Førsteinntrykket mitt var at Billy kanskje hadde plassert seg i eit vel eindimensjonalt bilde denne gongen. Det inntrykket har endra seg undervegs. No opplever eg plata som gjennomsyra av noko lumskt dirrande eg må ha meir av. Og endå meir av. Kva sisteinntrykket blir veit berre natta.


comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo