Neil Young & Crazy Horse: Psychedelic Pill

"Så bra kan altså tilbakeskoding, gamle takter, og minimal utvikling være." grooves Oddmund Berge har dykket i Psychedelic Pill, og melder om en ny bauta fra evigunge Neil Young og hans Crazy Horse.

Foto av Neil Young (Norwegian Wood, 2009): Per Ole Hagen

Det finst mang slags Neil Young-plater. Frå dei akustisk orienterte til dei elektrisk funderte. Frå dei sterkt ambisiøse til dei han berre rota i hop ein fredagskveld. Frå meisterverk til skrot og tilbake igjen. Og så er det denne bunka der namnet Neil Young ikkje står åleine på coveret, der namnet Crazy Horse er føydd til.

Crazy Horse, denne trioen han fant i 1968 ein gong. Denne motoren han med ujamne mellomrom sidan har nytta seg av. Den har dugelig med hestekrefter, og langt meir til felles med ein traktor enn ein straumlinjeforma Ferrari. Når den kjem i gang blir det harva og arbeida, og det den møter på bringe den aldri utav fatning. Elegant kan eg ikkje kalle den, lyden av Neil Young & Crazy Horse. Polert og nyvaska har den heller aldri vore, men stødig, og tett, og grom, usedvanlig grom. Der den knurrar og trampar, og gyngar og brenn. Og går, og går, og går. Den kjem aldri til å stanse. Tru meg.

Eg plasserer lyden av Neil Young og Crazy Horse høgare enn dei fleste lydar eg finn der ute. Eg bør vel kanskje kalle meg fan. Tre av platene denne gjengen har gjort i hop høyrer med til mine aller fremste favorittplater, Everybody Knows This Is Nowhere, Rust Never Sleeps, Ragged Glory. Etter at eg no har tilbrakt eit par veker i selskap med Psychedelic Pill er eg i grunn klar for å føye ei fjerde til rekka.

Neil Young er 67 år i år. Slike gamle rockarar skal vel helst ta det litt med ro. Gje ut ei plate kvart femte år. Ei litt dvaskare utgåve av den førre. Som igjen var ei litt dvaskare utgåve av den før der att, som igjen var …. og så vidare. Neil Young gjer stort sett ut ei plate i året, minst. Fleire gonger har det vist seg å være ei dvaskare utgåve av noko han har gjort før, eller berre noko dvaskt noko. Men innimellom, og langt oftare enn kva tilfelle er med gamle rockarar flest, så er det ikkje slik.

Då 2012 opprant var det ein del år sidan sist Young og Crazy Horse laga plate saman. 2/3 av bandet var med på Greendale i 2003, men for å finne ei plate der heile besetninga var med må vi tilbake til 1996-utgjevinga Broken Arrow. Når 2012 snart drar sitt siste sukk er vi to slike plater rikare. Americana frå tidlegare i år var deira dykk ned i den store amerikanske songboka. Eg opplevde det aldri som eit vidare vellykka dykk. Plata var i grunn ganske så traurig, og blant det svakaste dei fire har gjort i lag. Psychedelic Pill er åtte Young-komposisjonar, og ein heilt annan skål.

Noko anna gamle rockarar kan finne det formålstenlig å fordrive tida med er mimring. Og i den samanheng då gjerne kontakte ein skrivefør person for å skrive ei memoarbok, frå den tida då ein ikkje tok livet fullt så med ro. Neil Young har skrive boka si sjølv. Waging Heavy Peace. Den kom ut i år den også. Psychedelic Pill er på sett og vis ein del av det same prosjektet. Plata skodar meir bakover i tid enn framover. Kanskje fordi det trass alt er meir tid å ta av der?

Derfor kunne plata vel så gjerne bore tittelen Driftin' Back. Slik det nå er har opningssporet fått einerett på den tittelen. Eit opningsspor litt utanom det vanlige. Eg har sett folk kalle det ting som musikalsk drøvtygging og dustete, og eg har sett folk kalle det for ekstraordinært, transeskapande, eller mumle noko om episke grubleri. Det er tydeligvis eit spor ein enten ikkje tåler, eller tåler så altfor godt. Det varer i 27 minutt. Sjølv i Young og Crazy Horse målestokk er slikt å dra det langt. Men spør du meg (noko du kanskje ikkje gjer) er det på ingen måte for langt. Eg skjønar dei som snakkar om transetilstand. Eg hamnar der kvar gong. Eg reagerer med sakn kvar gong låta tonar ut. Kanskje litt fordi då veit eg at det utålelige phaser-vandaliserte tittelsporet dukkar opp, og eg må foreta meg noko for å sleppe unna, men mest er det nok fordi eg vil være der, lenger.

Være der motoren går, og går, og Young fargar tilværet med langstrakte lutrande gitarfigurar. Med sånn cirka fem minutts mellomrom går han så mot mikrofonen og melder frå om eit og hitt. "Dreamin' bout the way things sound now" syng han, og minner om at han har skrive ein del om nett det i boka si. "When you hear my song now, you only get 5%, you used to get it all" held han fram. Det handlar om hans noko tverre syn på måten musikk blir formidla på no til dags (MP3, streaming), det var andre tider i den gode gamle vinylalderen synst han. Han har også ei meining om enkelte måtar kunsten vært presentert på i våre dagar. "I used to dig Picasso, then the big Tech giant came along, and turned him into wallpaper". Litt religionsprat tar han seg også tid til. Angrar på at han gav 35 dollar til Maharishi, for det forsvann jo berre inn i organisasjonen. Slår eit slag for heidningtilværet, og avsluttar, festlig nok, med å proklamere at han vil "gonna get a hiphop haircut".

Det blir ikkje laga særlig med songar av eit slikt kaliber no til dags. Men Neil Young har eit par til på lager han. Rett nok er dei ti minutt kortare, men lyt vel få passere som lengre enn gjennomsnittet likevel. Den vemodsvakre Ramada Inn. Gitaren til Young formidlar lengsel mot noko som var, men vanskelig kan komme att. Når den ikkje riv og slit då, i tungsinnet som har sett seg fast i songens mannlige hovudperson. Saman med si kvinne opplevde han meininga i tilværet då borna vaks opp. No er borna for lengst ute av reiret, og meininga likeså. Det er ikkje stort anna enn refrenget att, og Crazy Horse stemmer i: "Every morning comes the sun, and they both rise into the day, holdin' on to what they've done". Ein tur "down south lookin' for good times" vert ikkje krona med suksess. Men, "she loves him so", og "he loves her so". Det er berre det at orda sitt fast, fastare enn korken på flaska i alle fall. Så "he just pours himself another tall one" i staden. Og slik går den dagen også.

Då var det andre dagar i 1968. Den gongen Neil og nokre venner hadde sett seg føre at dei skulle redde verda. "But the weather changed, and the white got stained, and it fell apart". Då er vi inne i Walk Like A Giant. Albumets tredje essensielle nummer (for ikkje å seie mest essensielle). Ein song der gode intensjonar og vakre draumar møter brutal røyndom og apokalyptiske tilstandar. Gitaren er ilter, kaskadar av elektrisk kraft dansar rundt Ralph Molina sitt stødige beat. Gemyttlige plystretonar fungerar som eit gjentakande varsel om at saker er i gjere. "I used to walk like a giant on the land" syng songaren. Men det var den gong det, nå kjenner han seg meir som "a leaf floating in a stream". Verset veks og Crazy Horse følgjer på, med "oooooooh wop-wop"-koring. Songaren ser undergangen i kvitauga, og Crazy Horse tar songansvar i refrenget, "think about how close we came, I want to walk like a giant on the land".

Så kan ein jo spørja seg då, kva denne greia med å gå som ein gigant er for noko. Er det noko å trakta etter? Er han bra eller dårlig, denne giganten? Er han ein som bygger, eller ein som riv ned? Skal eg driste meg til eit svar vil eg seie begge deler, og litt til. I songen til Young kan han representere det å bety noko, å utrette noko. Men ikkje nødvendigvis. Kanskje burde vi heller sjå kjempa føre oss med eit janusansikt, der idealisten som vil redde verda er på eine sida og demonen som vil herske over den er på andre. I det låta har att 4 minutt og tjue sekund skjer ei omvelting, ein dekonstruksjon. Det heile ramlar, slik eg opplever det, inn i ein etterapokalyptisk tilstand. Ragnaroket er over, demonen har sigra. Og tapt. For kva finst att å herske over? Anna ein eit stort aude landskap. Brutal og tung stamping prøver å vekke til liv det som ikkje lenger er å finne. Eit klagande og uhyggelig rop, eit "oooooooh-ooooooh" kjem brått inn mot slutten, og så døyr låta.

60 minuttar er den omtrentlige samla lengda på desse tre låtane. Dei kunne vore ei plate åleine. Ei heilt fantastisk ei. Young synst tydeligvis dei trengte selskap, så han har lagt ved fem låtar til, og slik sørgja for at Psychedelic Pill er eit dobbeltalbum.

Det er ingen av desse fem andre låtane som rekk opp til dei tre mastodontane, verken i kvantitet eller kvalitet. Men det er berre tittelkuttet som er håplaust. Noko som blir prøvd retta opp att ved at det kjem tilbake heilt til slutt, som eit bonus-spor utan phaser-effekt. Utan at det blir så mykje meir enn ein bleik bleik variant av Cinnamon Girl av den grunn. Då er det betre takter over She's Always Dancing, der Young syng om ei uoppnåelig kvinne, låner litt frå Like A Hurricane, og dreg låta forbi åtte minuttars merket.

Vidare har han funne plass til ein tretti år gammal song han laga til sin funksjonshemma son, For the Love Of Man. Lett sentimental, og ganske fin. Young gjer seg heller ikkje på noko vis bort når han i countryrockform meddele at han er Born In Ontario. Eller når han i friske Twisted Road fortel om si begeistring for Dylans Like A Rolling Stone og gjenkallar minnar om då han høyrte Grateful Dead på radioen.

Så bra kan altså tilbakeskoding, gamle takter, og minimal utvikling være.




comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo