Klassiker: Marquee Moon

- Med åra har Marquee Moon berre tydeligare og tydeligare demonstrert at den er fundert på tonar av det slaget som rekk langt utover den tida dei vart til i, skriver grooves Oddmund Berge i sin omfattende analyse av Marquee Moon.

Relaterte sider:

Television

Punk?

Kva er det som er punk? Kva er ikkje punk? Kven var den første punkar? Korleis skal no eigentlig punken låte? Korleis skal den sjå ut? Korleis skal den lukte? Korleis skal den puste? Kor skal den gå hen? Og kor skal den ikkje gå hen? Spørsmåla er mange. Svara endå fleire.

At Sex Pistols er punk kan vel dei fleste einast om. Med spikerhår, holete klede, mangelfull spelekunnskap, ekstrem energi og opprørsk kraft spytta dei sitt anarkistisk-nihilistiske bodskap i fjeset på det etablerte med omtrent same presisjon som Lars Berger meiar ned blinkane på skiskytarstadion. I dei fleste skrifter er det nedfelt og vedtatt at Iggy Pop fortener tittelen punkens gudfar, og Patti Smith har meir enn ein gong blitt kalla punkens gudmor. Television var det nokon som ein gong drista seg til å kalle punkens øvsteprestar. Den rettruande punkfantast og den ivrige merkelappentusiast har derimot hatt noko vanskeligare for å finne plass til New York-kvartetten i punkbåsen. Til det vart dei sett på som for frittflytande. For uangripelige. For underfundige. For buktande. For dyktige. For poetiske. For dryge. For frisinna. For kryptiske. For vidtskodande. For visjonære. For intellektuelle. For vanskelige.

Men. Utan impulsane frå ein av grunnleggarane til Television hadde punken i det minste sett annleis ut. Ikkje sant Malcolm McLaren?

I oktober 1977 gav Sex Pistols ut sitt vidgjetne Never Mind the Bollocks album. Sist gong eg høyrte på det må vel ha vore ein gong i 1992, trur eg. I februar 1977 gav Television ut sitt debutalbum Marquee Moon. Eg høyrte på det for 1 time sidan. Eg er rimelig sikker på at eg har høyrt det minst hundre gonger sidan 1992. Og eg kjem heilt sikkert til å høyre på det mange gonger i åra som kjem. Never Mind The Bollocks føler eg meg nokså ferdig med. Marquee Moon blir eg aldri ferdig med.

Å hevde at Never Mind the Bollocks etterkvart meir og meir blir opplevd som eit barn av si tid, med noko mangelfulle evner til å gjere seg så altfor interessant i vår tid, er vel kanskje å be om trøbbel, men eg gjer det no likevel. Derimot bør eg neppe møte særlig med motbør om eg hevdar at Marquee Moon etterkvart som åra har gått berre tydeligare og tydeligare har demonstrert at den er fundert på tonar av det slaget som rekk langt utover den tida dei vart til i.

Never Mind The Bollocks versus Marquee Moon. Begge født i 1977, og begge framleis i live. Men der den første mest lever vidare som eit symbol på noko som hendte, lever den andre vidare i kraft av det den er. Den eine er full av primitiv aggresjon og overtydelige meldingar, den andre har eit raffinert og artistisk vesen med heller kryptiske meldingar. To motsatsar på mange måtar altså.

”There’s to much contradiction” syng Verlaine. Verlaine gjorde seg ofte, i songane sine, til talsmann for å binde tilsynelatande motsetningar nærare inntil kvarandre, gjere avstanden mellom dei meir utydelig, og kanskje gje dei fargar av fleire slag, i staden for, slik dei meir overtydde og rasande i stor grad plar gjere, å plassere dei i kvart sitt hjørne og male dei svarte og kvite.

”There’s no future for you, no future for me” freste Johnny Rotten, og det var ikkje så altfor vanskelig å skjønne kva han meinte. ”I remember how the darkness doubled, I recall lightning struck itself” song Tom Verlaine, og det var vel ikkje heilt opplagt kva han meinte, men du verden for eit bilde han skapte. Det var ikkje det einaste.

Ein skal vere varsam med å granske Verlaine sine tekstar lausrivne frå tonane dei er ein del av. For det er først og fremst der, i det uanstendig kvasse samspelet til dei fire, når tekst og tone smeltar saman, at stoffet verkelig rockar grunnen. La meg likevel slå fast (om eg ikkje alt har gjort det) at tekstlinjene til Verlaine har ein gåtefull karakter, dei går aldri rett på sak men talar i vage former. Det kan vere merkelige draumebilde og fikse ordspel, fullt opp med ein symbolikk som definitivt ikkje ligg lengst framme i dagslyset. Han er sterkt inspirert av dei franske symbolistpoetane Charles Baudelaire, Arthur Rimbaud og Paul Verlaine. Kanskje mest den første, men det var hos den siste han skulle hente namnet sitt.

Frå fleire år før Television vart fødd er det ei historie (eller kanskje ei skrøne?) om to tenåringar, Tom Miller og Richard Meyers, på rømmen frå ein skule i Delaware. I Alabama vart dei arrestert for å ha sett fyr på eit jorde. Då dei vart spurt kvifor dei gjorde dette, svarte Miller at det var fordi han fraus, medan den andre rømlingen hevda at det var fordi han ville sjå det brenne.

Då dei to nokre år seinare trefte kvarandre igjen, tok oppatt kameratskapet og byrja vandre gatelangs i New York, medan dei siterte Rimbaud og Baudelaire og fabla om å starte rockeband, fant dei ut at dei frå no av skulle kalle seg Tom Verlaine og Richard Hell.

Etter først å ha gjort nokre rundar under namnet Neon Boys hyra den ambisiøse og musikalske gitaristen og den rebelske, men ikkje altfor kompetente, bassisten inn den meir Stones-påverka gitaristen Richard Lloyd. Den sløye trommisen Billy Ficca hadde då allereie vore med ei lita stund. Lloyd kjente ein musikkinteressert fyr på Manhattan, Terry Ork, og han gav dei tilgang til loftet sitt, der dei øvde og øvde og etterkvart tok namnet Television.

Og så kom tida då dei følte seg klare for å spele framfor eit publikum. Men kor skulle det vere? New York var ikkje full av buler som tilbydde scena si til ukultiverte og rastlause undergrunnsaktørar i rock’n roll. Dei søkte litt rundt. På ein spasertur gjennom New York sitt fattigstrøk, stoppa Lloyd, Verlaine og Hell ein dag opp framfor eit lokale med namn CBGB’s (som stod for Country, Bluegrass, Blues) og spurde ein mann oppe i ein stige om han trudde det kunne la seg gjere å gje dei ein spelejobb på den vesle scena innafor. Mannen avviste ikkje førespurnaden heilt, så nokre dagar seinare troppa Terry Ork opp (han var no blitt bandet sin manager), og overtydde mannen i stigen (som var identisk med CBGB’s sin eigar Hilly Kristal) om at Television var leverandørar av den heitaste lyden i byen. Om enn noko annleis lydande, måtte han innrømme, enn kva namnet på klubben bar bod om at den til vanleg hadde på scena si. Kristal lova at dei skulle få komme og spele ein søndagskveld. Dei kom, dei spelte, og Kristal synst det låt grufullt. ”Aldri igjen” sa han til seg sjølv. Ork var imidlertid ikkje den som tok eit nei for eit nei, og overtalte Kristal til å booke Television og eit anna band han hadde alvorleg tru på, The Ramones, for ei dobbelspeling. Kristal tykte om mogeleg at Ramones låt endå verre. Men vanskelig som han hadde for å seie nei til denne Ork, slapp han dei til igjen. CBGB’s namn byrja rykte seg i undergrunnen, opp kom Patti Smith, Blondie, Talking Heads og fleire med dei, og eit av musikkhistoria sine avgjort mest legendarisk spelelokale var født.

Television var der altså først. Ikkje ferdig utvikla og like tette og i kontakt med seg sjølv som dei skulle bli, eitt år eller så seinare. Då var ikkje Richard Hell lenger ein del av gjengen. Tom Verlaine tykte at hans noko limiterte handlag med bassgitaren stod i vegen for det Television han såg for seg. Så dermed; ut med Hell og inn med Fred Smith.

Då Hell kom luskande ut bakdøra stod det ein mann med namn Malcolm McLaren der og lurte på om han ikkje ville vere med han til London og bli med i eit band han planla å sette i hop der. McLaren var berre så begeistra for måten Hell kledde seg. Spikerhår, fillete t-skjorte, holete bukser, og nåler som heldt ting i hop. Hell sa nei, eg vil heller bli ein Heartbreaker saman med Johnny Thunders. McLaren drog like fullt til London og spora opp nokre andre fyrar som han kledde opp som Hell, og vips der var Sex Pistols klar for verda gitt.

Television tok ein annan veg. Dei lærte seg å spele.

Inspirert av tonane til Albert Ayler og John Coltrane tok Tom i sin tidlege ungdom opp saksofonen. Seinare skulle det altså bli gitaren han væpna seg med. Mange har gjort sine forsøk på å skildre lyden av Tom sin gitar. Kanskje høyrest den omtrent ut som den ville ha gjort om Ayler eller Coltrane hadde byta ut saksofon mot gitar og jazz mot rock. Verlaine følgjer i alle fall i mindre grad enn dei fleste normene for korleis ein skal gripe gitaren an når ein skal spele rock. Han kan opptre varmt og melodiøst. Han kan opptre kaldt og stringent. Tonane kan vere sylskarpe og stikkande, men også lyriske og stemningsskapande. Han improviserer og drar ut på ferder han kanskje ikkje veit kvar endar, men han rotar seg aldri bort. Patti Smith sa ein gong at ”Tom plays guitar like a thousand bluebirds screaming.” Eg klarer ikkje å komme opp med ein meir talande karakteristikk.

I 1975 gav Television ut sin første singel. Little Johnny Jewel. Og dei presenterte seg slik ein skulle lære dei å kjenne. Nokre gitarpsykedeliske, utsvevande og smått intrikate kilometer unna det næraste gabba-gabba ropet. Låta drog seg mot åtte minuttar, og fekk ikkje plass på ei side av singelen. Så den blei både A og B side.

Det skulle gå nesten to år, med mange turar innom dørene på CBGB’s og eit mislykka og forkasta Brian Eno samarbeid, før dei var klar med sitt debutalbum. Og det er vel no eg må gå ned på kne og be om å bli stagga litt, elles står eg i fare for å ta av i ein grenselaus adjektivistisk galopp om ei plate eg elskar meir enn dei fleste plater. Om eit debutalbum som få, om nokon, kan matche (Det må i så fall vere eit par New York-frendar).

”I wanna jump jump jump”. Det er eit stålskarpt sound som manifesterar seg. Gitarar som både flørtar med det statiske og det svevande, som riffar og dansar. Og så ein presis og kraftfull gitarsolo levert av Richard Lloyd. ”I see, I see no .... eviiiiil” syng Verlaine med ei stemme som nok dei færraste blant musikkpedagogar ville applaudere særlig heilhjerta for. Men den funkar. Funkar veldig. Funkar som i funky. Ikkje James Brown-funky. Eller Curtis Mayfield-funky. Definitivt ikkje. Men funky som i kantete, yppalt og ukultivert. Han syng som om han har reipet stramt kring halsen, men nektar å kapitulere. Han opererer innafor ein lys oktav, men ikkje galant eller reinhåra. Han passar veldig til å synge Verlainesongar, men kanskje ikkje til så mykje anna.

”The Grateful Dead of punk” var det nokon med litt vondt i sinnet som prøvde seg med ein gong dei skulle karakterisere Television. Det er i beste fall ein særdeles upresis karakteristikk. For der Jerry Garcia og hans menn til tider kunne ramla inn i svært så søvndyssande soloparti er Television sine gitarsoloar den strake motsats. Dei er av det høgst inspirerte slaget. Slike som gjev låta ekstra energi, og ein eigenarta og spenstig struktur. Verlaine og Lloyd kretsar rundt kvarandre og dansar ein spiraldans der dei aldri trakkar kvarandre på tærne men gjer kvarandre handlingsrom, utan at nokon av dei fell for freistinga som mang ein gitarist har gjort både før og etter dei, å utnytte rommet til sjølvdiggande onanering. Nei desse to er ute på eit oppdrag i låta og det überdynamiske si teneste, og dei gjennomfører oppdraget på ulasteleg vis.

Det ti minuttar lange tittelkuttet, som avsluttar verdshistorias sannsynlegvis beste LP-side, er sjølve sjefsforvaltaren av dei brennande gitartonar. Frå det hakkande og statisk ringande gitartemaet i versa og over i det skyndsamt dansande refrenget. Der songaren kastar skjoldet, skjorta og sjela og stiller seg ”neath the Marquee Moon”, først håpefullt ventande på kva som er på gang; ”the kiss of death” eller ”the embrace of life”. Ved neste korsveg meir nølande, før han i siste runde (etter at den svarte bilen har etterlete han på gravlunden) slett ikkje vil vente lenger. Noko han understrekar med eit kort og uttrykksfullt ”ah-ah”, som ein vel kan oversette med ”ikkje faen om eg står her og ventar nei”. Det er då Tom for alvor tar grepet, og i staden for å føre låta mot ein slutt løfter den inn i eit fullmånelyst landskap med ein gitarsolo så spirituell og så glødande at den kan få ein isbre til å smelte raskare enn klimapanelet klarer å seie ”klimaendringar”. I Lp-versjonen måtte dei redigere bort eit parti av låta, for at den ikkje skulle sprenge vinylsida sin kapasitet. I den Rhino-ugjevne CD-utgåva frå 2003 (som også har med debutsingelen Little Johnny Jewel som ekstraspor) får den dette minuttet tilbake. Det gjer den sjølvsagt berre endå betre.

Mellom See No Evil og tittelkuttet buktar og trampar Venus og Friction seg fram. Den første ein hallusinatorisk historie, i eit medrivande melodisk mønster, om Tom og Richard Hell med russkjerpa sansar på ustøe bein gjennom storbyjungelen, der dei på kvart hjørne kastar seg i famnen på den armlause gudinna Venus de Milo. Den andre er albumet sin mest skarpkanta og yppale låt. Eit oppgjer ”a little bit back from the main road, where the silence spreads and the men dig holes” er hovudmotivet. Men det er eit motiv som Verlaine veit å forpurre med sin fiffige surrealisme og sin minneverdige diksjon.

Side to festar ikkje eit fullt så nådelaust grep om lyttaren sitt sanseapparat (men det er det som sagt knapt noko Lp-side som gjer). Det er like fullt ikkje noko antiklimaks vi snakkar om. Vi får trass alt servert den bitande Prove It her. Ein Televisionklassikar god som nokon. Der Verlaine med sylskarp diksjon, og i ei ordknapp og sterkt symbolistisk form sirklar inn livet til ein stakkar frå ein absurd stillferdig fødsel til ei rosefarga gravferd, før han lakonisk og særdeles effektfullt konkluderer med at ”This case is closed”.

Guiding Light er albumet sitt mest melodiøse og venast forma nummer. Ein ballade full av vemod og lengsel. Ein lengsel etter å få hjelp gjennom natta som songaren kjenner seg oppslukt av; ”do I, do I belong to the night”. Vakkert så da held. Ein ganske så rak motsats til Guiding Light er Elevation, eit stakkato og noko melodivagt udyr som nok må tåle karakteristikken albumets minst interessante (men slett ikkje uinteressant).

Albumet sitt dystraste nummer kjem heilt til slutt. Torn Curtain, ein sørgjesong bakom opprivne gardiner, der years rimar på tears og håpet vart raka inn i peiselden for ei god stund sidan. Den vert sjølvsagt skjenka ein gitarsolo som understrekar armoda på skilsetjande vis. Sjølv om den kanskje ikkje når heilt opp til dei største stundene på albumet skjemmer den seg på ingen måte bort, og sørgjer greitt for at underteikna held fast i tanken, også lenge etter at det er blitt stille, om at Television med Marquee Moon har skapt eit meisterstykke større enn dei fleste slike.

Dei stod ikkje opp frå ingenting. Men dei var definitivt noko for seg sjølv. Dei forma lyden av rock’n roll i sitt eige bilde. Ja det Television gjorde på Marquee Moon var på mange vis å skjere mykje av blues-strukturen bort frå prepunk-beistet, og så med ei eigenrådig gatefunkyrockpoetisk kraft bygge ei bru over mot postpunkalderen, utan å bry seg så altfor mykje med at Johnny Rotten stod midt i gata og frenetisk prøvde å overtyde sine samtidige om at det var ”no future”.

I mitt hovud er det mykje punk i ei slik gjerning.


comments powered by Disqus

 



Morten
2008-04-07Bra!

Du er en vis mann, Oddmund! Denne plata fortjener alle adjektivene du har brukt, og mer til.

Tor Hernan floor
2008-04-07Marquee Moon


Utrolig at du klarer å bevege en såpass profilert og omtalt skive som om det skulle være første gang den ble omtalt. Ja, jeg vil gå så langt som å si at dette var revitaliserende lesning, og en solid påminnelse om at jeg må plukke denne frem fra hvelvet igjen!

mvh.

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo