Gull fra arkivet #4

- Eit National-eventyr, skriver Oddmund Berge om Alligator (2005), en av klassikerne i katalogen til det strålende amerikanske bandet som besøker Trondheim 26. oktober.

Relaterte sider:

The National til den nasjonale Opera

groove på Øya

Video: Graceless

Lytt: The National

Just gimme indie rock

Øyakino

The National - The National (2001)

Boxer - The National (2007)

Alligator - The National (2005)

Trouble Will Find Me - The National (2013)

High Violet - The National (2010)

Dark Was The Night - Diverse artister (2009)

The National

Pågående UKA i Trondheim byr på en eksklusiv norgeskonsert med ganske så fenomenale The National i Dødens Dal 26. oktober. God grunn til å trekke fram åtte år gamle Alligator i vår klassikerserie. Originalomtalen, publisert 17. mai 2005, med med karakter (selvsagt full pott 7/7), genre, spor, referanser og involverte personer/band finner du HER. Red.

For eit par år sidan dumpa The National si sjølvtitulerte debutplate (frå 2001) ned i postkassa mi. Den viste seg fort å innehalde ord og tonar verdt å ofre tid på. Litt meir sarkastisk enn Tindersticks, ikkje fullt så nedtona som Leonard Cohen, og nærare den halvtomme Johnny Walker-flaska enn Nick Cave, såg eg dei glatt føre meg i ein mørk New York-bar etter midnatt. Sjølv om dei innimellom skrudde lyden litt meir opp flytta korkje oppfylgjaren Sad Songs For Dirty People (2003) eller sjuspors-EPen Cherry Tree (2004) så veldig mykje på dette inntrykket, stadig var dei like intoksikerte og overtydande på låtfronten.

I år tilbyr New York-kvintetten oss 13 låtar i ei pakke merka Alligator. Og ja, den glefsar og bit, er lumsk også, men først og fremst veldig levande. Brødrene Aaron og Bryce Dessner sitt snoande gitarspel er både intrikat og friskt, pasjonert og subtilt, og innbyr til magnifikt samspel med den rytmeansvarlege brødreduoen Devendorf. Scott sine økonomiske bassgangar og Bryan si lausslupne og artistiske trommetraktering. Fleire av spora er også utstyrt med effektfull orkestrering (av fiolin, cello, basun og klarinett). Hovudansvarleg for dette er Padma Newsome frå samtidsmusikk-kvartetten The Clogs (der også gitarist Bryce Dessner er ein av aktørane). Padma og ein Nick Lloyd bidreg i tillegg med tonar frå orgel og piano. I front for det heile residerer den lakoniske baritonrøysta til Matt Berninger. Med Alligator tek The National steget ut i eit litt meir risikabelt farvatn, og med utsyn mot eit romslegare musikalsk landskap malar dei sitt meisterverk.

Kvifor dei har valt å kalle seg The National, sånn reint utover at dei er amerikanske statsborgarar, veit eg ikkje. Kanskje fordi namnet American Music Club allereie er oppteke? No driv nok The National sine tonar fram sånn cirka 40 centimeter nærare midten av Americana-vegen enn der Eitzel og kompani plar spankulere. Like fullt har fargen i tonane til dei to banda fleire identiske sjatteringar, slik at Alligator bit seg fast i mange av dei same nervetrådane som AMC sitt meisterverk Everclear i si tid gjorde. Over i det breiare pensla området finst her også eit slektskap mot australske The Triffids, og deira Born Sandy Devotional. Samstundes kan ein høyre visse ekko frå den energiske femårsperioden der band som Television, Joy Division og Echo & the Bunnymen presenterte næringsrik musikk. Frå alt dette og meir til skaper The National sin eigen levedyktige og eigenarta filial. Der Matt Berninger hardkorna, ironisk, angerfullt og vemodsfullt skildrar det ustabile kjønns- og sjelelivet. Av og til i ein særdeles direkte tone, andre gonger noko meir underfundig, men nesten alltid i briljant språkdrakt av sitatfristande kaliber.

Det er slett ikkje sikkert at Alligator får skikkelig feste i første runde. Til det er fleire av låtane kanskje litt sånn småkronglete. Desto kraftigare oppslukt vert ein når taket først er festa. Då er det berre å "go gator around the warm beds".

Eit stjernedøme på korleis rom etter rom gradvis kan opne seg er albumet sin inngangsport Secret Meeting. Ei låt som etter tre rundar byrjar kome mot ein med nokre av dei såraste "desse må eg berre omfamne"-tonane i nyare opningslåthistorie. Gitarane krøllar seg "Tom Verlaine style" og Berninger fortel om anger, sjølvforakt og eit "secret meeting in the basement of my brain".

Ei dame med namn Karen møter vi to gonger. Først i låta som ber hennar namn. Der Matt, bandet og strykarar løftar oss inn i ei flokete affære;

"Karen, put me in a chair, fuck me and make me a drink
I've lost direction, and I'm past my peak
I'm telling you this isn't me
No, this isn't me
Karen, believe me, you just haven't seen my good side yet..."

Seinare møter vi dama igjen i slacker-tilfellet City Middle, men nå meir som "weird memories". Minner er også bakgrunnen for den rusande Friend Of Mine. Ei etterlysing, og eit kvilelaust rop etter venen som ikkje lenger tek kontakt; "I got two sets of headphones, I miss you like hell". Medan den klarast feberheite kjensla av å miste grepet vert skildra med Pixies-liknande eksplosivitet i Abel. Fotfestet er nok ikkje heilt stabilt hos den rastlause og angrande sjølvbløffaren vi møter i Morrissey-influerte Baby, We'll Be Fine heller;

"I wake up without warning and go flying around the house
In my sauvignon fierce, freaking out
Take a forty-five minute shower and kiss the mirror
And say, look at me
Baby, we'll be fine
All we gotta do is be brave and be kind
I put on an argyle sweater and put on a smile
I don't know how to do this
I'm so sorry for everything."

Ja, eg advarte dykk, det er sitatfristande linjer Berninger rissar opp. Aller best til sin rett kjem dei sjølvsagt likevel i samvær med tonane dei er ein del av. Ein kan til dømes aldri synleggjera i eit sitat den sorgtunge måten Matt fleire gonger gjentar linja "I'm so sorry for everything" på. Sitat eller forklaring kan nok heller ikkje uttrykke dei bitre undertonane i den ellers oppløftande The Geese of Beverly Road, men siste linja seier likevel ein god del; "serve me the sky with a big slice of lemon". Sidan himmelen først står på menyen høver det også å nemne Lit Up, ei låt som strekkjer seg høgare, og breier seg vidare ut enn nokon andre på plata. Det gjer den heilt utan å tape sikten, og sluttar brått og smart medan leiken er på sitt mest uimotståelege. Ikkje den einaste låta på Alligator som forlet podiet i sin beste alder. Ikkje det at låtane er spesielt korte, fleire passerer fire minuttar, men det er handlingsmetta minuttar. Slik slår The National eit slag for kunsten å etterlate lyttaren svolten, og veldig klar for nye omgangar. Ei læresetning mange andre også burde ha teke innover seg. For sjølv om det finst eventyrlege tilfeller der ute som strekker seg mot 20 minuttar er det ikkje få låtar opp igjennom historia som kunne vorte betre med strammare redigering.

Å ta med spor frå tidlegare utgjevingar kan vere teikn på så ymse. Eg skal ikkje kome med teoriar om kvifor The National har med seg All The Wine frå Cherry Tree EPen her. Berre poengtera at det er eit suggerande og melodisk slitesterkt tilfelle der Matt dreg på seg skoa til ein californiar med ein sjølvsikker, usympatisk og drikkfeldig karakter;

"I'm put together beautifully
Big wet bottle in my fist, big wet rose in my teeth
I'm a perfect piece of ass."

Så veldig sympatisk er ikkje forteljarstemma i den sterkt strykartona og Cohen anno 1970 influerte balladen Val Jester heller. Medan persongalleriet i dei slentrande og kanskje mest Mark Eitzel farga låtane Looking For Astronauts og Daughters of the Soho Riots er albumet sitt mest venlegsinna. Sjølv om det i førstnemnte låt i det minste er snakk om eit delvis knust hjarta.

Albumet tonar ut med skrål og tonevenleik hand i hand, vers som snik seg rundt blant staselege tonar og refreng av høgoktan art. Mr. November tek sitt utgangspunkt i ein baseballspelar som kjem seint men godt i form. Men når Beringer syng "I'm the new blue blood, I'm the great white hope" kan det kanskje også tolkast som ei ubeskjeden vurdering av det han og bandet serverer oss på Alligator. Vi kan i tilfelle tåle den, for her sluker dei jaggu meg heile grooveskalaen.




comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo