Konsert: Ole Anti-Blues - Jolie Holland & Joe Henry

Ole Blues, Logen, Bergen, 1/5-04

To fine artister som gjer ut sine plater på den kredible Anti-labelen var det som skulle stå på scenen i Logen Teater denne 1. mai kvelden i Bergen. Og ein så godt som fullstappa sal var veldig klar for å ta i mot både Jolie Holland og Joe Henry.

Først ut er Jolie Holland. Kanskje er det den tettpakka salen som gjer det, i alle fall virkar det som om det er ei nervøs dame som dukkar fram frå sceneteppet. I det ho litt keitete når fram til sin plass dunkar ho hovudet i mikrofonen slik at heile stativet står og sjanglar nokre sekund. Etter ein kort passiar med trommis og el-gitarist, stiller ho seg så ved mikrofonen og startar å synge. Stemma er endå litt meir skjelvande og skjør enn på platene hennes, men tonane er hos henne. Sangen er The Littlest Birds. Idet den er ferdig bøyer ho seg ned og tar ein slurk frå ei medbrakt vannflaske, noko ho skal gjenta etter kvar gong ein sang er over. Av og til uttaler ho eit svakt "thank ya' all", men ellers overlet ho kommunikasjonen eine og aleine til musikken.

Med sitt lange raude hår, sine litt strenge briller, ein kropp som sikkert ikkje hadde vunne første pris i nokon missekonkurranse, og sin forsiktige smått sjenerte framferd, kan ein kanskje lurast til å tru at her står ei dame med litt manglande utstråling. I tilfelle tar ein feil, veldig feil. Rett nok er det ein varleg glans som skimrar utover salen, og kanskje treff den ikkje alle. Eller kanskje ikkje alle heilt forstår at Jolie Holland handlar om andre ting enn å danse rundt på scena, småprate mellom sangane, smile sjølvsikkert til fleire hundre ukjente nordmenn. Slikt kan andre få lov å ta seg av, Jolie stolar på sangane.

Sangar ho hentar ganske likt frå sine to plater, Catalpa og Escondida. Det er blues, det er folk, det er jazz, det er country, men mest er det stemma til Jolie. Ein skjønar ikkje alt ho syng, ikkje ordrett og bokstavelig, til det er diksjonen hennes for diffus. Likevel er det problemfritt å følge henne. Følge henne inn i ei tid der kjærleiken kunne være både god og nådelaus, der gledene var mange, men lengselen og smerta endå hyppigare gjester. Den gang William Faulkner skreiv Larmen og Vreden, eller kanskje den gang John Steinbeck sendte Tom Joad til California. I ein verden der vi får være skyggar på veggen til ein gammal sliten blues-sangar, samt bli forsynt av ein munnfull sand frå ein ørkenvind som ber i seg tonar Hank Williams har sendt av gårde på fri flukt. Dette gamle, kanskje litt dunkle plasserer ho med varleg kraft midt i vår hektiske tid, og får oss til å forstå at visse ting er uavhengig av tid og stad.

Applausen som følgjer etter kvar sang, aukar i styrke for kvar gong. Dama som står der med gitaren sin og syng ser og ut til å forstå at alle dei frammøtte er vennligsinna vesener, som verkelig trivest i hennes selskap. Så etter den litt haltande starten kan det virke som at tryggleiken stadig tar eit kraftigare tak i henne.

Som alltid er tilfellet, er det sangar som skin med eit kraftigare lys enn andre. På denne konserten gjeld det først og fremst Alley Flowers. Her tar ho for første gong denne kvelden fram fiolinen, og lar det innledande minuttet være ei tolking av ein gammal indianar-melodi, før ho smyg i gang den fantastiske åpningslinja; ”some people say you got a psychedelic presence, shinin in the park with a bioluminescense”. Låta er eit lite dynamisk eventyr, der særlig trommeslagaren for lov å leike seg med alt han har av små dubbedingsar. Før ho tar turen bak teppet igjen avsluttar ho med eit lite hat trick frå siste plata; Mad Tom of Bedlam (uten gitar og briller), fabelaktige Old Fashion Morphine, og den skakke countryvisa Goodbye California.

Ho får sjølvsagt trampeklapp. Når ho så entrar podiet igjen overraskar ho med å seie noko som er lenger enn ein setning. Ho fortel at det har komme henne for øyre at Will Oldham skal ha sagt fine ting om henne, det er ikkje sant, men Will Oldham har slett ikkje sagt noko som helst om henne. Uansett, her er ein sang skrevet av Will; Dermed luskar Jolie og bandet igong ein vakker versjon av Minor Places. Etter endå eit ekstranummer ser ho seg ferdig med dagens seanse, og set seg ned på huk for å pakke saman fiolinkassa. Trampeklappen er imidlertid så voldsom at dama gjer etter og reiser seg opp med ein fing i været, og drar gjennom Poor Girl’s Blues. Ein strålande time er over.

Det blir hektisk aktivitet på scena, for nå skal tinga gjerast istand for Joe Henry. Mannen sjølv er ikkje verre på det enn at han dukkar opp på scenen fleire gonger for å hjelpe til, og for å sikre seg at gitarane hans får den rette medfarten. Joe har komme eins ærend heile vegen frå Los Angeles for å gjere denne konserten. Med seg har han Jennifer Condos på bass og Jim Keltner på trommer, to velrennomerte og solide musikarar. Og det er ein samspelt og dynamisk trio som regjerer scena i Logen den neste drøye timen. Likevel må eg raskt trekkje den konklusjonen at ein Joe utan blåsar-innslaga slik dei framstår på mannen sine to siste og storarta plater blir ein litt amputert Joe. Eg lyt på ein måte nullstille meg og godta det slik ein får det servert.

Eg brukar åpningslåta This Afternoon til denne jobben. Så når Trampoline gjer seg til kjenne gyngar eg lett med, i takt med Joe sine små stilleståande hopp framfor mikrofonen. Mannen har nemlig ein slags bøy-deg-30 centimeter-ned og gyng-40 centimeter-oppatt bevegelse under mange av låtane, liksom for å hente det som finst av energi rundt seg utav av tonane. Når Tiny Voices introduserer seg med pumpande bass linjer og snertne tromme-innslag er eg for alvor med på notene, ein umåteleg sterk låt også utan ekstra krydderet frå plata. Og dei fleste låtane til Joe Henry viser at dei kan leve eit interessant liv også i dette limiterte konsertformatet. Fuse står og lyser i eit intenst blått lys. Leaning gløder i raude og intense fargar. Han gjer tittellåta frå Kindness of the World, ei country-låt frå den gang mannen var ein countryrockar, vakkert, vakkert. Og slik følgjer dei den eine høgt elska låta etter den andre, ikkje alle maktar å overbevise like sterkt, nokre saknar nok hjelpa frå albuma litt meir enn andre, men uinteressant og kjedelig blir det aldri. Så sjølv om han nok ikkje klarte å bergta meg i samme grad som på sine to siste studioinnspelingar, var Joe (og hans to dynamiske kumpanar) ansvarlege for ei fin lita musikkstund denne varme sommarkvelden i byen mellom dei sju fjell.


comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo