cover

Motor Motel Love Songs

Jason Collett

CD (2003) - Arts & Crafts

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Singer/songwriter / Poprock / Americana / Indiepop / Indierock

Spor:
Bitter Beauty
Little Clown
Tiny Ocean of Tears
It Won't Be Long
Gabe
Choke Cherry
Honey I Don't Know
Lucky Star
All I've Ever Known
Airport
Blue Sky
Stormy Woman Salty Girl
Motor Motel Love Song

Referanser:
Neal Casal
Pernice Brothers
Wilco
Paul Westerberg
R.E.M.

Vis flere data

Se også:
Here's to Being Here - Jason Collett (2008)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Vemod, håp og bortgøymte skattar

Lite kjent kanadier søker, og gjer seg fortjent til, oppmerksomhet.

Sjølv om Jason Collett har nærmare 15 år bak seg som aktiv musikar, kan ein vel ikkje seie at han har gjort seg bemerka i særlig stor grad. Mannen er i alle fall eit heilt nytt bekjentskap for underteikna, og sikkert for dei fleste andre også vil eg tru. Noko det truleg er meininga at denne utgjevinga skal rette litt på. For Motor Motel Love Songs er eit forsøk frå det vesle kanadiske plateselskapet Arts & Crafts (sannsynlegvis mest kjent for bandet Broken Social Scene, ein gjeng Jason også har spelt litt saman med) på å gjere dei beste sangane frå to tidlegare Jason Collett-album tilgjengelig for eit forhåpentligvis større publikum.

Hvis mine kjelder er av det pålitelige slaget, skulle følgjande være litt biografisk fakta: Canadieren Jason Collett har sidan ungdomsåra opphelde seg i Toronto, der han har vore ein flittig deltakar i den meir uavhengige delen av byens musikkscene. På slutten av 80-talet spelte han saman med Andrew Cash Band, og litt seinare i eit band med navn Ursula. Han forsvant så nokre år frå musikkscenen for å ta seg av to små barn. Dukkar opp igjen midt på 90-talet, og drar i gang eit band, som blant andre inkluderer Andrew Cash og eksentrikaren Hawksley Workman, dei kallar seg Bird. Jason er denne gongen den ubestridde frontfigur, og er ansvarleg for både låtskrivinga og vokalen. Dei gjer ut plata Chrome Reflection. Nokre år seinare, 2001, kjem albumet Bitter Beauty som Jason Collett gjer ut under eige navn. Det er frå desse to platene, tidlegare i stor grad kun distribuert på konsertar, dei fleste sangane på Motor Motel Love Songs er henta.

Sjølv om Jason Collett sin musikk ikkje alltid oppheld seg i trygt sertifiserte løyper, er det selvfølgelig ingenting med desse sangane som skulle tilseie at han ikkje burde hatt eit større publikum. For albumet lykkast med å stadfeste at dette er ein kar som kan kunsten å smi saman skarpsindige pop/rock låtar. Og det er jo heller slett ingen ulempe at han samstundes gjev til kjenne ei markant og uttrykksfull røyst.

Plata dras i gang med litt liflig melankoli i Bitter Beauty, der ein og kan ane spor av The Band-impulsar. Mens låtar som Little Clown, Choke Cherry og Blue Sky står fram som ein utsøkt Jason-mikstur av vemod og håp, delvis kultivert i Wilco-land, delvis snappa opp frå REMs poppige hjørne. Litt twang står også på programmet, i den nydelige countryfolk-balladen Honey I Don't Know, med åpningstonar lånt frå REMs Sweetness Follows, og med ei Mia Sheard på harmonivokal, samt litt smygande steelgitar.

Eit par innbitte ballader i Paul Westerbergs ånd blir og servert, den håpefulle It Won't Be Long, samt eit uannonsert spor som samstundes høyrest ut som eit tittelspor, eit noko uvanleg påfunn kanskje. Men med eit refreng som; "In your motor motel sleepness nights, your dreams all advertised, my love", og ei nerve som gjer den til platas høgdepunkt, er den i alle fall ein uvurderlig hemmelighet.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo