cover

The Long Goodbye

Essex Green

CD (2003) - Track & Field / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Indiepop / Retropop / Countrypop / Folkpop / Psykedelia

Spor:
By the Sea
The Late Great Cassiopia
Our Lady In Havana
Lazy May
Southern States
Julia
Old Dominion
Sorry River
Chartiers
Whetherman
The Boo Hoo Boy
Berlin

Referanser:
The Ladybug Transistor
The Magnetic Fields
Belle & Sebastian
Guppyboy

Vis flere data

Se også:
Everything Is Green/The Essex Green EP - Essex Green (2004)
Cannibal Sea - Essex Green (2006)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Pop i det grønne for fløyte og gitar

Meir velgjerande og innbydande popmusikk frå Essex Green.

The Long Goodbye er det andre albumet frå Essex Green, men som det høver seg for eit Elephant 6-band har dei sjølvsagt fleire jern i elden. Både Sasha Bell og Jeff Baron er fullverdige medlemmer av det fine poporkesteret The Ladybug Transistor, trioen har i tillegg gitt ut ei plate under eit anna navn; The Sixth Great Lake.

På The Long Goodbye serverer The Essex Green oss ein dose velgjerande popmusikk. Denne gongen er syrefaktoren skrudd ned til eit minimum, med det resultat at det er blitt eit mildt og vennligsinna framstøt. I samvær med denne plata kan ein føle seg trygg på at det ikkje kjem uventa bakholdsangrep i form av forvrengte gitarkaskader, ukontrollerte vokale utbrudd eller andre unotar. Risikoen ved å innby til eit slikt behagelig selskap er at det fort kan utvikle seg til kjedsomhet og lange gjesp. Noko denne gjengen elegant unngår med sin friskhet, sine småskrudde innfall samt utvungne musikalitet.

Essex Green har henta inspirasjon frå fleire kjelder, men først og fremst frå ulike idear som rørte seg den siste halvdel av 60-talet. Bandet flettar saman tonar frå psykedelia, folk, country, prog og lagar sin eigen lett melankolske popkollasj.

Noko av bandet sin eigenart kjem til uttrykk gjennom Sasha sitt liflige fløytespel, og det er nettopp slike tonar som bles i gang plata på åpningsporet By the Sea, eit kutt som når sitt klimaks i ein heftig duell mellom fløytetonar og gitardriv. Dette drivet fortsetter i den driftige powerpop-møter-Beach Boys låta The Late Great Cassiopia, der Sasha dessutan syng i eit høgare toneleie enn ellers på plata. For det er ei meir avmålt, men samtidig ytterst sensuell stemme vi møter i sangar som til dømes det perfekte popnummeret Whetherman, med eit enkelt og klassisk refreng. Ein langt meir monumental retning tek dei på den nesten episke Our Lady In Havana, som kviler seg på varme orgeltonar og strykarar; vakker kammerpop.

Det er slett ikkje berre Sasha som syng i dette bandet, på nesten halvparten av spora tar Christian Ziter seg av det vokale. Slik han gjer det på den Morricone-infiserte og dramatisk oppbygde countryfolk låta Lazy Man. Eller når vi blir skjenka country med litt psykedeliske undertonar i nydelige Julia. Sånn kunne eg fortsett og fortalt noko fint om dei fleste sangane på denne plata, for The Long Goodbye er ganske enkelt 40 minuttar med innbydande popmusikk, frå eit band som har brukt den musikalske arven til å skape sin eigen lille verden stundom i løyndomsfulle hagar, andre gonger på ei grønn eng. Heile tida sindig men intenst tilstades i musikken.
Det er sanneleg godt at det finst band som The Essex Green også.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo