cover

From Every Sphere

Ed Harcourt

CD (2003) - Heavenly / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Indiepop / Singer/songwriter / Goth / Psykedelia

Spor:
Bittersweetheart
All Of Your Days Will Be Blessed
Ghost Writer
The Birds Will Sing For Us
Sister Renee
Undertaker Strut
Bleed a River Deep
Jetsetter
Watching the Sun Come Up
Fireflies Take Flight
Metaphorically Yours
From Every Sphere

Referanser:
Brian Wilson
Tom Waits
The Flaming Lips
Harry Nilsson
John Lennon
Elvis Costello
Nick Cave

Vis flere data

Se også:
Here Be Monsters - Ed Harcourt (2001)
Strangers - Ed Harcourt (2004)

(7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7)


Ein forunderlig engelskmann

I'm aware that I'm speaking but the words come out wrong, So I'll put it across in a simple song.

Av og til dukkar dei opp, disse platene som stemmer så aldeles perfekt. Den treng nødvendigvis ikkje bringe til torgs innovative krumspring, det er nok om den er full til randen av musikk som berre grip tak og får meg til å sitte med eit rart smil om munnen når eg lyttar. Forresten ikkje berre når eg lyttar, dei har gjerne eit så godt tak at dei pregar livet mitt i fleire veker. Noko som fører til at eg kan virke både distansert og sjølvfiksert på omgjevnadene, og sikkert er ein smule irriterande å forhalde seg til. Det er utvilsomt sunt at dette ikkje skjer altfor ofte. Sist eg opplevde noko slikt var med Wilco sin Yankee Hotel Foxtrot (2002), men nå har det altså skjedd igjen. Denne gangen er det Ed Harcourt sin andre fullengds-CD From Every Sphere som har forårsaka tilstanden. Etter 3-4 gjennomhøyringar begynte eg å ane konturane av beskrivelsen over. Problemet er at då er det for seint, ein er blitt avhengig og lyt berre stå løpet ut; plata må spelast i hjel. Noko som sjølvsagt viser seg å være like mislykka kvar gong, den blir jo berre betre og betre for kvar runde den gjer i CD-spelaren. Det einaste som tilslutt nyttar er å kapitulere og innrømme at nok ein gang har eg klart å bli hinsides oppslukt av ein liten rund dings med musikk på. Då er det endelig håp igjen, og situasjonen normaliserer seg gradvis.

Det skulle ha vore eit dobbeltalbum. Det skulle hatt tittelen The Ghosts Parade, og det skulle være eit ambisiøst konseptalbum om spøkelser, eventyr, fantasiar og draumar. Eit lengre kjærlighetsforhold gjekk imidlertid i oppløysning i starten av prosjektet, slik endte Harcourt opp med mange sangar om savn og lidenskap. Når i tillegg plateselskapet hans var nokså negative til ideen, blei den skrinlagt. Tittelen kunne likevel framleis vore dekkande, for spøkelser av ulike valørar har ei framtredande rolle på albumet. Den har nå tilslutt endt opp med ein annan tittel; From Every Sphere, det er ein god tittel det og, for Ed Harcourt forsyner oss med opplevelsar frå mange sfærer her. Det handlar om dei harde realitetane og uregjerlige fantasiane, om håpefulle draumar og svette mareritt, om fortida sine spøkelser og framtida sine forhåpningar, men aller mest handlar det om livet, om kjærligheten og om døden.

Han debuterte i 2001 (rett skal være rett; 6-spors EPen Maplewood (2000) var hans aller første utgivelse) med Here Be Monsters, ei samling med fleire briljante poplåtar av det melankolske slaget, den hadde rett nok sine svake spor, men var samla sett ein særdeles lovande debut. Heilt sidan den gang har han ofte blitt plassert i samme singer/songwriter tradisjon som for eksempel Tom McRae og David Gray, men Ed har mange fleire strengar (og ikkje minst tangentar) å spele på enn som så. Det er sikkert farlig å seie det, men med From Every Sphere har han gjort ei plate som snarare gjer han fortjent til å samanliknast med folk som Brian Wilson og John Lennon. Hans evner som låtskrivar overgår dei fleste i dagens pop- og rockverden, når han i tillegg har ei uttrykksfull sangstemme, er ein talentfull pianist (i tillegg til at han beherskar eit utall andre instrument), og har både klare og eksentriske meiningar om korleis sangane skal arrangeres, ja så har me å gjere med ein usedvanlig skarpsindig popkunstnar.

Sammen med produsent Tchad Blake (som tidligare har arbeidt med blant andre Tom Waits, Pearl Jam og Low) har Ed Harcourt gjort ei plate med eit innhaldsrikt lydbilde, samstundes som dei har klart å behalde nerven og vitaliteten i sangane. Det er popmusikk, men det er popmusikk som krev at ein lyttar, den blir nemlig ikkje servert saman med glidemiddel. Den kan være både uberegnelig og dramatisk, og den kan glefse og sette spor etter seg. Det er musikk som ikkje lar seg putte i nokon bås, den er ikkje laga for å være trendy, den er derimot tidlaus og skapt av ein ung mann som har noko på hjerte.

Så velkommen inn i Ed Harcourt sin musikalske verden, slik den fortonar seg på From Every Sphere. Ein både snodig, eventyrlig og vakker plass å opphalde seg. Frå sval og svaiende pop i åpningsporet Bittersweetheart, med undertonar av tristesse; "If I could only see straight, I wouldn't be lonely these days", til det atmosfæriske og monotone drama i det avsluttande tittelkuttet. Innimellom her renner det på med fantastisk pop og rock i ulike tapningar. Enkelt og forførande i The Birds Will Sing For Us, men med ein tekst eg oppfattar som paranoid kamp mellom mismot og håp. På All Of Your Days Will Be Blessed drar han det heile i gang med pumpe-orgel, før tette psykedeliske tonar fyller på i ein meir optimistisk up-tempo affære.

Ghostwriter er skummel og surrealistisk pianobasert funk, med ein vilter trompet og djevelske rytmar og gitartonar, i ånda til Captain Beefheart og Tom Waits (eg synest å kjenne igjen nokre tonar frå ei Barbie Bones-låt inni der og). I samme skeive sjanger er den endå skumlare og definitivt dystrare Undertaker Strut, der me møter djevelen forkledd som ein begravelsesagent på jakt etter uforsiktige sjeler. I balladen Sister Renee er det lengsel og savn som er tema, noko som går igjen ved fleire anledningar på plata, men på denne er savnet, litt aparte, retta mot ein sjukepleiar som gjorde eit heftig inntrykk ein gong ved sjukesenga, og for å understreke temaet er låta utstyrt med lengtande munnspeltonar. Slike tonar blir og brukt i den duvende og dynamisk oppbygde Jetsetter, som for øvrig inkluderer min favorittstrofe på plata; "I'm aware that I'm speaking but the words come out wrong, So I'll put it across in a simple song". Bleed a River Deep er det minst begivenhetsrike sporet på plata, men ein sordinert trompet og varsomt pianospel hever også det.

På den oppløftende sangen Watching the Sun Come Up tyner han stemma meir enn nokon plass ellers på plata, låta har ein fyldig produksjon ("big music"), utan at det tar varmen og begjæret frå den. Til tonane av ein innbydande melodi skildrar han i Fireflies Take Flight ein marerittliknande tilstand, med tåkete draumar og påfølgande søvnvanskar. Samlivets besværligheter er temaet i den lett psykedeliserte Metaphorically Yours, her synest eg å høyre påvirkning både frå Arthur Lees Love og The Beach Boys (ca. 1970). Ed Harcourt legg for øvrig ikkje skjul på at han i sin eigen musikk, er influert av andre sine musikalske bravader. Han har ingen ambisjonar om å være ein grensesprengande innovatør, men han lagar sangar som begeistrar meg som lyttar, og større krav stiller eg ikkje.

comments powered by Disqus

 



Per
2003-04-16Boikottes

Alle seriøse platekjøpere bør boikotte denne platen. Den har kopisperre og slike plater kjøpes ikke. Sorry, Ed!

Arild
2003-04-18Nei takk

Skal seriøse platekjøpere boikotte herlig musikk på grunn av kopisperre?. Håpløst forslag. Plater vurderes da først og fremst utfra kvaliteten på tonene og ikke utfra kopieringsmuligheter.

W. L. Martinsen
2003-04-22Kopisperre er naturlig

Kopisperren har nok kommet for å bli. Dessverre.

Og årsaken er jo de siste årenes ekstreme utbredelse av piratkiopiering.
Mange av de som er frustrerte over kopisperren har bare seg selv å takke.

Det er nok ikke slik at det er plateselskapene som er den store stygge ulven.

Selvfølgelig vil de forsøke å stoppe det enorme tyveriet som har pågått de siste årene.

Geir J
2003-05-27Ja Takk begge deler!

Kopisperre er greit hvis den selges for en lavere pris og ikke kalles CD plate, for den har jo ikke CD-logoen. Et dårligere produkt bør ikke ha samme pris som en ordinær CD plate. Brukeren bør kunne velge hvilken pris og kvalitet han/hun vil betale for. Hvis kopiproblemet er så stort så vil jo det lønne seg?

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

JO JO !!! JA JA !!!...
16.08.17 - 14:09

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo