cover

Streets of Sin

Joe Ely

CD (2003) - Rounder / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Countryrock / Heartland rock / Americana

Spor:
Fightin' For My Life
I'm On the Run Again
A Flood On Our Hands
All That You Need
Run Little Pony
Streets of Sin
95 South
Carnival Bum
Twisty River Bridge
That’s Why I Love You Like I Do
Wind's Gonna Blow You Away
I Gotta Find Ol' Joe

Referanser:
Butch Hancock
Jimmie Dale Gilmore
Steve Earle
Bruce Springsteen
Dave Alvin

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


You Gotta Find ol' Joe

Joe Ely si vemodsfulle, men skarpslepne stemme er tilbake med nok eit album av den solide sorten.

"I'm ridin' through the middle of some god forsaken town
Dark figures from the shadows, they're tryin' to cut me down"

Det er nokre år sidan sist eg høyrde den no, røysta til Joe Ely. Det er nesten så eg hadde gløymt korleis denne mannen si følelseslada stemme kan herse med nakkehåra mine og kitle fram geléfølelsen i mellomgolvet. I alle fall når han trør til med pur levande og virile tonar som i det Butch Hancock-komponerte åpningssporet Fightin' For My Life.

Han har vore med ei stund no, den godaste Joe. Det er faktisk over 30 år sidan dei første legendariske Flatlanders innspelingane blei gjort, låtane Ely spelte inn saman med nevnte Hancock og Jimmie Dale Gilmore, men som først blei offisielt gitt ut i 1990. I 1977 debuterte Ely så som soloartist i platesamanheng. Og året etter malte han sitt mesterverk med det utsøkte albumet Honky Tonk Masquerade, ein blendande oppvisning i countryrock, western swing, tex-mex og honky tonk. I løpet av sin Europaturné 79/80 utvikla han eit vennskap med gutta i The Clash, og gjorde fleire spelejobbar saman med dei. Noko som var sterkt medverkande til at mannen nokre år på begynnelsen på 80-talet kanskje var den "riktigaste" av alle countryinfluerte artistar å namedroppe i dei rette samanhengar.

Men viktigast er det uansett at han stadig har dukka opp med album det har vore verdt å lytte til. Nå er han ute med sin 16. soloutgjeving (derav fire live-plater - mannen er ein formidabel opplevelse live), fem år etter sitt forrige studioalbum. Streets of Sin er tittelen, og Ely skuffar ikkje. Med sin vemodsfulle, skarpslepne og ganske så særeigne stemme gjer han 10 eigenkomponerte låtar og to som er ført i pennen av kompis Butch Hancock, der han som vanlig beveger seg i landskapet mellom country, folk, blues, rockabilly og heartland-rock. Eller for å seie det med ein liten lignelse; som hvis Bruce Springsteen hadde rent inni ein trailer fullstappa av Texas-musikk i eit vegkryss like utanfor Austin.

Fine øyeblikk dukkar opp som perler på ei snor, men for å halde litt på Springsteen-allegorien; melodiar som A Flood On Our Hands, All That You Need og Twisty River Bridge er i både sin tematikk - om den hardt prøvde 'ordinary guy' - og i sin låtstruktur ikkje ulikt noko den meir kjente New Jersey-fyren kunne gjort i sine aller mest (men dessverre altfor sjeldne) twang-fylte stunder. Raffinert er også det innbitte og vemodige tittelsporet, om ein kar som har "brent fingrane" på storbyens lunefulle muligheter, og som helst kunne tenkt seg heim igjen til sin meir rurale opprinnelse. Mens albumets mest typiske countrylåt er den fine kjærleiks-erklæringen That's Why I Love You Like I Do. Personlig er eg likevel kanskje aller mest svak for Carnival Bum, som er ein slags jazz-møter-country affære, der Joe snakkesyng til eit luftig og blått akkompagnement i versa, for så å gå over til full twang i refrenget - smart og verknadsfullt.

Så sjølv om det ikkje er nokon ny She Never Spoke Spanish To Me, Honky Tonk Masquerade eller Dallas her, er det meir enn nok å glede seg over for tilhengerar av rocka countrytonar.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo