cover

The Other Side

Chris Hillman

CD (2005) - Cooking Vinyl / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Bluegrass / Gospel / Folk / Americana

Spor:
Eight Miles High
True Love
Drifting
The Other Side
Heaven My Home
Touch Me
The Wheel
True He's Gone
Heavenly Grace
It Doesn't Matter
Missing You
The Water Is Wide
I Know I Need You
Our Savior's Hand

Referanser:
The Byrds
Flying Burrito Brothers
The Desert Rose Band

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Trivialitetar

Den gamle Byrds-bassisten er nok minst åtte mil unna gamle høgder, på sitt nyaste soloalbum.

Det er ein merittert mann som smiler mot oss frå coveret på The Other Side. La oss like godt ta ei kortfatta oppsummering av kva han har vore med på:

Etter at The Byrds sin fremste låtskrivar Gene Clark trakk seg ut av bandet, fekk bassisten Chris Hillman ei meir framståande rolle. Med låtar som Time Between og The Girl With No Name byrja han å dra bandet litt meir i countryretning. Våren 1968 var han derfor ivrig pådrivar for å få den visjonære rikmannssonen Gram Parsons med på laget. Og då Parsons eit halvt år seinare, etter å ha vore kreativ leiar for ei klassisk Byrds-innspeling (Sweetheart of the Rodeo), drog vidare, vart Hillman med han. Saman danna dei The Flying Burrito Brothers, og spelte inn den kanskje fremste av alle countryrock-juvelar: The Gilded Palace of Sin. På 70-talet var han med på eit par kortvarige The Byrds tilbakekomstar, han samarbeida med Stephen Stills i denne sin Manassas-periode, han var ein del av trioen Souther Hillman Furay, og han byrja så vidt på ein karriere som solo-artist. Eit par soloalbum dukka også opp i første halvdel av 80-talet, før han over ein 10 års periode prioriterer countryrockbandet The Desert Rose Band. I nyare tid har han søkt mot meir tradisjonelle countrytonar. Så på ein måte er ringen slutta, for han kom i si tid til The Byrds frå ein bluegrass-kvartett.

På The Other Side fortsette han sitt liv blant hevdvunne tonar. Det er country, folk og bluegrass som i hovudsak vert spelt på akustiske strengeinstrument. Med seg har han ein rutinert gjeng. Sentral i biletet er hans mangeårige samarbeidspartnar Herb Pedersen, og Steve Hill som har blitt ein meir eller mindre fast låtskrivarpartnar dei seinare åra.

Dei fleste komposisjonane er originale Hill/Hillman låtar. Då er det kanskje litt talande for kvaliteten på desse at det er eit par coverversjonar som tiltrekker seg mest merksemd. Aller først har Hillman hatt mot nok til å gjere ein fjellfrisk versjon av Byrds-klassikaren over alle, Eight Miles High. Låta som på 60-talet var i front for den psykedeliske invasjonen. Det er ikkje mykje psykedelia over Hillman si utgåve, men harmoniane sit bra og strengeleiken er grøderik, så derfor smiler vi og synest dette er sjarmerande. Ei definitiv pluss-oppleving er også måten han nærmar seg It Doesn't Matter på. Ei folksy låt han skreiv saman med Stephen Stills på 70-talet. Her og blir det gjort på enklaste vis, men elegant, frampå og oppriktig.

Blant dei ni låtane Hillman har skrive i kompaniskap med Steve Hill finn vi nok dessverre ein del heller svake saker, noko er habilt, men ingenting er storveges. Det er songar omkring det veldokumenterte kjærleikslivet. Og då dukkar sjølvsagt både anger og lengsler opp, men aldri i djupt fortvila ordelag. Nokre gonger er det også full harmoni; "it's a true love not a new love, that makes my life so much better". Elles er det fleire spor med religiøst innhald, fulle av bøner og lovsong mot den kristne himmel. Ein habil sak frå dette feltet er den gradvis byggande avslutningsballaden Our Savior's Hand.

Stemninga er god, tonen er laus og ledig, og optimismen rår. Men det heile blir eit noko for overflatisk og trivielt lite samantreff, som nok er gløymt idet det har fått sin plass i hylla.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo