cover

Over the Sun

Shannon Wright

CD (2004) - Quarterstick / Viscious Circle / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Punk / Singer/songwriter

Spor:
With Closed Eyes
Portray
Black Little Stray
You'll Be The Death
Throw A Blanket Over The Sun
Avalanche
If Only We Could
Plea
Birds

Referanser:
PJ Harvey
Nina Nastasia
Ani DiFranco
Crowsdell

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Ubehandla

Den elektriske gitar sagar piggtråd, og tekstane vekslar mellom fortviling og stridslyst.

Det er kun tre personar kreditert på innercoveret her. I tillegg til Shannon Wright på vokal, gitar og piano er det Christina Flies på trommer og ikkje ukjente Steve Albini som innspelingsansvarleg. Her skulle det ikkje være fare for overproduksjon, med andre ord. Og det er i sanning eit primitivt og temmelig ubehandla bilde som kjem til syne på Shannon Wright si fjerde plate. Der hennes elektriske gitar sagar piggtråd, der tekstane vekslar mellom fortviling og stridslyst, men svært sjeldan tilbyr forsoning.

Shannon Wright starta sin musikarkarriere i poptrioen Crowsdell, og deires debutplate Dreamette vann ein viss respekt i mindre indiepop-kretsar på midten av 90-talet. Oppfølgjaren vart spelt inn men aldri gitt ut, og Shannon flytta desillusjonert ut på landet og sa seg ferdig med musikken. På tampen av årtusenet dukka ho likevel opp igjen, åleine denne gongen, med den akustiske folkrockplata Flightsafety. Dei seinare utgjevingane hennes har stått fram i eit noko meir uregjerlig lydbilde. Og ikkje minst har live-opptredande hennes eit rykte på seg for å være ganske så frenetiske opplegg.

Og frenetisk kan vi vel trygt seie at Over The Sun også er. Med sine brutale gitarkaskader og sine blødande tekstlinjer er det ikkje akkurat balsam for sjela Shannon har å tilby. Det ho har føre seg her kan faktisk minne ein god del om det P.J. Harvey gjorde på sine første album. Men heilt Polly-klasse er det nok ikkje. For sjølv om dette er uforfalska og likefram, og det er stunder som kan røske både i sjel og kropp, er ho nok ikkje heilt i toppdivisjonen verken som låtskrivar, sangar eller dynamikkskapar. Punktonen og aggressiviteten ho legg opp til er både kvass og flott. Likevel blir den til tider nesten for pågåande og drep dermed noko av den dynamikken som burde vore her, og som i alle fall kjenneteiknar P.J. Harvey når ho er på sitt beste. Litt av dei samme innseiingane har eg og mot den repeterande linja ho fører. For både når det gjeld ordlinjer og akkordlinjer blir desse ofte gjentatt og gjentatt. Det har ein suggerande effekt som slett ikkje er ueffen, men samstundes blir det av og til rett for mykje og står i fare for å bli trøttande istaden.

Dei beste låtane finn eg i hjartet av albumet. Her dukkar den mørke og seige You'll Be Death fram. Throw A Blanket Over The Sun er i likhet med det meste på albumet slett ingen lystig sak, men er melodisterk, vitalt avbalansert og kløktig oppbygd. Sjekk det stadig repeterande "no love is here". Effektfullt. Når ho så lar gitaren ligge i ro, og trør til med både nennsomt og dramatisk pianospel i den jazzige Avalanche, er det både ein velkommen variasjon og ein tiltalande låt ho byr på.

Litt for ujevn og oppjaga til å bli ei storveges totaloppleving. Men ho har såpass til stunder at den nok kan komme til å bli oppsøkt på nytt att likevel.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo