cover

Catharsis in Crisis

Old Time Relijun

CD (2007) - K Records / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Avantgarde / Blues / Funk / Eksperimentell / Indierock / Jazzpop

Spor:
Indestructible Life!

Tightest Cage

Demon Meeting
Liberation
Garden of Pomegranates
Akavishim

Dark Matter

Circular Ruins
Veleno Mortale
Dig Down
Deeper

Wild Harvest
Second Day of Creation
In the Crown of Lost Light

Invisible New

Referanser:
Pere Ubu
Captain Beefheart and His Magic Band
Tom Waits
Morphine

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Demonisk religiøsitet

Med både demonar og ein viss kaptein i ryggen trakkar dei fram med primitive men definitivt groovy skritt.

I gromlåta Moonlight on Vermont, frå det legendariske Trout Mask Replica-albumet, lurte Captain Beefheart i si tid inn ei høgst personlig tolking av den gamle gospelhymna Old Time Religion.

Eg er meir enn skråsikker på at det må vere der denne ikkje heilt stabile banden frå Olympia, Washington har vore og henta namnet sitt. For aldri har eg høyrt nokon føre arven etter Beefheart vidare i eit sonisk leie nærare opp til kapteinen sine bravadar, enn det eksentrikaren Arrington De Dionyso og hans medsamansvorne i Old Time Relijun gjer.

Dei har vore blant oss nokre år allereie. Nærare bestemt sidan midten av nittitalet. Det vil seie det er berre De Dionyso og fyren som høgg hardt på sin tostrengs kontrabass, Aaron Hartman, som har vore med heile tida. Sånn elles har det komme og gått ein del folk. Mellom andre var Mount Eerie/Microphones sin Phil Elvrum med på laget nokre år.

På Catharsis in Crisis er dei fire. I tillegg til dei to nemnte, tutar Benjamin Hartman i saksofonen og Germaine Baca slår trommer. Og kvartetten festar like så godt grepet frå første spor. Gitarlyden er syredrenert og saksofonen brenn, medan dei to andre sørgjer for å halde Indestructible Life i eit skarpt groovy lende. "This is a war cry" gauler De Dionyso i buldrande og frenetiske former, så det skulle vere liten tvil om at han meiner det. Då The Invisible New tonar ut på eggande vis snautt førti minuttar seinare, har dei ført lyttaren gjennom eit temmelig ulendt og slett ikkje heilt trygt terreng.

Catharsis in Crisis er bandet sitt åttande album. I tillegg er det det siste i ein trilogi som De Dionyso har titulert The Lost Light Trilogy. Ein rimelig treffande tittel det, for det handlar mykje om å vere litt på sida av dei mest opplyste trasear. Eller som det vert uttalt i den råbarske rennesteinfunk-saken The Tightest Cage; "I got lost in the wilderness, I got lost in confinement".

Særlig til lys er det heller ikkje der hovudpersonen i Daemon Meeting ved ei feiltaking har hamna. Midt i ein krakilsk demon-konferanse nokre etasjar under bakkenivå. Akkurat idet demonane får ferten av kristenmannsblod og vår mann kjenner den verkelig alvorlige sveitten melde seg, tar De Dionyso ein liten finte for så på mantravis å stille seg det filosofiske spørsmålet "what does it mean to be human?".

Og mon tru om ikkje det er nett eit slikt spørsmål mykje av den bluesfunk/jazzrock-infiserte jakta til Old Time Relijun prøver å finne svaret på. Utan at ein kan seie at dei finn det. For lik dei fleste andre med eit liknande ærend har dei ein tendens til å hamne på villspor. Det er heilt i orden. For det skjer som regel meir når ein er på villspor, enn når ein slavisk følgjer spora i retning av den blankpolerte sanninga.

Eit nøkkelspor er den sterkt lengtande og delvis disorienterte In the Crown of Lost Light. Der De Dionyso opnar med eit djupfølt "oh moonlight"-sukk, før han målber den forsmådde nattevandraren si kjensle av at ting er noko ute av balanse. Eit anna spor eg har kryssa av for med tjukke strekar er den suggestive rakkaren Veleno Mortale, der De Dionyso like godt slår til og syng på italiensk.

Elles kan det vel også nemnast at akkurat som Beefheart ofte gjorde tar De Dionyso seg av coverutsmykkinga sjølv. Her er det strekteikningar av maskerte og umaskerte menneske i syndige positurar. Og så har han, ved hjelp av eit kart, gjort eit forsøk på å illustrere korleis han tenker at låtane på Catharsis in Crisis heng saman. Utan at eg heilt klarer å fylgje nett den tråden.

Strengt tatt er det vel ein del trådar her eg ikkje heilt klarer å fylgje. Men det gjer ingenting, for eg trivst veldig godt her inne eg, blant Circular Ruins, Garden of Pomegranates og slikt.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo