cover

Once More, With Feeling

Tumbleweed

CD (2003) - G-D-C / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Countryrock / Poprock

Spor:
When I Can't Go
Good Luck
Apologies (My Friend)
It's All In Your Mind
Stay Young
Didn't Wanna See You (Looking This Good)
If I Could Give You My Love
Mamas Sing Revisited
Wasted time
Happy-Magic-Sing-a-Long
Who Do You Think I Am?

Referanser:
Muzzlewhite
Cinnamoon
Reverend Lovejoy

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Upretensiøst

Trivelig, liketil og litt vindskeiv countryrock frå Stavanger.

Musikken som fyller dette albumet er på ingen måte spekka med nye og originale idear. Stavanger-bandet Tumbleweed lenar seg istaden mot ein mangeårig countryrock-tradisjon, uten å gjere dei minste forsøk på å flytte grensene, og det høyrest til og med ut som dei trivst med det. Ja, faktisk er det ikkje fritt for at eg som lyttar kan trivast med det også.

Dei tre første spora på Once More, With Feeling... kan kanskje få sleppe unna merkelappen countryrock. For her oppheld bandet seg meir i det vi kan kalle eit vindskeivt poprock landskap. Ingen av låtane er blant albumets beste spor, men alle har ein liten dose sjarm og hygge i seg. På dei tre neste blir det meir country-følelse over Tumbleweed. Med god hjelp av ei livlig fele står dei fram som ei slags lettvekterutgave av Uncle Tupelo. Det tilfører catchy og popinfiserte refrenger der det nok er ei og anna tjuvlånt melodilinje, men aukar så definitivt sjarmfaktoren endå eit lite hakk.

Likevel, det er når vi kjem til If I Could Give You My Love vi begynner å nærme oss albumets kjerne. Her viser dei seg frå ei meir fortetta side, med ein melodi som flyt langsomt avgårde. Men kanskje aller viktigast er Ingfrid Straumstøyl sitt inntog på harmonivokal. Ei rolle som ho i endå større grad blir gitt mulighet til å utfolde seg i på neste låt, Mamas Song Revisited. Der ho og vokalist Rolf Gjesdal fordeler dei to høyttalarane seg imellom ("Flying Burrito-style"), og syng albumets mest utprega country-tilfelle i fanden så uimotståelege vendingar; "a bleeding heart and open-tuned guitar", fele, steel gitar og vemodig hygge. Neste sak inn på teppet fullfører eit aldri så lite hat-trick; Wasted Time er Tumbleweed i eit litt skarpare hjørne, med brass-seksjon i tilnærma Asbury Jukes stil.

Nå klarar ikkje bandet å halde temperaturen heilt ved like albumet igjennom. Produksjonsmessig blir det kanskje litt tandert og kantete til sine tider. Utan at det forpurrar heilhetsinntrykket på plagsomt vis. Eg foreslår heller at ein lar Tumbleweed sin upretensiøse sjarm og velvillige apetitt på lure melodilinjer få pirre sansane litt, sånn i all enkelhet.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo