cover

Short Stories

Lilium

CD (2003) - Glitterhouse / S2 / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkrock / Drømmepop

Spor:
If They Cheered
Locked In Tight
Whitewashed
Lover
Miles Away
Sorry
Sense and Grief
Cavalcade
The Trap
Angels

Referanser:
16 Horsepower
The Czars
Woven Hand
Morphine
Tarantella

Vis flere data

Se også:
Felt - Lilium (2010)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Varsamme hestekrefter

Dei to andre i Sixteen Horsepower serverer melankolsk tonar, saman med mange gjester.

Denver-bandet Sixteen Horsepower har sidan midten av 90-talet levert sin intense mikstur av punk, folk, goth og country. Med eit foreløpig høgdepunkt i 1998-utgjevinga Low Estate. Bandets vibrerande midtpunkt, låtskrivar og sangar David Eugene Edwards har dei siste åra tilsynelatande lagt sjela si i Woven Hand-prosjektet. Og nå har dei to andre faste medlemmene, bassist Pascal Humbert og trommis Jean-Yves Tola, også eit prosjekt på gang.

Dei kallar seg Lilium, og rekker oss med Short Stories ein assortert bukett låtar, henta frå ein grøderik men vemodig anlagt grøftekant. Dei to har og med seg mange gode hjelparar som absolutt bidrar til å gjere dette til ein fin opplevelse. Selvfølgelig stikk Sixteen Horsepower-kompis D.E. Edwards også innom. Og hans deltaking på Whitewashed er med på å gje denne nennsomme folksongen dette inderlige uttrykket som har blitt Sixteen Horsepower sitt kjennemerke.

Men det er som sagt fleire enn Edwards som yte sin skjerv her. På dei fleste spora står Humbert/Tola oppført som ansvarleg for tonane, mens ulike sangarar er brakt inn til å ta seg av orda (både til å skrive dei og synge dei). Humbert og Tola lar også gjestene stort sett få spele hovedrolla på "sine spor", og plasserer seg sjølv som den meir anonyme men likevel nødvendige ryggrada i bildet.

På dei to kanskje vakraste spora er det ei dame med navn Kal Cahoone som boltrar seg. Ho er ellers frontfigur i eit folk-band frå Denver kalt Tarantella, eit navn som skulle borge for både heftige og giftige ord og tonar. I Lilium si drakt stig ho imidlertid forsiktig fram med ei skjør, men du verden så glødande stemme, ikkje så fjernt frå Hope Sandoval. Og det blir ikkje vanskelig å tru på den usikre og skadeskutte hovedpersonen i sangane If They Cheered og Sorry når det blir fortald med slik ei røyst. Særlig sistnevnte i spansk språkdrakt (her også Tom Barman frå dEUS deltar) er eit ualminnelig vakkert og hjerteskjærande musikkstykke.

Daniel MacMahon, som har spelt saman med Edwards i samanheng med Woven Hand, er sangar på Locked In Tight og Sense and Grief. I begge tilfeller er slektskapet til Nick Cave cirka Boatman's Call ganske påtakelig, og særlig Locked In Tight med sitt ledige arrangement har vitalitet i seg til å vekkje interesse. I den litt Ry Cooderske Lover, med ein Jim Kalin som vokalist, blir vi med på ein gripande tur for å finne ho som sa; "don't fall in love with me, if you want to be my lover". Besett av ein håplaus romanse er også hovedpersonen i The Trap, og her er det John Grant frå The Czars som fører ordet, i ein låt i Magnetic Fields sitt terreng.

Av dei ti spora på albumet er tre instrumentalar. Cavalcade er eit hyggelig og blått gjensyn med saksofonen til Dana Colley frå Morphine. Mens den seks minuttar lange avslutningslåta Angels, er ein ambient og svevande tur i Brian Eno-landskap.

Jodå, ein smakfull bukett musikalske eventyr er det Lilium rekker oss.

comments powered by Disqus

 



kneef
2004-02-01melankolsk - minimalistisk - magnifik

For meg er dette fjorårets plate, uten tvil. Aldri har jeg kjøpt ei skive som har snurra så ofte/lenge på anlegget. Rangerer den meget høyt blant mine tusentalls CD og vinylplater. Jeg har ingen ting å supplere med utover O.Bs meget gode og presise anmeldelse - ikke annet en den får topp score hos meg. Denne plata fortjener virkelig å bli hørt!
NB! Please gi meg et tips om denne kommer/finnes på vinyl.

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo