cover

This Is It And I Am It And You Are It And So Is That And He Is It And She Is It And It Is It And That Is That

Marnie Stern

CD (2008) - Kill Rock Stars / Voices Music & Entertainment (VME)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Prog / Punk / Indiepop / Eksperimentell / Avant rock

Spor:
Prime
Transformer
Shea Stadium
Ruler
Crippled Jazzer
Steely
Package Is Wrapped
Simon Says
Vault
Clone Cycle
Roads? Where We're Going We Don't Need Roads
Devil's in the Details

Referanser:
Hella
Deerhoof
Sleater-Kinney
Jane's Addiction
Battles

Vis flere data

Se også:
Marnie Stern - Marnie Stern (2010)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Action

Intrikat, energisk, progressiv og poptastisk, og definitivt noko for seg sjølv. Det er Marnie Stern det.

Det blir visstnok arrangert meisterskap i å spele gitar fortast mogeleg. Å sjå kor fort enkelte klarer å flytte fingrane kan sikkert vere eit interessant skode det, ei veldig kort stund. På same vis som det kan vere interessant å sjå ein ballsjonglør trikse kontrollert med ballen, ei veldig kort stund. Ikkje i nitti minuttar. Nitti minuttar må fyllast med innsats, finessar, mot, sjansar, lidenskap, tabbar og spenning.

Marnie Stern kunne sikkert hevda seg i eit meisterskap i fortspeling på gitar. For ho viser ved fleire høve at fort kan ho spele. Men eg trur aldri ho kjem til å stille på noko slikt, for ho verkar vere opptatt av heilt andre ting. Ho verkar vere opptatt av innsats, finessar, mot, sjansar, lidenskap, tabbar og spenning. Ho driv ikkje med dette for at folk skal gispe over kor fort og fantastisk ho kan spele. Ho driv ikkje med dette for å komme på framsida av Guitar Player.

Ho driv med dette fordi ho har ein trong til å skape. Skape låtar med varande og stimulerande verdi. Spesielle låtar. Hennar låtar. Men ikkje låtar av det ukompliserte, problemfrie, trygge eller alminnelige slaget. For ho synst veldig om å gjere det vanskelig for seg sjølv (og andre). Ikkje ved å ta gitaren med på formålslause soloutflukter. Aldri. Men ved å kaste seg inn i korte inspirerte og intrikate driblemønster, som ho så gjer seg fri frå ved å slå saliggjerande innlegg. Eller ho går til herlige åtak utan å ha sikra seg at forsvarsmekanismane er på plass. Og nesten heile tida tøyer ho formuleringane i regelboka til brestepunktet.

Det blir peist på frå første til siste tone. Pustepausane kan teljast på ei hand, men å telje temposkifta, akkordskifta og toneskifta er ei større oppgåve enn å telje dråpane i ei vestlandsk regnbye. Så det fordrast innsats å gjere seg kjent med henne. Men når ein først har tatt seg bryet, kan ein sannsynlegvis ikkje tenke seg å vere kjennskapen forutan. Sånn er det i alle fall med underteikna.

Og for ein tittel ho har gitt sitt andre album: This Is It and I Am It and You Are It and So Is That and He Is It and She Is It and It Is It and That Is That. Ein tittel inspirert av ei plate den ukonvensjonelle engelske filosofen Alan Watts gav ut tidleg på 60-talet. Eg overlet til andre å gjere ein filosofisk analyse av den, men at This Is It kan eg absolutt vere med å skrive under på.

Marnie Stern er som de heilt sikkert no har skjønt særdeles aktiv med den elektriske gitaren sin. Enten ho lar den gjere ugagn, intensiv motstand, poengterte utflukter, eller praktfulle understrekingar. Men, dette er ikkje ei gitarplate. Like viktig for det endelige uttrykket er rytmikken. Frå trommekrakken ført i hende av Hella-trommis Zach Hill. Ført i hende på laussloppe, energisk og rastlaust vis. Og bakom ein buldrande bassgitar står John Reed Thompson, nokså stødig.

Men, dette er ingen instrumentalplate. Langt i frå. Marnie Stern syng også ho. Tidvis på ein måte som får ein til å lure på om ho kan ha tatt songtimar hos Yoko Ono, eller kanskje soge vel kraftig frå Helium-flaska. Men tru ikkje at det ikkje er beint fram fabelaktig. Når ho syng. Som Ono. Som heliumdrenert. Som ei rock'n roll-prinsesse frå New York City. Og når ho mangedoblar røysta si, og høyrest ut som eit pop-psykedelisk kor på jakt etter frodige eventyr.

Zach Hill har produsert. Ein kan høyre det kvilelause jaget, transformasjonane og den uregelmessige innstillinga ein kjenner frå hans Hella. Men eg sansar også ei ljomande popnerve som Stern nok er hovudarkitekten bak.

Albumet er eksperimentelt, men med ein tydelig, og slett ikkje taumelaus, regi. Låtane har eit mildt sagt variert vesen. Dei fylgjer på ingen måte velkjente melodiske strukturar. Men dei er fulle av melodisk velforma linjer. Stundom kan ein tenke at det fer i prog-retning, men før ein får tenkt ferdig er det punk som faen. Eller bitande støy. Eller pur pop. Samstundes som albumet i sitt altomfattande vesen har ein nesten merkelig stram konstruksjon (og ein rimelig kongruent framtoning).

Ho syng, ho snakkar, ho ropar. "Get on to your knees, defenders" lyde mantraet i den innleiande punka pep-talken Prime. "The future is yourself" vert det ropt i ein liten opning i elles bombastiske Transformer. "You rea-rearrange your mind" syng ho overtydande i det sylskarpe og funky punknummeret The Package Is Wrapped. Før ho i avsluttande The Devil Is In the Details, til tonane frå brennande gitardronar og suggererande rytmar, gjev uttrykk for at ho "need some action". Som om vi ikkje har skjønt det.

Innimellom desse får vi servert mangslungne og popfrenetiske Ruler, som har sitt aller mest essensielle augeblikk idet den på stigande speed stuper inn i refrenget; "grabbing victory out of the jaws of defeat ...." Snakk om å gå i psykedelisk fistel. Den manande og repeterande Crippled Jazzer er ei annleis, men omlag like strålande oppleving. Saltomortale-rocken i Vault går på ingen måte på trynet. Og den melodifokuserte og monumentale overkøyrselen Roads? Where We're Going We Don't Need Roads gjer som tittelen indikerar, fylgjer i liten grad merka vegar.

Om du trur du har høyrt alt, men ikkje har høyrt Marnie Stern. Vel, då har du ikkje høyrt alt.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo