cover

Mystic Theatre

Mark Olson and the Creekdippers

CD (2004) - Glitterhouse

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Country / Blues / Gospel / Americana

Spor:
No Water No Wood
Standing In The Sun All Day
Betsy Dupree
Salome
Grand Army Of The Republic
It Don't Bother Me
Wood In Broken Hills
Thirty Miles Of Petrified Logs
Bath Song
Rockslide
Naughty Marrieta
Mockingbird Chase The Crow
Bells of St. Mary

Referanser:
The Jayhawks
Gram Parsons
The Holy Modal Rounders
Peter Case

Vis flere data

Se også:
December's Child - Mark Olson and the Creekdippers (2002)
Political Manifest - Mark Olson and the Creekdippers (2004)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Vindskeiv tradisjonsmusikk

Mark Olson, frua og venner byr på skakke viser frå sitt vesle ørkenhjørne.

Det begynner å bli nokre år sidan 1995 no. Året då Mark Olson tok farvel med The Jayhawks, Minneapolis-bandet som i si tid blei rekna som ein del av den namngjetne No Depression-bølgja. Tredje albumet deires, Hollywood Town Hall, er ein stadig like kjekk affære å vende attende til. Og oppfølgjaren Tomorrow The Green Grass, som var den siste Olson deltok på, inneheld også mykje fint stoff. The Jayhawks har vel aldri heilt klart å tangere desse to albuma etter Olson sin exit. Men når sant skal seiast har vel ikkje Olson heilt klart det med sine post-Jayhawks utgjevingar heller.

Utgjevingar er gjort under ulike konstellasjonar der Mark si kone, den smått eksentriske trubaduren Victoria Williams, som regel også har spelt ei viktig rolle. Første gong dei presenterte seg i CD-format (1997) kalte dei seg The Original Harmony Ridge Creekdippers. Etterkvart har dei moderert seg noko, så her på den sjuande utgjevinga har namnet blitt kutta ned til The Creekdippers.

Heile tida har det vore tonar henta frå folk, country, gospel og blues-tradisjonen som har stått på programmet. Kjenneteiknet har vore eit laust og ledig lydbilde. Upretensiøst, åpent og til tider nesten litt uferdig. Dei fleste platene er spelt inn i paret sitt heimestudio i legendariske Joshua Tree. Og det er vel ikkje heilt fritt for at Gram Parsons si ånd spøker både i og mellom tonane på ein del av det som blir presentert.

Platene har som oftast komme ut på små (eller ingen) selskap. Derfor har det ikkje alltid vore så lett å finne fram til utgjevingane. Mystic Theatre blir utgitt på solide Glitterhouse i Tyskland, men får visst ingen distribusjon i Creekdippers sitt heimland. Blant dei tretten låtane på plata finn vi fleire øyeblikk verdt litt åtgaum. Men innimellom dukkar det også opp spor det kan være litt verre å finne godord om. Tre av låtane er det Victoria som er sjef for (låtskrivar og sangar). Desse er spelt inn under ein annan seanse enn resten, der Mark ikkje eingong var deltakar. Fru Williams si særeigne røyst (ein stad midt mellom Marianne Faithful, Dolly Parton og kjetta Esmeralda) fortel om skjebnesvanger sjalusi i countryballaden Betsy Dupree, medan den dukkar opp i bluesdrakt i It Don't Bother Me, og tar føre seg bade-aversjonar i den tøysete visa Bath Song.

Blant Mark sine ti songar har vi dei som gjev meg litt Basement Tapes-era Dylan-kjensler; No Water No Wood, Grand Army Of Republic. Vidare får vi servert ein hyllest til kjærleiken kalt Rockslide, ein sak ikkje heilt utan sing-a-long kvalitetar. Kvaliteter den deler med Bells of St. Mary, eit finfint "country møter gospel"-tilfelle. Men høgdepunkta på Mystic Theatre er dei to sentralt plasserte kutta Wood In Broken Hills og Thirty Miles of Petrified Logs. Førstnemnte har albumet sine sterkaste melodilinjer, og minner meg faktisk litt om dei ærverdige australienarane Black Sorrows. Petrified Logs er på si side eit meir intenst bluesy stykkje som lurer litt i utkanten av noko Johnny Dowd kunne komme opp med.

På ingen måte sommaren sitt største eventyr, men til tider absolutt trivelig nok likevel.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo