cover

Randall of Nazareth

Randall of Nazareth

CD (2007) - Drag City / Voices Music & Entertainment (VME)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Singer/songwriter / Folkrock / Bluesrock

Spor:
Safety in the Sand
Climbing Trees
It's Nice to Know
Forever Left Turns
Living in Candles
The Way
Ballad of a Sorry Lonely Breaking Man
Read Your Name

Referanser:
Donovan
Fairport Convention
Crosby, Stills, Nash & Young
The Incredible String Band
Peter, Paul & Mary
Beck
Bonnie Prince Billy
Pavement
Smog

Vis flere data

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Traurig kvasifolk

Eit langt gjesp av ei utgjeving. Randall of Nazareth imponerer ingen med denne utgjevinga. Ein saknar temperatur og innleving. Monotonien er drepande.

Randall Huth, eller Randall of Nazareth som han fiffig nok vel å framstå som på plate, er eit nytt kjennskap for underteikna. Artisten er signa på det vesle, men dog innflytelsrike Chicago-selskapet Drag City. Her har storleikar utgjeve ting før han, me kan nemne i fleng Pavement, Smog, Bonnie Prince Billy og Royal Trux. Ein kan i så måte seie at å vere på denne labelen er eit tillitserklæring. Det var difor med høge forventningar eg skreid til verket og høyrde i gjennom dette verket for første gong.

No, etter å ha vore gjennom songane eit tosifra antall gonger, får eg framleis ikkje grep om det mannen freistar å formidle. Og, det er eit stort spørsmål om han i det heile teke har noko å formidle i det heile, for makan til uinspirert kvasi-folk skal ein leite lenge etter.

Me får servert eit låtknippe som tel berre åtte melodiar. Det i seg sjølv er dårleg value for money. Men å dernest prestere å få ein platemeldar til å undre seg om han i røynda har høyrd åtte versjonar av den same songen når ein er gjennom skiva er heilt håplaust. Han lullar avstad og det eine sporet fortset der det forrige slapp og slik held det på til han plutseleg berre er ferdig. Det er ingen raud tråd, det finst ikkje temperatur og ein kan i det heile seie at denne plata ikkje er anna enn et lydoppgulp. Det er fælt å seie det, men denne utgjevinga er ikkje eit såpass respektert selskap som Drag City verdig.

Eg skal gi den godaste Randall ein liten håndsrekning. Songane på plata funkar sikkert greit nok som demoar. Men det er særs få selskap som berre slenger ein demotape rett ut på marknaden, og i alle fall dersom han er såpass ordinær som denne. Randall Huth er ein god rytmegitarist, det skal han ha, men som produsent fell han totalt gjennom. Som tidlegare nemnd er det ein viss temperaturløyse å spore her, og med ein flat, beintfram produksjon utan nokon som helst effektar og dikkedarier som kunne ha løfta songane, blir det diverre eit storslege magaplask.

Det er ikkje stort meir å seie om denne utgjevinga. Eg rådar Randall of Nazareth til å skrive meir varierte låtar og til å hyre inn ein produsent som kan skjere gjennom og krydre musikken i ei større grad. Gjer han det så trur eg at han har potensiale til å lage ei hyggeleg plate, men førebels er dette ein artist som har ein lang veg å gå før han kan ete kirsebær med dei verkeleg store.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo