cover

Winged Life

Shearwater

CD (2004) - Fargo / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock / Pop

Stiler:
Folk / Sadcore / Kammerpop / Americana / Softrock / Poprock

Spor:
A Hush
My Good Deed
Whipping Boy
The Kind
A Makeover
(I've Got a) Right to Cry
Wedding Bells Are Breaking Up That Old Gang of Mine
St. Mary's Walk
The World in 1984
The Convert
Sealed
The Set Table

Referanser:
Okkervil River
South San Gabriel
M. Ward
Talk Talk
The Mendoza Line
Pernice Brothers
American Music Club
Midnight Choir
Chris Isaak

Vis flere data

Se også:
The Dissolving Room - Shearwater (2001)
Everybody Makes Mistakes - Shearwater (2002)
Palo Santo - Shearwater (2006)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Skada, men veldig levande

To karar frå Okkervil i litt mjukare og meir popbygde sfærer.

Tilsynelatande utan å lee det minste på sitt meterbreie vengespenn glir lirefuglen lavt over dei skumfylte bølgjene ute på det store havet. Rolig, elegant og utan å gjere altfor mykje utav seg.

Sånn, det var dagens vesle zoologi-økt. Årsaka til desse linjene er å hente i det faktum at ornitologi-student og fugle-entusiast Jonathan Meiburg har kalt opp bandet sitt etter nett denne sjøfuglen, eller Shearwater som den heiter på hans språk. Og det er faktisk også litt av den same glidande elegansen og roen over tonane til bandet hans. I alle fall gjeld det den delen av økta der Jonathan er i framgrunnen. For herr Meiburg er ikkje den einaste som rår grunnen her. Med seg har han tre andre, og særlig ein viss Will Sheff spelar ei særdeles viktig rolle.

Og då går eg ut i frå at det ringer ei bjelle hos enkelte. For Will er den same Sheff som leiar det utmerka amerikanske folkrock-orkesteret Okkervil River. Eit band som jo også husar nemnte Meiburg. Men til forskjell frå kva som er tilfelle i Okkervil-samanheng har Meiburg ei meir framtredande rolle i Shearwater. Her får han være sangfugl på meir enn halvparten av kutta, og står oppført som komponist på lik linje med Sheff. Uttrykket til Shearwater skil seg og eindel frå Okkervil sin til tider litt uvørne verden. For Meiburg sin hang til å perfeksjonere lydbildet blir nok tatt litt meir omsyn til her.

På deires tredje album, Winged Life (meir fuglemetaforikk), blomstrar det fram både popkjensle og rike dufter, i tonar langt meir fargerike enn drakta til den gråbrune lirefuglen. Ja, albumet er ingenting mindre enn ei lita nakkehår-kjelande godstund. Der Jonathan si honningdraperte røyst og hug etter velproporsjonerte lydar blir konfrontert med Will sine meir energiske, intense og skakke innfallsvinklar. Lik ei elegant fugleflukt som møter skipbrudden angst på ei værbitt flåte. Slik oppstår dualitet med eit særdeles vinnande vesen. Viss eg så skulle gjere eit forsøk på å plassere dette på eit musikk-kart synest eg å sjå Shearwater vandrande langs dei snirklete linjene som litt haltande bind ihop American Music Club, Midnight Choir, Palace Brothers og Talk Talk.

Tolv spor har dei å by på. Tolv historiar, nokre minimalistiske og ordknappe, andre meir omfangsrike. Det vemodige dominerer, men her finst også stunder som flyg på lettare venger. Korvidt det er lette vengeslag som har frakta hovedpersonen i A Hush dit han no oppheld seg, er vel heller noko tvilsamt. Uansett, til temperert gitar- og banjoplukking bringer Meiburg her vidare nokre utsagn frå ein som har forlatt livet på jorda. Fortsatt med livet i behald, men ellers noko motlaus, er den sengeliggjande pasienten i det kraftfulle pop-tilfellet (I've Got a) Right to Cry. Medan pop, slik ein hybrid mellom Mark Eitzel og Stephin Merritt muligens ville vore, er å oppleve i Sheff låta A Makeover. Sheff er også hovedansvarlig for albumet si aller finaste stund, den drøyt 6 minuttar lange Wedding Bells Are Breaking Up That Old Gang Of Mine. I eit sparsomt lydbilde bore fram av akustisk gitar, lap-steel og litt hammond orgel får vi høyre historia om han som ser sine kameratar vekse opp og stifte familie;

"Now they're all paired off and kissing the other half goodnight,
and then falling deep into the same sleep,
while walls and warm sheets shut out the light,
And I'm the only one, at the top of my lungs,
who's still singing Sweet Adelines..."

Ei lågmælt og ubeskrivelig vakker skildring av nostalgi, sakn og einsemd. I nesten samme klasse finn vi The Convert. Den Sheff-saken på albumet som kanskje ligg nærmast Okkervil-lyden. Intens folkrock med lengsel i kvar ein tone, og poetiske linjer som;

"though what once was clear is now so blurred and smeared,
your love felt more pure once your voice disappeared..."

Det er mange sterke kjensler som gjer seg til kjenne på albumet, men aldri drar Shearwater ting over i pompøse retningar. For Winged Life er lyden av rasjonelt plasserte lydkjelder, og varleg men raffinert dynamikk. Sjølv på eit spor som Sealed, der Meiburg verkeleg tar i på det vokale plan, er instrumentene få, og lyden av dei ganske så tøyla. I alle fall fram til avslutninga, då alt som var i studio synest å få fritt spelerom i eit kakafonisk halvminutt. Litt sånn atmosfæriske kan dei og finne på å være, særlig i avslutninga The Set Table. Ein affære som heng ihop til tross for sin noko collage-aktige fasong (Tindersticks smeltar saman med Talk Talk etter ein sein aften i Itchycoo Park, eller noko slikt).

Skakt og skadeskote, mjukt og deilig. Shearwater er softrock anno 2004, og betre enn det meste av den californiske vellyden frå 70-talet (så det så).

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo