cover

Big Eye Little Eye

The Golden Dogs

CD (2007) - True North / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Indierock

Spor:
Dynamo
Never Meant Any Harm
Construction Worker
Saints at the Gates
Run Outta Luck
Painting Ape
Strong
Theresa
1985
Life on The
Force of Nature
Wheel of Fortune

Referanser:
Blondie
The B-52's
Wings
Supertramp
The Police
XTC
The Shins
Modest Mouse
Wolf Parade

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Offensiv bjeffing

Pop som rockar i veg med ei offensiv innstilling og ein dugande meloditeft, men ikkje med det store særpreget.

Det fremste våpenet til Toronto-kvartetten The Golden Dogs er deira offensive innstilling. I fotball eller sjakkverda ville denne innstillinga sannsynlegvis ha ført dei opp i trøbbel. På Big Eye Little Eye fører den dei inn på eit litt meir usikra og spenningsfullt territorium enn der ei meir kontrollert åtferd hadde ført dei. Eller for å seie det på eit litt anna vis, det er den offensive innstillinga som skil dei frå å drive heller formålslaust rundt midt inne i eit overfylt indierock felt.

Eg går utifrå at The Golden Dogs er omtrent like ukjent for dei fleste andre som dei er for underteikna. Så ein kort biografisk gjennomgang er kanskje på sin plass. Historia deira strekk seg tilbake til byrjinga av 2000-talet. Den omfattar i første rekke låtskrivar og fremste kreative kraft Dave Azzolini og hans kone Jessica Grassia. Dei to spelar på fleire instrument, og dei deler på det vokale. Debutalbumet deira kom ut for tre år sidan, bar tittelen Everything In 3 Parts, og var sett saman av to EP'er dei kom med i løpet av sine første år. Big Eye Little Eye er oppfylgjaren.

Det er mykje syttital å spore i låtmaterialet til Golden Dogs. Men det er ikkje eit smalt område av syttitalet dei har peila seg inn mot. Dei turar fram i nabolaget til New York Dolls med Dynamo, dei snusar på noko grytidleg Police-stoff i Never Meant Any Harm, for så i Painting Ape å trampe litt uvørent på tonar som kan minne om noko Supertramp har hatt for seg. Ein coverversjon av ein syttitals-låt gjer dei også. Paul McCartney sin Nineteen Hundred and Eighty Five. Utan heilt å få liv i den. I alle fall ikkje før dei går litt viltert til verks med eit par gitarar mot slutten. Noko dei forresten føler seg fri til å gjere ved eit par andre høve også.

Av meir samtidige akter har dei i den tøyleslause framferda si eit og anna felles med band som Modest Mouse og Wolf Parade. Og når dei søker mot dei verkelig høgtsprudlande poptonar kan ein ane konturane av både The Shins og The New Pornographers baki der. Speedige låtar som Construction Worker og Runouttaluck skulle vere popkjekke uttrykk for nett det.

Det at eg i løpet av desse linjene har tydd til utstrakt namnedropping kan kanskje vere illustrerande for særpreget til Golden Dogs. For det kan vel neppe seiast å vere av det mest imponerande slaget. Slik eg høyrer dei her er dei nok meir eit band på jakt etter ein signatur enn eit som har funne den. Eg har imidlertid høyrt rykte om at dei er eit heidundrande live-band. Nett det trur eg så gjerne. Samstundes ser eg heller ikkje bort ifrå at dei ved neste korsveg har meir av seg sjølv å vise fram. Det er noko med den offensive innstillinga deira som seier meg det.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo