cover

Don't Ask Don't Tell

Michelle Shocked

CD (2006) - Mighty Sound / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Country / Blues / Poprock / Jazz

Spor:
Early Morning Saturday
How You Play the Game
Don't Ask
Used Car Lot
Hardly Gonna Miss Him
Evacuation Route
Fools Like Us
Elaborate Sabotage
Don't Tell
Goodbye
Hi Skool

Referanser:
Ani DiFranco
Shawn Colvin
Alanis Morisette
Mary Chapin Carpenter
Lucinda Williams

Vis flere data

Se også:
Got No Strings - Michelle Shocked (2006)
Mexican Standoff - Michelle Shocked (2006)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Ei hard dame

Eit ruinert ekteskap, ei merkelig forvandling og ein funky fest.

Det nærmar seg tjue år sidan no at Michelle Shocked si debutplate kraup heilt til topps på dei engelske independent-listene. Med særdeles enkle midlar tok den engelske produsenten Pete Lawrence opp låtar som den då unge Texas-kvinna spelte rundt leirbålet under Kerrville Folk Festival i heimstaten sin. Spartansk, siriss-perkussivt og bålknitrande, og med meir enn dusinet fullt av eigenskrivne låtar viste The Texas Campfire Tapes (1986) fram ein tidvis løfterik og energisk artist. Michelle fylgde opp eit par år seinare med den meir konvensjonelt produserte, men kanskje vel så interessante, Short Sharped Shocked. Bitande og tonevennlig folkrock med ein gunstig snert country i årene. Og i tekstane kom ho med eit og anna utfall mot maktmenneske og systema deira, men for det meste opererte songane hennes på det mellommenneskelige og nære plan.

Som den opposisjonelle og eigenrådige dama ho var treivst ho ikkje i armane på det store plateselskapet Mercury. Og etter nokre års kamp kom ho seg i 1996 laus frå kontrakten. Etter den tid har ho sjølv hatt den heile og fulle kontrollen over utgjevingane sine.

Idet 2004 gjekk mot sin slutt fekk Michelle Shocked det fryktelig travelt med å spele inn musikk. I tidsrommet 12-31 desember spelte ho inn to plater. Og produktiviteten forsvann ikkje i løpet av nyttårshelga heller, så derfor spelte ho like godt inn ei tredje i januar. Nå er ikkje den samla speletida på platene lengre enn at låtane kunne blitt samla på eit dobbeltalbum. Når Michelle likevel vel å halde eit fokus på dei som tre separate utgjevingar (ei sanning med visse modifikasjonar, i heimlandet vart dei også tilbydd samla under vignetten Threesome) har det nok litt å gjere med at dei vart til i tre ulike studio med tre ulike produsentar. Samstundes har dei vel såpass forskjelligarta karakter at dei kanskje har det greiast kvar for seg.

Det beste albumet frå denne verksame tida er Don't Ask Don't Tell. Her femnar Michelle Shocked om eit relativt breitt felt av den Amerikanske musikkarven. Frå jazz via blues og country, og til ganske så heftig rockande saker. Texanaren Dusty Wakeman (som mellom anna har vore involvert i sterke plater av Lucinda Williams og Dwight Yoakam) er ansvarleg for produksjonen. Han spelar også bass, og har med seg på laget fire karar som tilsaman sikkert kan skilte med å ha deltatt på fleire hundre innspelingar. Erfaringa seier at slikt nødvendigvis ikkje treng vere det beste utgangspunktet for dei glødande seansane. Korleis det går her? Har definitivt høyrt daffare musisering. Sprekare også, men eg trur nok det går an å hevde at dei fem stort sett syter for at Michelle har ei meir enn solid nok sonisk støtte til å trekke det maksimale utav av låtane sine. Det blir aldri gjort forsøk på å bevege seg utafor oppgåtte spor, men spora blir stort sett forsert på vakent og inspirert vis.

Fleire av songane på albumet er farga av at Michelle sitt ekteskap gjekk i oppløysing like i forkant av innspelingane. Ho drar fram mange av kjensleaspekta ei slik hending kan vere årsak til. Ho gjer det utan å bli brysamt privat, sentimental eller pinlig uforsonlig. Ho gjer det med ei låtsamling ein kan finne meining i å konsultere. Men ho gjer det utan ei like dirrande nerve og storveges låtkraft som ein finn i dei verkelig store seperasjonsalbuma (Blood On the Tracks, Shoot Out the Lights, Heartbreaker).

I ein kort opningssekvens høyrer vi ei sint mannsstemme, og lyden av noko som blir knust (eit hjerte?). Ein liten kontrast er det då at låta som fylgjer i særklasse er albumet sitt mest idylliske. Jazzig og døsig skildrar Early Morning Saturday samlivslykke tidleg ein laurdagsmorgon. I eit liknande, om enn kanskje litt meir swingande jazzmønster lever også Hardly Gonna Miss Him og Goodbye. Men tekstlig er det meir smertelige ting som blir tatt opp i desse.

Heilt ned på kne finn ein aldri Michelle i desse songane. Smerta ho måtte kjenne på kontrar ho stadig vekk med små myndige stikk mot den andre parten. Som i den smygande og twangy Elaborate Sabotage. Eller den konvensjonelt poprockande Fools Like Us.

Albumet har forresten også nokre låtar med annan tematikk. Dei to som tilsaman utgjer albumet sin tittel høyrer med blant desse. Dei er også to av dei beste låtane på plata. Don't Ask er ein coolt snikande og heit bluesy affære. Ein part Cpt. Beefheart, ein part Dr. John, og resten ei skarpt snakkesyngande Michelle. Historia ho fortel er av det noko surrealistiske slaget. Opningslinja skulle vel seie sitt; "Did I ever tell you about the time I was changed into a rabbit?".

Don't Tell er på si side eit funky stampande R&B nummer som omhandlar konsekvensane av ein fuktig sommarfest nede ved Lake Pontchartrain. Der vertinna i ettertid blir saksøkt av ein hardt-drikkande festdeltakar for å ha neglisjert at han nesten drukna. Kva ho synst om det? "Wizzard is a gizzard, his chitlin' ain't chit, and the whole town thinks he's a chickenshit."

Ho spelte inn tre, men ho kunne vel eigentlig ha nøydd seg med å gje ut denne.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #63: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 7

Krigstegneserier ble lest av gammel og ung og holdt minnet om andre verdenskrig friskt. Superheltene fristet derimot magrere kår i Norge. Ble de for futuristiske og teknologioptimistiske for tidas tilbakeskuende klima?

Podium

Hovedsiden / Siste:

MUSIKERE SØKES TIL POP-ROCK ...
29.08.14 - 10:51

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:50

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:25

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Ought - More Than Any Other Day

(Constellation)

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot.

Tidligere: