cover

Shadows

Teenage Fanclub

CD (2010) - PeMa / Voices Music & Entertainment (VME)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Softrock / Folkrock

Spor:
Sometimes I Don't Need To Believe In Anything
Baby Lee
The Fall
Into The City
Dark Clouds
The Past
Shock And Awe
When I Still Have Thee
Live With The Seasons
Sweet Days Waiting
The Back Of My Mind
Today Never Ends

Referanser:
The Byrds
The Beatles
Beach Boys
Badfinger
Raspberries

Vis flere data

Se også:
Words Of Wisdom And Hope - Teenage Fanclub & Jad Fair (2001)
Four Thousand Seven Hundred and Sixty-Six Seconds: A Short Cut to Teenage Fanclub - Teenage Fanclub (2002)
Four Thousand Seven Hundred and Sixty-Six Seconds: A Short Cut to Teenage Fanclub - Teenage Fanclub (2002)
Man-Made - Teenage Fanclub (2005)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


I skyggen av nittitalet

Det har blitt atskillig mindre power i popen til Teenage Fanclub med tida. Men fin kan den framleis vere.

Det var nittitalet som var Teenage Fanclub sitt tiår. Frå Bandwagonesque til Songs From Northern Britain foredla og formidla dei poptonar som sjeldan var noko mindre enn uimotståelige. Dei gjorde det med jangle, power og harmonisong. Med Big Star og The Byrds som rollemodellar, og seg sjølve som freidige og livskraftige arvtakarar.

Dei tre låtskrivarane og hovudarkitektane, Norman Blake, Gerard Love og Raymond McGinley, nytta ikkje overgangen til det nye årtusenet til å revolusjonere poptonen sin. Men fullt så livskraftig som den hadde vore kjentes den ikkje lenger. Med Shadows er dei komme fram til sitt fjerde album sidan nittitalet tok slutt. Fem år etter sitt førre, det John McEntire produserte Man-Made. Det som var av kantar då er filt bort nå.

Det er eit ganske så sedat poplandskap dei har komme inn i, der Big Star vel neppe kan seiast å ha den store rolla lenger. Men arven etter The Byrds kan framleis sporast. Spesielt i eit par av Norman Blake sine bidrag. I den vennlegsinna og sorglause When I Still Have Thee, der mannen namnedroppar både Rolling Stones, Go-Betweens og The Red Army, og minnast "a minor song in a major key". Ein Roger McGuinn-vind bles også tvers igjennom veldreidde Back Of My Mind, der det handlar om eit kjært minne som ikkje lenger har plassen i dei sentrale tankefelt. Begge songane fortener ein plass i kategorien "Pop som gjer godt".

Det same gjer Gerard Love sin Sometimes I Don't Need To Believe In Anything. Ein popsong med eit kontant driv, fløyteinnslag, og små psykedeliske flekkar. Ein song der songaren helst vil rette synet mot "the glowing sunset on an august night", men der "the sadness in her eyes" tek frå han lysta til å vere særlig sterk i trua på ei glødande framtid.

Men Shadows er ikkje eit album der melankolien har eit overtak. Neidå. Lyset, og slikt som høyrer lyset til vinn over mørkret albumet igjennom. Sjølv når det er haust. "The leaves on the trees shield my eyes from the sun, but the leaves that I see they won't be there for long" syng Raymond McGinley i den lakoniske folkpopaffæren The Fall. Ja endåtil der dei stormfulle bølgjene har overtaket er det eit håp bak horisonten. "Sweet, sweet days are waiting there for you" syng Gerard Love i den særdeles mjukt forma Sweet Days Waiting.

Til tider er Teenage Fanclub nå så mjuke i formene at det dei driv med vel snarare bør få karakteristikken softrock framfor powerpop. Utan at nett det skal haldast imot dei, for i dei tilfella der poptonen treff har den framleis noko uimotståelig over seg. Så får det heller vere at treffprosenten har blitt noko labrare med åra.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo