cover

The Silver Gymnasium

Okkervil River

CD (2013) - Ato

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Folkrock

Spor:
It Was My Season
On a Balcony
Down Down the Deep River
Pink-Slips
Lido Pier Suicide Car
Where the Spirit Left Us
White
Stay Young
Walking Without Frankie
All the Time Every Day
Black Nemo

Referanser:
Arcade Fire
The Shins
The Decemberists
Shearwater
Pulp
Bruce Springsteen

Vis flere data

Se også:
Don't Fall In Love With Everyone You See - Okkervil River (2002)
Stars Too Small to Use - Okkervil River (1999)
Down the River of Golden Dreams - Okkervil River (2003)
Down the River of Golden Dreams - Okkervil River (2003)
Black Sheep Boy - Okkervil River (2005)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Oppvekst

’We can never go back, we can only remember’. Ein låtskrivar minnast barndomen, og finn fram til poptonen i sitt eige orkester.

Det er blitt skrive mange bøker om barndom, om å vekse opp. Mange er det som har laga songar om det også. Frå Bruce Springsteen til The White Stripes, frå Pink Floyd til Pearl Jam. Med The Silver Gymnasium har Okkervil River laga eit heilt album der dei formative åra står i fokus. Scena er den vesle staden der bandets songar og låtskrivar Will Sheff vaks opp. Meriden, New Hampshire, med sine ca 500 innbyggarar. Her hadde han, på åttitalet, ein barndom med sin dose idyll samstundes som det usikre og det smertelige også var med og prega den. Han finn ein balanse i framstillinga som gjer den fengslande å fylgje.

Will Sheff er ein eminent låtsmed. Han har øyre for å fange både dei gode og dei fengande tonane, og med sin omgang med ord overgår han det meste av det som blir forfatta av songtekstar der ute i rock'n roll. Sånn har det i grunn vore frå første stund. Frå han presenterte seg med krokete viser i grumsete farvatn (Don't Fall In Love With Everyone You See), til han no i 2013 søker meir mot den soniske hovudstraumen i midten, med tonar av breiare karakter. Orda dei har alltid komme i imponerande straumar, som toneforfølgde noveller. Og har handla om slikt som oftare gjer vondt enn godt. Han drog det ganske så grundig i retning av den svartaste natta på førre plate, I Am Very Far. På The Silver Gymnasium fer han motsatt veg. Gluggar blir opna. Noko sorglaust skin på tonane. Det såre som ligg i botn blir ikkje tungt og traurig. Blikket som vender seg bakover er ikkje eit oppgjerets blikk.

Avstanden gjer nok sitt til at det blir slik. Dei tjue åra som er gått sidan oppveksten førte han ut av fødestaden, og etter kvart til Austin Texas, har nok lega ein del sår. Og gjort minna av ein barndom som handla like mykje om sjukdom og mobbing som om ubekymra leik i skogsholtet handterlige. I alle fall, det er ingen bitter flyktning som kryssar sine spor på denne plata. Det er ein mann midt i trettiåra som evnar å vere både oppriktig og ettertenksam, og som i tillegg krydrar forteljinga med ein solid gåtefull faktor.

Down the River of Golden Dreams heiter ei av dei eldste platene til Okkervil River. Det kan avgjort diskuterast kor gylne dei var draumane som dukka opp langs ferda. Men tittelen, tilliks med bandnamnet, er i alle fall med og illustrerer at elva, som bilde, som metafor, som kraft, har ei viktig rolle hos Sheff. At det sentrale kuttet på The Silver Gymnasium ber tittelen Down Down the Deep River kan derfor vanskelig hamne i kategorien for dei store overraskingane. Det er ein song som dekker så godt som heile spekteret av kva barndomen hadde å by på. Frå gleda over dei store filmane og dei fantastiske songane "that you taped from off the radio", til spenninga "and all that difficult shit in those tender years", til redsla, til smerta då du låg der mørbanka, og far din kom og bar deg heim og lova deg at han alltid ville vere der. Versa dansar lettbeint fram, har eit dynamisk sting og eit visst slektskap til Pulp sin legendariske Common People. Teksten har ei livslyst i seg, men den er alt anna enn blåøygd. Kvart vers vert avslutta med eit åtvarande "it's not all right, it's not even close to all right". Før eit drivande refreng kjem inn og breier både ytterligare uro og hektande harmonitonar over sakene, i nokre sekund. Det er ein song av den sorten eg ikkje klarer å få nok av.

I produsentrolla har Sheff denne gongen plassert John Agnello. Ein fyr som var der og dreiv med slikt allereie på åttitalet. Utan at han verken har fått lov til eller prøvd å legge eit utprega åttitalssound over sakene. Men den sonisk reinaste plata i Okkervil-katalogen har det blitt. Det går kanskje an å kalle den Okkervil River si popplate. Nokon vil sikkert seie at dei likte bandet betre då dei var litt meir rufsete og indie-aktige. Eg kan også greitt finne to-tre plater i katalogen eg sikkert vil hevde er betre (Black Sheep Boy, The Stage Names, Down the River of Golden Dreams), men eg har på ingen måte vanskar med å finne bandet særs attraktive i årets drakt heller. For det finst meir enn ein song på plata som gjer underverker.

Lido Pier Suicide Car opnar nennsamt. Berre Sheff, ein akustisk gitar og forsiktig gnissel. Den flyt av garde, vakker og trist, før den ekspanderer og blir ganske så heftig. Kva den handlar om er ikkje soleklart. Men døden er i alle fall på visitt, og krefter, store krefter, guddommelige og øydeleggande. Den er eit drama, eit fasettert drama.

Pink Slips er ein kraftfull popsong. Sonisk likefram, samstundes som den flørtar med noko toneskakt, halvpsykedelisk. Sheff er i Texas, desillusjonert, og stiller spørsmål ved om denne barndomen er noko å sjå tilbake på i det heile. "This wish to go back… when I know I wasn't ever happy! show me my best memory – it's probably super crappy". Songaren filosoferer sjølvironisk med kraftfull røyst. Ser seg sjølv utanifrå, og er ikkje veldig imponert. Den guten som var lykkelig i "227" dagar, kva vart det eigentlig av han? Eit svar, framført med eit litt skjelmsk blikk, er "He's the laureate of the Granite State, and now he doesn't even write, he just riffs".

På sitt mest urovekkande er plate i låta Walking Without Frankie. Eit rop etter ein som ikkje lenger er her. Ein som tok livet sitt. Det mest Springsteenske augeblikket heiter On A Balcony. Medan songar som Where the Spirit Left Us og White har trivelig popynde i seg utan at det blir fornekta at livet alltid møter på ein vinter, og det blir for kaldt til å drukne. "Then the winter's here, and it's too cold to drown, and I'm nearly whited-out, snowblind, like it's no business of mine if life doesn't want me around".

Og til slutt kjem Black Nemo. Med lette steg, popraffinement, ultradynamiske overgangar og harmonisong per excellence. Ein song eg har blitt ufattelig glad i. "I'm going away, floating away on a tide" er eit slags omkved. Meriden er fjern. Songaren var innom, blant minner, blant spøkelse, alt vart ikkje klart for han, for det å gå tilbake slik går eigentlig ikkje an, no dreg han. "Light as air he's leaving. There... he's gone".

Men The Silver Gymnasium er her, og vil nok ikkje bli borte med det første.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo