cover

Home to You

The Peasall Sisters

CD (2005) - Dualtone / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Folk / Americana / Bluegrass / Gospel

Spor:
Home to You
Rushing Around
Freight Train Blues
Logtown
Gray County Line
Angel Band
I Never Will Marry
The Old Church Yard
Fair and Tender Ladies
The Old Account
Carrick Fergus
Where No One Stands Alone

Referanser:
The Carter Family
Dixie Chicks
Dolly Parton
Nickel Creek

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Frå ei lun stove

Tre tenåringssøstrer med sjarmerande, lune og til tider vektige countrytonar i ei tradisjonell form.

Dei har ganske tidleg fått føle på heideren og åtgaumen sitt vesen, dei tre syngande og strengespelande Peasall-søstrene. I dag er eldste søster Sarah 18 år, Hannah er 14 og Leah 12. Men dei var atskillig yngre då dei i 1999 var dei syngande stemmene til barna til George Clooney sin rollefigur i den sjarmerande filmen O Brother, Where Art Thou? Soundtracket skulle etterkvart få vel så mykje merksemd som sjølve filmen, og ei bølgje av friske tradisjonelle fjelltonar, country og bluegrass vaks seg om ikkje gedigen så i alle fall stor nok til at artistar som Ralph Stanley, Alison Krauss, Gillian Welch og altså The Peasall Sister velfortent nok fekk retta eit skarpare lys mot seg. Ein turne med tittelen Down From the Mountain fylgte, og dei tre unge søstrene frå White House i utkanten av Nashville var med.

Eit debutalbum (First Offering) med i store trekk religiøse coverlåtar kom hausten 2002. Men no er tida komme der dei ikkje kan overleve berre på sjarm lenger. Dei skal byrje å bevege seg frå barnestjernestatus og over i eit meir substansielt lende. Noko dei til ein viss grad også maktar med dette albumet. Framleis er det ein sjarmfaktor her som dei nok flyt ein del på, men samstundes viser Home To You at jentene er i ferd med å modnast som artistar. Tre av låtane har dei komponert sjølve, og desse er heilt på høgde med resten av materialet. Dei to eldste jentene har og arrangert fleire av dei gamle songane sjølv. Så ja, dette er jenter som i stor grad verkar å styre retninga sjølv.

Innspelingane er gjort i same studio som Johnny Cash nytta for sine siste American Recordings. Ja, sonen til den store høvding, John Carter Cash, er sterkt involvert her som produsent (og kona hans Laura spelar fele). Det er blitt eit album med eit lettbeint om enn kanskje litt for einstonig mønster. Alle låtane lever i eit akustisk og strengerikt fellesskap, og i arrangementer av god gamal og hevdvunnen art. Det er sjølvsagt ganske opplagt å trekke trådane tilbake til Carter Family, men dei har jo også sine nyare åndsfrendar i Dixie Chicks og Nickel Creek, og det er heller ikkje så heilt ulikt tonane Dolly Parton hadde på programmet tidleg på 70-talet.

Det er yndefullt og rett så vakkert. Til tider blir det kanskje i søtaste laget, men aldri i nærleiken av kvalmeframkallande. Som tittelen illustrerar handlar dette om dei nære ting, familie og nostalgi, lengsel og ein himmel som ventar. I den eigenkomponerte balladen Logtown syng dei på vemodsfullt vis om den forfalne vesle staden nede ved Mississippi sine bredder der forfedrane kom ifrå. Gray County Line handlar om den unge jenta som drar ut i verda på måfå, og mora som sit heime og saknar. Sentimentalt? Jodå, men i høvelige former, og med ein jazzblå og litt uventa tonekombinasjon i refrenget. Tradisjonelle Angel Band som dei også akkompagnerte rulleteksten på den nemnte Coen-filmen med, kjem i fin voggande form. Medan jentene på Carrick Fergus er å høyre i sine kanskje aller finaste vokalharmoniar.

Sjå ikkje bort frå at desse søstrene enten i kompaniskap eller soloformat kan kreere verkelig substansielle og eineståande saker, berre dei får litt meir levd liv på kontoen først.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo