cover

Monsters of Folk

Monsters of Folk

CD (2009) - Rough Trade / Indie

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Countryrock / Poprock

Spor:
Dear God (sincerely M.O.F.) 

Say Please
Whole Lotta Losin' 

Temazcal 

The Right Place 

Baby Boomer 

Man Named Truth
Goodway
Ahead of the Curve
Slow Down Jo 

Losin Yo Head
Magic Marker
Map of the World
The Sandman, the Brakeman and Me
His Master's Voice

Referanser:
Bright Eyes
M. Ward
My Morning Jacket
Crosby, Stills, Nash & Young
Traveling Wilburys
Golden Smog
The Byrds

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Fire fyrar får det til

Noko så uvanlig som ei supergruppe med noko å by på.

Det var i 2004. For Bright Eyes hadde det gått to år sidan Lifted, og I'm Wide Awake, It's Morning var enno minst eit halvår inn i framtida. M Ward hadde gjort sin Transfiguration of Vincent, men enno ikkje skrudd i hop sin Transistor Radio. Og My Morning Jacket var midt mellom It Still Moves og Z. Det var då Conor Oberst, Matt Ward og Jim James for første gong fant saman på ei scene, og spelte songane sine (og andre sine) for kvarandre, og sitt publikum.

Det blei fleire scener, og fleire songar. Monsters of Folk var det ein og annan som byrje kalle opplegget deira. Og så endå fleire, til dei til slutt vart heitande så. Dei hadde det kjekt i hop, men det var ikkje ein prioritert del av deira artistliv. Dei fem åra som er gått har likevel fostra ein idé om å gjere noko meir utav det; lage ei plate i lag til dømes. No er ideen effektuert.

Når ein ser på desse namna, og tenkjer på alt det storarta dei har gjort i sine hovudprosjekt, er det klart at ordet supergruppe er meir enn nærliggande å tenke. Dette langt meir hata enn elska ordet. Forståelig nok. For av dei mange storarta som har kome saman på dette viset før, har få, veldig få, hatt noko vettug å by på. Det har som regel utarta seg til ein uinteressant kamp mellom sterke ego, eller ei meiningslaus øving i minste felles multiplum, der partanes beste (og nest beste) songar blir gøymt unna til eigne stunder.

Crosby, Stills & Nash (& av og til Young) var blant dei første av dette slaget. Og bort imot den einaste konstellasjonen eg kan kome på som ikkje stadfestar regelen over. Men som i staden hadde ei og anna sterkt inspirert og blomstrande stund. Trass eit namn som får alle fordommar til å gå i heilspenn; slike stunder byr forsyne meg Monsters of Folk på også.

Det verkar ikkje som dei kjempar om merksemda. Dei verkar oppglødde og villige. Dei yt og dei gjer. Dei er på lag. Og aller viktigast; dei bringe til torgs låtar det er meiningsfullt å komme dragande med. Nye låtar, gode låtar. Låtar som er på høgde med slikt dei plar presentere i eigne gode stunder, på nokre smådaffe unnatak nær.

Dei tre har også med seg multiinstrumentalist og produsent Mike Mogis. Conor Oberst si høgre hand i Bright Eyes, og produsent av mang ei finfin plate. Han har vore med å skape eit laust og ledug sonisk bilde. Og han har sikkert vore medansvarlig for at uttrykket har blitt eit tilnærma banduttrykk, og ikkje eit uttrykk med tre overtydelige solosignaturar.

Ingen andre enn desse fire spelar på plata. I beste The Band-tradisjon byter dei på å spele ulike instrument, og dei byter på å synge. Og det sagt; dei karakteristiske stemmene deira, og låtane sin tidvis noko gjenkjennelige struktur, sørgjer nok for at dei fleste songane har sitt bumerke.

Men opningssporet er vanskelig å henge på nokon av dei. Dei tre songarane ber her kvar sitt vers, og rundt ein sløy trommeloop blir Dear God meir trip-hop enn folk slik vi kjenner det. Resten av plata held seg derimot innafor det utvida folkbegrepet.

Med den sfærisk harmonerte og episke Temazcal kjem Conor Oberst opp med ein av sine beste songar sidan I'm Wade Awake-albumet. Og like bra er hans Ahead of the Curve og Map of the World. Begge kjem dei i melodisk velproporsjonert skapnad. Ingen driv inn i dei desperate former. Gnagande møye vert like fullt uttalt. Særlig i den sistnemnte, der ei sveitt midtlivskrise blir dissekrert. I den første, ein type oppbrotssong, slepp Oberst og hans medsamansvorne til "a piece of the sunshine", og det er jo sjeldan bortkasta.

Stemma til Conor Oberst gjer seg også inspirert gjeldande på Baby Boomer. Eit sprettent og margkitlande M. Ward nummer, der oksygenet dansar og overskotet boblar. Frå same manns hand må ein vel rekne med at det lettbeinte og artige 50-tals rock'n roll nummeret Whole Lotta Losin' også har sitt utspring.

Jim James på si side trur eg skal ta på seg veldig mykje av ansvaret for den dynamisk klorande og lausslopne sørstatssaken Losin' Yo Head. Og han har nok også hatt sitt å seie for korleis The Right Place countryrockar i vene former. Legg her spesielt merke til linja "I needed you like you needed me, people, they need piano-keys", og korleis pianoet der kjem trillande inn. Raffinert.

Joda, dei veit å få det til desse karane. Også når dei ikkje har hovudrolla. Det står vel faktisk litt respekt av slikt.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo