cover

Rabbit EP pt 1

Poormans Hollywood

CD-EP (2003)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Heartland rock

Spor:
Light of the Moon
Coming Home
To Said Lover
Rabbit
Streets

Referanser:
Bruce Springsteen
Bob Seger
Steve Earle
Dave Alvin

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Der Blue Boulevard møter Thunder Road

Tradisjonell og velprøvd rock frå debuterande Oslo-basert band.

Ganske langt unna Hollywoodsk glamour, staffasje og forfina tonar gjer denne Oslo-kvintetten sin variant over konvensjonell amerikansk rock'n'roll. Kall det Americana, kall det Heartland, kall det roots rock; tradisjonelt og velprøvd er det i alle fall.

Rabbit EP er Poormans Hollywood sitt første framstøt i innspelt format, og inneheld fem låtar som stort sett opererer i trygge omgjevnader. Slik åpningssporet Light of the Moon er ein god eksponent for; Bob Seger møter Bruce Springsteen ("nothing is moving except my engines"), melodiøst med tæl, og eit innlagt Born to Run-break. Veteranen Lasse Hafreager er blant medlemmene i bandet, og orgelet hans er veldig tilstades på det meste her. Låtskrivar, og vokalist av solid klasse, er Thomas Larsen. På gitar figurerer Kjetil Moslåtten (med ein far som har gjort både Birgjit Lien og krasafarne steinbuer kjent her i landet). Saman med den sedvanlige rytmeseksjonen fell dei dessverre av og til for freistinga å pøse på med for mykje lyd på ein gong. Dermed blir dynamikken og nerva i nokre av låtane litt skadelidande. Coming Home er ein av låtane som lir under dette. Tittelsporet har også nokre av dei samme problema, sjølv om Thomas Larsen si kraftfulle stemme innimellom kjem til sin rett her. To Said Lover derimot er Steve Earle-aktige tonar i samspel med pumpeorgel og beherska innspel frå resten av gjengen. Plata sin beste låt i eit luftig og tiltalande arrangement, nydelig. Dette området bør dei søke meir rundt i.

Når dei så i Streets avsluttar med noko som lett går an å innbille seg er Dave Alvin og Chuck Prophet i heftig driv nedover ei bakgate, "Just like gettin' high", er Poormans Hollywood veldig lett å like. Så neste gang når eigenarta sannsynlegvis kjem litt meir til syne, og arrangementa blir endå litt meir gjennomtenkte (gjennomsiktige) ser eg ikkje bortifrå at vi kanskje har ein liten godbit i vente.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo