cover

Icky Thump

The White Stripes

CD (2007) - XL / Playground

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Bluesrock / Countryrock / Folk / Poprock

Spor:
Icky Thump
You Don't Know What Love Is (You Just Do as You're Told)
300 M.P.H. Torrential Outpour Blues
Conquest
Bone Broke
Prickly Thorn, But Sweetly Worn
St. Andrew (This Battle Is in the Air)
Little Cream Soda
Rag and Bone
I'm Slowly Turning Into You
A Martyr for My Love for You
Catch Hell Blues
Effect and Cause

Referanser:
Led Zeppelin
Meat Puppets
The Black Keys
The Soledad Brothers
The Rolling Stones

Vis flere data

Se også:
Elephant - The White Stripes (2003)
Elephant - The White Stripes (2003)
Get Behind Me Satan - The White Stripes (2005)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Tilbake til gitaren

Jack har igjen tatt eit godt grep om gitaren, men han og søstera er ikkje like sprelske som ved førre korsveg.

Det har komme meg for øyra at det var rett så mange som følte seg snytt sist gong Jack og søstera gav lyd frå seg. Get Behind Me Satan lydde ordren dei snerra fram den gongen. Før dei stupte uti det i eit forsøk på å skape eit litt annleis og meir vidtfemnande sonisk bilde. Den elektriske gitaren fekk berre spele ei birolle. Pianoet fekk langt fleire replikkar. Ja, sannelig om ikkje ein støvete Marimba fekk det også. Falsettsong, funk og eit ikkje så reint lite laust ledig og leikent vesen prega plata minst like mykje som blues-skalaen. Eg likte den veldig godt den gongen. Eg likar den like godt i dag.

White Stripes har ikkje blitt verande der ute i det fruktbare villnisse. Dei har søkt heimatt. På Icky Thump har dei gitt større deler av bildet tilbake til bluesen, og det er atter ein gong gitaren som spelar hovudrolla. Og ja, vi har høyrt det før. Men er det bra kan vi vel tåle litt til. Så er det bra? Tidvis.

At Jack White kan sin Jimmy Page har han vist før. Eg kan likevel godt tåle meir av det slaget når det kjem i slike former som det gjer i tittelkuttet. Med røffe gitarparti, tøff vokalfrasering og eit velfundert lite stikk inn i innvandringsdebatten; "White americans, what? Nothing better to do? Why don't you kick yourself out, you're an immigrant too".

Ein litt meir lakonisk zeppelinsk innfallsvinkel vel han i 300 M.P.H. Torrential Outpoor Blues. Men ikkje ein svakare ein, snarare meir djevelsk, og med ein skikkelig kjekkaskonklusjon; "One thing's for sure in that graveyard I'm gonna have the shiniest pair of shoes".

Så får det heller vere at Meg ikkje kan sin Bonham. Det prøver ho forresten ikkje å gje inntrykk av heller. Ho held seg til sin enkle og primitive stil. Det fungerer greitt det også. Stort sett. Av og til kjem ho også litt til orde. Som når ho i tillegg til å dunke effektivt på trommeskinna fører ein fiffig samtale med broderen innimellom versa i den sprelske bluesrockrap saken Rag and Bone.

Det er ikkje all bluesen på Icky Thump som er like bra. Nokre nummer blir for baktunge og blodfattige. Stundom blir ein også sittande å kjenne på at den minimalistiske stilen og den forsøksvis presise koloreringa deira kanskje kan bli litt for kjølig og gjennomtenkt. Den er dynamisk stikkande og stilfull, men forårsakar i litt for liten grad heit panne, sveitt nakke og den der prikkande kjensla.

Ved nokre høve søker dei mot tonar ein ikkje er heilt vant med å høyre frå deira kant. Utan at eg vert sittande med eit håp om at dei utforskar dette meir. For eg opplever dei som nokså traurige når dei med innleigd blåsarhjelp prøver seg i latinoformer i albumet si einaste lånte låt Conquest. Eg kan også styre mi begeistring for White Stripes i skotskrutete formasjon (med sekkepiper og det heile) i sing-a-long saken Prickly Thorn, But Sweetly Worn, og i det definitive botnpunktet her, den Meg-vokaliserte nonsensgreia St. Andrew (This Battle Is In the Air).

Då kjem dei langt betre i frå det når dei slenger beina på bordet og i god gammaldags Keith-på-fest-med-Gram stil countryrockar seg gjennom You Don't Know What Love Is. Eller når dei søker mot primetime Meat Puppets i pasjonerte A Martyr For My Love For You. Attraktive er dei også når dei travar ut av arenaen i oppstemte og melodivinnande countryrock-former med Effect and Cause.

Icky Thump flyttar seg lettare og meir overtydande enn Elephant og De Stijl, men er nok ikkje den dynamiske duoen på sitt beste. Til det blir den litt for ujamn.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo