cover

Under the Unminding Skies EP

Patrick Park

CD-EP (2003) - Badman / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Folk / Singer/songwriter

Spor:
Love Is a Bomb
Nothing's Wrong
Untitled
Caroline Goodbye
Home For Now
Will the Circle Be Unbroken

Referanser:
Don McLean
Eric Andersen
Ron Sexsmith
Elliott Smith
Ryan Adams
Rhett Miller

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Enkelt og greit

Hovedpersonen her presenterer seg som ein relativt tradisjonell traktør av popbasert country og folk.

Med ein EP beståande av seks låtar, derav fire eigenkomponerte, presenterer Patrick Park seg som ein relativt tradisjonell traktør av popinfisert country og folk.

Patrick Park levde sine barne- og tidlegaste ungdomsår i utkanten av Denver, Colorado. Med ei mor som gav ut diktsamlingar og ein far som beskjeftiga seg med folk og blues, bestemte unge Patrick seg tidleg for kva han ville drive med. Etter å ha spelt nokre år i ulike lokale punkband, flytta han i 1999 til Los Angeles. Her fordreiv han tida med ulike strøjobbar og utstrakt låtskriving. Litt demo-innspelingar, og kassettkopiar til medhjelparar og kjenningar blei det og. Men det var når han traff på produsenten Dave Trumfio (Wilco, The Handsome Family, The Mekons) og denne fatta interesse, at Patrick for alvor kom i gang med artist karrieren.

Under the Unminding Skies tek av med litt frodig melankolia i åpningssporet Love Is a Bomb. Etter den noko ordinære visa Nothing's Wrong, kjem høgdepunktet med innbitte Untitled, ein sang som vekslar mellom forsiktig mimring og giftige utbrudd. Medan Home For Now er folkpop som kan minne litt om The Proclaimers (utan skotsk aksent). Coverlåtane er ein nedtona og litt for sukkerbelagt versjon av Zombies Caroline Goodbye, samt ein countryblues utgave av den gamle Carter Family klassikaren Will the Circle Be Unbroken.

Patrick Park slår ikkje ut i full blomst denne gongen, men så er jo dette kun apperitiffen også då. Hovedretten, i form av eit full-lengds album (der ingen av låtane frå denne EPen er representert), er allerede ferdiglaga og ligg klar for servering. Eg ser slett ikkje bort frå at den kan være rett så velsmakande.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo