cover

Amusement Parks on Fire

Amusement Parks on Fire

CD (2005) - V2 / Invada / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Indierock / Shoegaze / Prog / Psykedelia / Støyrock

Spor:
23 Jewels
Venus In Cancer
Eighty Eight
Wiper
Venosa
Asphalt
Smokescreen
The Ramones Book
Local Boy Makes God

Referanser:
My Bloody Valentine
Spacemen 3
Pixies
Sigur Rós
Ride
Smashing Pumpkins
Spiritualized
My Vitriol

Vis flere data

Se også:
Out of the Angeles - Amusement Parks on Fire (2006)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Kraftige flammar

Ein gledesdrepande jypling frå Nottingham som har oppdaga fuzzpedalen.

Dei som er opptatt av slikt har visstnok sensa ein Shoegaze-revival den siste tida. Ja NME har til og med gått så langt at dei har lansert begrepet nu-gaze. Eit idiotisk påfunn, sjølvsagt. Har vi ikkje nok meiningstomme sjangernemningar? Og forresten, trongen til å presse pedalen i botn og la gitaren støye vart no aldri heilt borte, sjølv om Kevin Shields ikkje klarte å finne inspirasjon til å fylgje opp Loveless.

Amusement Parks On Fire frå Nottingham er eit av namna som har blitt tildelt plass på denne revival-bølgja. Og sidan lyden som kjem dundrande utfrå debut-albumet så definitivt er gitarfrenetisk og feedback-metta er linken mot Shoegaze heilt i orden den. Likevel, ut frå kvalitetane som gjev seg til kjenne i løpet av dei dryge førti minuttane opuset driv fram, fortener det også å bli vurdert som noko meir enn ein liten komponent i ein oppkonstruert sjanger.

I ein alder av 16 år byrja Michael Feerick å skrive musikken til det som skulle verte Amusement Parks On Fire. I all hovudsak står same jypling også bak den instrumentale utfoldinga og dei vokale innslaga på albumet. Via Geoff Barrow (Portishead) sin Invada label fant albumet vegen ut i ei og anna butikkhylle sommaren 2004, utan at den tok vegen vidare inn i stovene til folk i omfattande mengder. Eit visst rykte byrja likevel å spreie seg om at her var stoff verdt å sjekke ut. Så derfor prøver Invada ein gong til, og denne gongen i samarbeid med den meir internasjonalt fokuserte labelen V2.

Han harvar ikkje ny mark, eller plantar nye trer i skogen, men med ei fresande og monumental innstilling set han så absolutt fyr på både tenkte fornøyelsesparkar og verkelege tonar. Nå er bålet rett nok i ferd med å slokne ved eit par høve, men ungkalven klarar å få flammane i gang igjen.

Nådelaust og pauselaust smeltar ni låt-titlar saman til eit verk der nyanserte fargar og oppstemte augeblikk er sterkt undertrykt. Kva han reint konkret har å melde kan nok vere ei utfordring å få med seg. Han skriv nemlig ikkje teksten på veggen, men syng den med sped røyst i djupet av det stormande flammehavet. Fragmentert sansing og velgrunna instinkt seier meg likevel at her er atskilleg meir angst og beven enn håp og fryd. Ja når det melodisk friskaste og mest popfikserte tilfellet er titulert noko så sjukelig som Venus In Cancer er det vel små sjansar for at livet blir omtalt i optimistiske vendingar.

Midt inni ein nesten ugjennomtrengelig gitarvegg og i selskap med hektiske trommeløp dukkar litt av den same popkjensla som i Venus In Cancer også opp i Venosa. Dei resterande vokaliserte linjene på albumet gjer seg tilkjenne i ei meir Billy Corgan-slekta og kjenslelada framstilling. Dei beste av desse finn ein i åtte minuttar lange Wiper. Ein koloss som bygger seg inn mot eit monotont støyande angrep der eit gjentakande "bring the prison down" står sentralt, før den brått legg seg til ro og fredelige pianotonar fører den mot sin avslutning. Og det er dei instrumentale partia som legg beslag på mesteparten av tida. Albumet er ramma inn av to instrumentale spor. Den sakte flytande 23 Jewels, og den skrallande støyveggen Local God Makes God. Og meir midt i feltet ligg Asphalt, der varleg piano klimpring etterkvart vert konfrontert av desperate gitarfakter.

Like så vel som å lene seg til Shoegazer nemninga kan ein trekke fram både progrock og støyrock. Viktigast er det uansett om ein kan ha noko igjen for å nærme seg sakene. Det kan ein.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo