cover

Sunbathing Animal

Parquet Courts

CD (2014) - Rough Trade

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Post-punk / Punk / Garasjerock

Spor:
Bodies
Black and White
Dear Ramona
What Color Is Blood
Vienna II
Always Back In Town
She's Rolling
Sunbathing Animal
Up All Night
Instant Disassembly
Duckin and Dodgin
Raw Milk
Into The Garden

Referanser:
The Velvet Underground
The Modern Lovers
Television
Wire
Sonic Youth
Pavement

Vis flere data

Se også:
Light Up Gold - Parquet Courts (2013)
Tally All The Things That You Broke - Parquet Courts (2013)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Gitar og groove

Fullstendig umoderne, men heilt og fullt no, no, akkurat no, og i morgon, og deretter…

Rått er ikkje den nye vinen. For rått er det blitt gjort før. Av ganske så mange, sidan musikkhistorias morgon. Likevel, det funkar framleis. Det funkar å legge tankar om staffasje og fikse innfall til sides, søke til beinet, til margen, og ta det derifrå. Slik Parquet Courts gjer det. Slik dei har gjort det på sine tidlegare utgjevingar, og slik dei gjer det, med lengre låtar, og kanskje ein tanke meir konvensjonelt, på Sunbathing Animal.

New York tok bustad i Parquet Courts allereie før dei fire i bandet kom flyttande dit (i hovudsak frå Texas) for nokre år sidan. New York slik det fortona seg i låtane til The Velvet Underground, til The Modern Lovers, til Sonic Youth. Saman med ein kompakt dose postpunk frå ei vidare verd bur New York der framleis, sterkt og tydelig. I tillegg noterer eg denne gongen at bluesen har kome til bandet. Slacker-koplinga som eg registrerer ofte blir hengt på bandet kan vel også seiast å vere der, men eg synst ikkje den er eksepsjonelt opplagt.

Parquet Courts er opplagte. I frenetisk vigør, heilfrelste på konsise riff, hissig skinger og rammande groove. Men ikkje berre i eit og same mønster. Det er definitivt ein avstand mellom tittelkuttet sitt halslause tempo og Dear Ramona sin tilbakelente haldning. Like definitivt som det er ein avstand mellom She's Rolling sitt duvande, gravande groove og uforedla bluesvesen og Instant Disassembly sitt likeframme og fint suggererande folkrockuttrykk. Dei to siste låtane drar seg forresten begge godt over seks minuttar. Medan dei resterande opererer i det klassiske pluss/minus tre minuttar lendet. Ikkje heilt som på fjorårets Light Up Gold altså, der låt etter låt var unnagjort på under to minutt.

Det tekstlige er gitt ein noko større plass på Sunbathing Animal enn på dei tidlegare framstøyta til bandet. Men ikkje på She's Rolling. Det er ei låt av få ord, til gjengjeld effektive. "She's racing through the dark, She's racing through the dark, She's racing through the dark, She's racing through the dark, and I, I can feel her burning in the back of my mind" lyde det siste av to vers, om eit sakn, eit ganske så klassisk sakn. Resten tar duvet og groovet seg av, i samkvem med desperate gitargjerningar, og ein rufsete munnspelsolo, spelt av ei kvinne, Lea Cho, den einaste utanom bandet som spelar på plata.

I den andre lange songen stiller det seg annleis. Instant Disassembly er ein fyldig historie. Ein fyldig og knugande historie, og eit enkelt lite gjentakande gitartema. Eg kallar det folkmelodisk. Eg anar noko Dylansk, og litt Zevonsk Carmelita. Eg opplever det fascinerande. Eg høyrer Andrew Savage vende seg til Mamasita. Eg høyrer han be henne om å ta vare på han no når eit mørke er i ferd med å sluke han. Eg høyrer Savage synge om eit forhold som viklar seg inn i ganske så destruktive former. Mot ein undergang, mot ei bøn om å få sleppe fri, frå eit tilvære med umoglege pustetilhøve. I si form, i sin tone, i sitt vesen, er det ikkje ein song eg venta å finne på denne plata, men det er ein song eg er glad eg fant her.

Eg er også glad for at Raw Milk er her. Seige, brennande, lumske Raw Milk. Songaren syng om froskelydar, obskur dansing, og suspekt heimabrygg. Men mest handlar det vel om ei kvinne si rolle blant desse meir eller mindre handfaste opptrinna. Det handlar i grunn ein del om slikt i Parquet Courts si verd også, om kvinner altså. Dear Ramona er ei mystisk ei, "a hypnosis poet, and when she speaks her words weep like rain". I den angrepslystne og fengande Black and White er kanskje ikkje kvinna tydelig tilstades, men hovudpersonen sine skamlause ordgyteri peikar i alle fall delvis i retning av kvinners tiltrekningskraft. "Nothing makes my heart so wild as being in possession of a potent night".

Andrew Savage syng meir enn Austin Brown, men syng gjer dei begge. Og låtane har dei laga i hop med rytmeseksjonen Sean Yeaton og Max Savage. Så nær som ein, Ducking & Dodging. Opphavlig ein gamal song, blues-song, om vi skal tru bandet. Uansett, den er ukjent for meg. Og om eg hadde kjent til den har eg ein mistanke om at eg neppe hadde kjent den att i Parquet Courts sin skapnad. Ein ting er refrenget; om den nøkkelen du ein gong fekk men som ikkje lenger vil passe i låsen. Ein annan ting er versa. To lange, ordrike, intense, og pågåande vers, som sikkert kan handle om litt av kvart, men som skapar eit inntrykk av å handle om nokon som har mista sin fridom og si framtid; politiske fangar, krigsveteranar, flyktningar. "All my friends are disappearing, all my letters are in code, everything I think and feel, in your shadow, it erodes". Samstundes har songen også sine referansar til det viltre og frie liv. "Lady Macbeth, rock me mama, like my back ain't got no bone".

Det er eit absolutt samsvar mellom tekst og tone hos Parquet Courts. Desperasjon, råskap og eit lite glimt i auga går att i det meste. Men klinkande klart kor vegen går er det i grunn aldri. Her er opningar for frilyndt tolking og å finne ut av ting undervegs, eller kanskje ikkje finne ut av ting i det heile. Ord kjem fort, som ein dans i unnabakke. Med og utan fotfeste. Parquet Courts står ikkje stille, dei tar til seg det beste av det dei har høyrt, og gjer det om til sin måte å gå råbarka til verks på. Det er jaggu verdt det denne gongen også.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo