cover

Southeastern

Jason Isbell

CD (2013) - Southeastern

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Countryrock / Folkrock / Americana / Sørstatsrock

Spor:
Cover Me Up
Stockholm
Traveling Alone
Elephant
Flying Over Water
Different Days
Live Oak
Songs That She Sang In The Shower
New South Wales
Super 8
Yvette
Relatively Easy

Referanser:
Drive-By Truckers
Patterson Hood
Ryan Adams
Rhett Miller
Neil Young
Dan Penn

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Tørrlagt og skarpskodd

Eg har venta ei tid på at Jason Isbell skal lage ei verkelig stor plate. No ventar eg ikkje lenger.

Eg kjem ikkje utanom opningssongen på Jason Isbell si nye plate, Cover Me Up. Den dreg meg stadig tilbake. Den har noko med seg som grip eit inderlig tak i meg. Eg skal prøve å gje ei forklaring: Det blir ofte snakka om sjel. At ein song kan ha sjel. Visst det stemmer, og det gjer det antakelig, har Cover Me Up ei dugelig ei. Men det er ikkje berre det. Cover Me Up er ein song tufta på vilje. Ein song som er her fordi den må vere her. Cover Me Up har ingen fakter. Det er ein enkel song, med eit tydelig slektskap til songar eg har høyrt før. Løfta fram av ei røyst som vekslar mellom å vere varleg og kraftfull. Ei sterk røyst, kompa av ein akustisk gitar, og pirra av ein elektrisk gitar. Fleire soniske variablar har ikkje songen, og treng det ikkje heller. Den har ein vals i seg, og makelaust attraktive southern countrytonar. Cover Me Up ruslar med brennande steg, og songaren fortel om å sigre over seg sjølv og sine demonar, ved hjelp av ei kvinne. Han fortel om det å møte dagen i edru tilstand, og det å ville vere der, i ein slik tilstand, saman med denne kvinna. "Girl, leave your boots by the bed we ain't leaving this room, till someone needs medical help or the magnolias bloom". Det renn eit håp tvers igjennom songen, men det er som med håp flest, det har ei usikker framtid – så "cover me up".

For ti år sidan høyrde eg Jason Isbell synge Outfit. Det var den første songen eg høyrde han synge. Han gjorde det som ferskt medlem av Drive-By Truckers. Songen var den eine av to songar Isbell var ansvarleg for på sørstatsbandets fjerde plate (den andre var tittelkuttet, Decoration Day). Eg har sidan den dagen betrakta Outfit som den sterkaste songen i heile katalogen til Drive By-Truckers. Ein grunnleggande sympatisk, men samstundes bitande song, der ein fars alvorlige, patriotiske, men også skjemtande tale til ein son på veg ut i verda er det sentrale tema. Eit låtskrivartalent av dei sjeldne hadde presentert seg.

Eg venta på meir. Kor blei det av? For all del, Isbell har skrive nokre sterke songar desse ti åra som har gått, det er ikkje det. Goddamn Lonely Love og Danko/Manuel før han blei sparka ut av Drive By-Truckers på grunn av eit forstyrrande slitsamt forhold til alkoholhaldelige drikker. Dress Blues, Cigarettes and Wine, Alabama Pines og Codeine frå dei tre platene han har gitt ut under eige namn før årets Southeastern. Men eg synst han har laga litt for mange middelmåtige låtar også, songar eg aldri har funne tonen med, og plassert dei på platene sine. Plater som eg derfor har opplevd som ujamne. Southeastern opplever eg annleis.

Southeastern er langt i frå berre Cover Me Up. Southeastern har også Elephant. Der vi møter drankaren og den dødssjuke. Eit par som har sett betre dagar, no for tida prøver dei for det meste å bevare sjølvrespekten og ignorere verkelegheita. Døden. Etterkvart kjem det sigande innover forteljaren (drankaren), ja det blir rimelig klart for han: "No one dies with dignity". Isbell formidlar historia utan å gli over i det sentimentale, samstundes som han held seg på god avstand til det hardkokte. Han fortel berre ei historie om to menneske som må takle noko det ikkje finst ei oppskrift på korleis dei skal takle. Han gjer det med den akustiske gitaren i fanget, og nokre sordinerte pianotonar bakom ryggen. Meir trengst ikkje.

Southeastern skulle bli ei plate med Isbell og gitaren og nokre nyskrivne songar. Den skulle produserast i samarbeid med Ryan Adams. Det blei ikkje 100 % slik det var planlagt. Adams forsvann fort ut av prosjektet, uvisst av kva årsak. Inn kom Dave Cobb, som dei siste åra mellom anna har vore involvert i eit par sterke plater av Jamey Johnson. Eg ser ikkje bort ifrå at det kan ha vore eit heldig skifte. Isbell og Cobb fant raskt ut at det blei for kjedelig å lage ei plate med berre Isbell og kassagitaren, så det blei henta inn meir lyd. I hovudsak frå medlemmer i hans faste backingband dei siste åra, The 400 Unit.

Songane er slike som Isbell skreiv etter at han hadde hatt eit opphald på ein rehabiliteringsklinikk for alkoholikarar for eit drygt år sidan. Noko som avgjort speglar seg att i fleire av dei. Drankaren får til dels eit nådelaust lys på seg, men like mykje er det ettertenksame refleksjonar kring den han er no. Ikkje nødvendigvis ein heilt annan. Den han var er framleis ein ikkje ubetydelig bit av han. På godt og vondt. "There's a man who walks beside me he is who I used to be" syng han i den fine visa Live Oak. Ein song som tilsynelatande handlar om ein hardbarka drapsmann som ein dag møter ei kvinne som treff nokre ømme punkt i han. Så han endrar seg. Men byrjar etter kvart å få ei noia. Ein sjalusi veks fram i han. Er det verkelig han ho elskar, eller kan det vere han som går ved sida av han. "I wonder if she sees him and confuses him with me" spør han seg. Det endar i tragedie. Men bakom denne historia tenker eg historia til den tørrlagte alkoholikaren finst. Han lurer nok på korleis verda vil ta imot han no, vil dei finne han like interessant. Vil han bli likt? Det treng ikkje ende i tragedie.

Det var ei kvinne som spelte ei aktiv rolle i å få Isbell lagt inn på rehab. Det kom visstnok til giftemål i etterkant. Namnet hennar er Amanda Shires. Ho er musikar og plateartist sjølv. Spelar fele gjer ho også, og bidrar med denne på Traveling Alone. Ein song der songaren minnest tider der han var "so high, the streetgirls wouldn't take my pay". Men han blei trøytt. Av å stå til ansvar overfor seg sjølv, av eit konstant utmatta hjerte, av å gjere reisa aleine. Så "won't you ride with me?" lyde omkvede. Og fela den let.

Jo meir eg har spelt Southeastern jo meir har det blitt klart for meg at det i grunn finst tolv nemneverdige songar på plata. Det er ikkje flust av plater eg kan seie det om no til dags. Eg skal ikkje trøytte ut verken meg sjølv eller den som måtte lese dette ved å brodere ut både det eine og det andre om alle tolv. Men eg vil no nett nemne at Isbell byr på uimotståelig countryrock med el-gitaren i grunnstilling og solid rytmikk i ryggen når han formidlar ein lengsel han ein gong kjente på eit hotellrom i eit iskaldt Stockholm. Det skal heller ikkje vere unemnt at han byr på sviande southern rock'n roll i Super 8, og avdekkar ein historie der ein bakrus frå det djupaste helvete står sentralt. Eit lite utdrag av dei ubarmhjertige refleksjonane i den klassiske countryrocksaken New South Wales synst eg også det finst gode grunnar til å ta med.

And here we sit
Singing words nobody taught us
Drinking fire, and spitting sawdust,
Trying to teach ourselves to breathe,
We haven't yet,
But every chorus brings us closer
Every flyer and every poster
Gives a piece of what we need


Isbell har eit grep om det melodiske slik gode låtskrivarar har, men det er hans grep om det tekstlige som verkelig imponerer. Han sirklar ikkje rundt med ord som fordampar, han går direkte til verket med ord som brenn seg fast. Han brukar ikkje fleire ord enn nødvendig, han økonomiserer, han er presis, som ein Carver. Han har noko å formidle. Og det han formidlar skildrar også det som ikkje blir uttalt. Eller det kan handle om noko eg først ikkje oppdaga det handla om. Det kan ha ei dobbeltyding. Isbell er ikkje eindimensjonal.

Og Isbell har laga ei plate eg ikkje lenger trudde han ville vere i stand til å lage. Ei plate eg trur det går an å nytte det loslitne ordet meisterverk om. Men eg lar korken vere på flaska.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo