cover

Let It Be... Naked

The Beatles

CD (2003) - Apple / EMI Virgin / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Psykedelia / Folkrock / Rock'n'Roll

Spor:
Get Back
Dig a Pony
For You Blue
The Long and Winding Road
Two of Us
I've Got a Feeling
One After 909
Don't Let Me Down
I Me Mine
Across the Universe
Let It Be

Referanser:
The Kinks
The Byrds
The Rolling Stones

Vis flere data

Se også:
Love - The Beatles (2006)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Ein avkledningsmanøver

Slik er det McCartney ynskjer at Let It Be skal være.

I grunnen har det vel aldri eksistert eit viktigare rockeband enn The Beatles. Fire unge menn; to gitarer, bass og tromme, fleirstemt sang og eigne komposisjonar - og med elektrisk og viril musikk på programmet. Det var vel egentlig ingen som hadde gjort det akkurat på dette viset før. Og heile tida frå 1962 og fram til dei sa takk for seg i 1970 var dei innovative og i front-troppen for popens og rockens utvikling. Populære var dei og. Jodå, verden hadde definitivt vore ganske annleis utan The Beatles.

Dei siste åra i bandet sin historie var imidlertid forholdet medlemmene i mellom slett ikkje så bra. Og aldri var uenigheten og avstanden meir tydelig enn under innspelingane av albumet som til slutt skulle få tittelen Let It Be, og som for alltid vil bli ståande som siste offisielle utgjeving frå dei fire legendariske frå Liverpool.

Vi skriv januar 1969, og planen er å lage eit TV-show basert på låtane frå bandets nyaste plate "The White Album". Desse planane blir fort endra til heller å berre satse på nytt materiale. Dei finn og ut at dei skal filme førebuingane og innøvinga av sangane. Vidare bestemmer dei seg for å gå tilbake til eit meir opprinnelig sound, ingen overdubbing, psykedeliske innfall eller liknande tildragingar. Den opprinnelige tittelen på prosjektet var då også Get Back. Ting begynner imidlertid fort å skjere seg. Konfliktane er åpenlyse. John Lennon beskyldar McCartney for å stile strofa "get back to where you once belonged" mot Yoko Ono. Det er ampert og ikkje alltid så veldig konstruktivt. George Harrison går til og med så langt som å slutte i bandet. Han vender tilbake mot at planane om TV-showet blir droppa.

Til tross for problema: Sangar blir laga, og sangar blir spelt inn. Men når dei tilslutt står der med noko som kan minne om eit album, er det ingen som vil, får lov, eller orkar å gjere det ferdig. Det blir sett til sides, og Beatles tar istaden turen til Abbey Road studioet, og spelar der inn plata som skal få tittelen Abbey Road. På eit eller anna tidspunkt like etter utgjevinga av denne, overtalar Lennon og Harrison dei andre to til å la den legendariske produsenten Phil Spector ta seg av dei vraka innspelingane og akklimatisere desse. Når låtane tilslutt ser dagens lys i mai 1970, under tittelen Let It Be, er verdens største popgruppe historie, og kjem aldri til å spele saman meir.

Let It Be inneheld flotte sangar som det litt Byrds-aktige åpningssporet Two Of Us, rhythm & blues saken I've Got a Feeling, og ikkje minst McCartney sine to glansnummer, den gospelaktige balladen Let It Be (sannsynlegvis ein av verdens mest spelte låtar), og det rivande og funky rock'n'roll tilfellet Get Back. Likevel er det tynnare mellom dei store sakene her enn på nokon andre Beatles album, og Spector sin produksjon, med strykarar og glasering, blir nok også i drøyaste laget ved enkelte høve.

Sistnevnte problem har vore eit gnagande sår hos Paul McCartney heilt sidan den gang. Som dominerande bidragsytar (dei fleste Lennon/McCartney komposisjonane her er det nok Paul som i størst grad står bak) var det slett ikkje ein slik lyd han hadde tenkt seg. Så nå med Lennon og Harrison seks fot under og Spector bak tjukke murar har mannen tatt mot til seg, og fått fatt i digitale ekspertar til å lege dette irriterande gnagsåret.

Er det dårlig gjort? Er det å pisse på grava til folk (som Dagbladet hevda)? Trur ikkje det, gitt. Ein kan seie mykje om det McCartney har gjort dei siste 30 åra, men dette er langt ifrå det dummaste han har funne på. Nå er det ikkje på nokon måte den store revolusjonen. Men det er ingen låtar som har blitt svakare av denne renoveringa, og nokre har blitt betre. Låta som har vunnet seg mest er The Long and Winding Road. Ein sak som i mine øyrer, og i all sin Spectorske strykar-glasering, har vore blant Beatles' kjedeligaste innspelingar. På ...Naked er den ein strippa, fintfølande pianoballade det godt går an å lytte til. Ein annan som veks på å bli mindre er den kosmisk anlagte Across the Universe, med sitt henrivande refreng; "Jai guru deva om, Nothing's gonna change my world, Nothing's gonna change my world". Denne hadde likevel kanskje tent på ein forsiktig psykedelisk overhaling med litt sitar og andre småskrudde påfunn istaden, den er liksom laga for noko slikt. I tillegg har den seige Lennon-rockaren Don't Let Me Down blitt henta inn (den måtte i si tid nøye seg med kun å være b-side for Get Back singelen), og Dig It og Maggie Mae er blitt skippa, absolutt eit lurt bytte.

Sjølv om albumet til sjuande og sist vinn på denne renovasjonen, synest eg likevel ein kunne spart seg å gjere dette til ein sensasjonell nyutgjeving. Ein burde heller brukt desse nyoppussa låtane som bonus-materiale på ein slags de-luxe utgåve av albumet, og så kunne nye interesserte samanlikna i historiens heilage navn, og samstundes komme billigare ifrå det. Men slik er nå eingong ikkje den kapitalistiske verda anlagt. Uansett er det ikkje dette som er Beatles sin viktigaste gave til verden. Prøv først Revolver, Rubber Soul, Help, Sgt. Pepper, White Album, Abbey Road, A Hard Days Night, Beatles For Sale, With the Beatles, Please Please Me, og då, då er tida kanskje komme for Let It Be.

Som ein ekstra bonus er det med eit 20 minuttar fluge-på-veggen opptak frå innspelingane. Ein bagatell, men ein artig ein.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

The Secondhand Emporium søke...
14.11.17 - 12:09

Veldig fint innlegg, takk 192.168.0.1...
08.11.17 - 10:05

Jeg er enig med...
08.11.17 - 10:04

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo