cover

Descended Like Vultures

Rogue Wave

CD (2005) - Sub Pop / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Poprock / Pop / Folkpop / Psykedelia

Spor:
Bird on a Wire
Publish My Love
Salesman at the Day of the Parade
Catform
Love's Lost Guarantee
10:1
California
Are You on My Side
Medicine Ball
You
Temporary

Referanser:
The Shins
Beulah
Yo La Tengo
Apples In Stereo
Elliott Smith

Vis flere data

Se også:
Out of the Shadow - Rogue Wave (2002)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Eit vitalt bølgjeband

Som ei bølgje, ei stor og lumsk ei, driv dei fram i elegant og fredfull form for så brått å gå til åtak på brutalt vis.

Det går vel an å seie at Rogue Wave lever opp til namnet sitt her på si andre plate. Som ei bølgje, ei stor og lumsk ei, driv dei fram i elegant og fredfull form for så brått å gå til åtak på brutalt vis. Allereie i første linje i første song set dei standarden for plata sin hovudstraum. "Are you hoping to get out of this mess?" spør sjefsbølgjar Zach Rogue med kraftig psykedelisk tyngde på siste ordet, dei neste linjene fylgjer i same form før refrenget kontrar litt som ei meir open og medgjerlig bølgje. Låta heiter Bird on a Wire og har ingenting med Leonard Cohen å gjere. På same tid som ein definitivt kjenner igjen den velfunderte poptonen frå debutalbumet Out of the Shadow (2002) høyrer ein også her at Rogue Wave har surfa seg inn i eit noko uroligare farvatn.

På debuten gjorde Zach Rogue det meste på eiga hand. Denne gongen er Rogue Wave ein kvartett. På debuten høyrdest Rogue ut som ein union av Elliott Smith-smitta visesong og The Shins-infisert popånd. Denne gongen har mannskapsauken pluss ein meir velutstyrt innspelingsstad (Supernatural Sound studio i Portland, Oregon) ført lyden inn i eit fyldigare og meir frisert bilete. Men av og til dukkar det opp hardare smell, skakkare gnistring og meir febrilsk dirring på Descended Like Vultures enn kva det gjorde på debuten. For det er ein meir kontrastfylt veg dei har gjeve seg inn på denne gongen. Ein veg der det rake blir avløyst av det svingete, der oppoverbakke brått blir til utforbakke, der det stillferdige før eller seinare renn inn i det frenetiske, og der det harmoniske risikerer å møte på det krakilske. Motoren i opplegget, og sentralt for at dette held seg på vegen, er dei velkomponerte melodilinjene til Zach og hans menn. Dei er til stades i omtrent same målestokk som på debuten.

Publish My Love startar varleg men skeinar etterkvart inn i eit rockande landskap. Inne på dei mest bombastiske rockespor er 10:1, i ei pågåande men sonisk litt vel pålessa form. Godt frampå er dei også i den litt Beck-aktige og rytmisk kitlande Are You on My Side. Over i noko som nærast kan definerast som episke felt kjem You malande mot ein i eit fargefint og romsleg lydbilete med velskapte tonar tufta på eit florlett titt-fram-dekk-deg-til prinsipp.

Både i tonesetting og tekstlig samanheng (i alle fall det eg oppfattar) verkar denne plata å vere litt mørkare i både omriss og hjerta enn debuten. Vi kan finne ei og anna ytring som kan tyde på at dei fire fryktar for korleis det skal gå no som enkelte statsleiarar er komme så godt i gang med å rævkøyre heile verda. Men oftast har dei nok siktet innstilt mot svikefulle kvinner, skakkøyrt kjærleik og eiga sjelegransking. Favorittformuleringa i så måte er henta frå den veksande og smått urovekkande Love's Lost Guarantee; "Love comes like a Kennedy curse, the victim role was well rehearsed, you can paint over any mistake, but you can't remove the original fake."

Innimellom dei meir eller mindre frittflytande poprock-tiltaka dukkar det også opp ein og anna meir dempa akustisk sak. Salesman at the Day of the Parade med sitt klagande "I'm so sorry for what I've done" er ein slik melankolsk pastill. California med si oppfordring til rett å slett å "screw California" har også nok melodisk kraft til å vandre trygt i spartansk selskap.

Kva som til slutt viser seg best av debuten sin lo-fi estetikk og Descends sin litt meir spektakulære framtoning er vanskelig å avgjere. Men mål scorar dei begge, fleire stykke til og med. Skal vi seie uavgjort 5-5?

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Hej hej, vad kul att se...
05.07.17 - 16:42

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo