cover

Spooked

Transmissionary Six

CD (2003) - FILMguerrero

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Sadcore / Slowcore / Americana / Folk

Spor:
Wrong
Piece of Cake
Big Game Hunter
Karaoke Star Suffocate
Jacques Cousteau
Almost Every Dog
Gawker's Backup
The Tree Who Loved the Axe
Sermon on the Hatchback
Clown Homicide
Flight School
Applegate Part Two
Dream a Little

Referanser:
The Walkabouts
Low
Mazzy Star
Willard Grant Conspiracy
Tindersticks
Cowboy Junkies

Vis flere data

Se også:
Get Down - Transmissionary Six (2005)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


I mørkret

Seks lydtransporterande misjonærar slentrar sakte rundt blant spøkelser, mordarar og konspirasjonsforetak.

Odd Børretzen har ein liten historie om det å ligge i senga og innbille seg at ein høyrer og ser gufne ting. Høgdepunktet i historien kjem når han "høyrer" ein einbeint mann på loftet, og så lurer på om han skal gå opp å sjekke. Noko han ikkje gjer. Fordi hvis han går opp og undersøker, og oppdager ingen mann, for så å komme ned i senga og fortsatt høyre lyden, då veit han jo at det er ein usynleg einbeint mann på loftet, "og er det noe bedre?".

Det er nett ein slik framtoning Transmissionary Six har fanga lyden av, og tilført litt ekstra frykt og beven, i det innleiande og ambiente instrumental-sporet Wrong. Gniss gniss og dunkande uhygge. Dermed er stemningen satt for ein heller dyster tur i skumring og natt, blant karaoke-stjerner frå outer space, treet som elskar øksa og mordet på ein klovn. Seks sjeler i kvar sin tilårskomne og knirkande gyngestol på ein veranda. Kringsatt av mørkret, spøkelser, og golde landskap, lar dei melankolien få komme til uttrykk i ei særdeles dvelande form.

Transmissionary Six er bandet der strengetraktøren Paul Austin frå Willard Grant Conspiracy og Terri Moeller som ellers sit bak trommene hos Walkabouts, har funne saman og trer fram som skaparar av ord og tonar. Terri har fått plass framfor mikrofonen og viser at ho har ei stemme i eit leie ikkje så langt unna kollega Carla Torgerson. Paul ber største tyngden av den instrumentelle børa, men får hjelp av Walkabouts sin produsent Kevin Suggs til litt av gitarlyden (spesielt pedal steel). Dei tre siste i gjengen er multikunstnar Ben Thompson på diverse slagverk-ting (han har og designa omslaget), Anne Marie Ruljancich (Walkabouts, Jesse Sykes and the Sweet Hereafter) på fiolin, samt Jon Hyde (Mount Analog) på ein Wurlitzer.

Ilag gyngar dei seks oss inn i sin vakre og saktegåande toneverden. Der dei framstår som skaparar av ein slags slow-americana bore fram av ulike gitarklangar, stundom tilført vemodige fiolintonar, og krydrar nennsomt med loops og diverse mystiske lydar. Det går absolutt an å finne slektskap til moder-banda, likevel står dei kanskje nærare meir sakrale og varsomt drone-kledde band som Low, Mazzy Star og Slowdive. Spesielt gjeld dette låtar som den gnagande og intense Big Game Hunter, dunkle og monotone Clown Homicide, den pedal steel-draperte Karaoke Star Suffocate og sangen til dykkarkongen og eventyraren Jacques Cousteau. Den bluesy Almost Every Dog, og den meir countryfolk-aktige Sermon On the Hatchback er låtar i eit landskap canadiske Cowboy Junkies har bevega seg rundt i mang ein gong. Ein personleg favoritt er den lett uvørne og kaktusrytme-fôra folkrap-affæren Gawker's Backup. Og når Terri i denne snakkar om at "the deep november sleep is here" er ho nok og inne på grunn-elementene i albumet, for dette er avgjort musikk som høyrer heime i den mørkaste delen av året. Heilt tilslutt forlet dei oss så med ei lita vise kalt Dream a Little, som hadde det ikkje vore for tekstlinjer som "throw up your coffee on the neighbours walk" og "death is a holiday", kunne fått stempelet idyllisk og barnevennlig.

Eg trur eg hentar albumet fram igjen sånn cirka rundt førstkommande november-fullmåne. Så kryp eg inni sofakroken, let att augo og blir litt Spooked sånn rett før sengetid.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo