cover

Poetry and Aeroplanes

Teitur

CD (2003) - Universal / Universal

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Alternativ / Singer/songwriter / Visepop

Spor:
Sleeping With the Lights On
I Was Just Thinking
You're the Ocean
Poetry and Aeroplanes
Josephine
One and Only
Rough Behind the Edges
Let's Go Dancing
Amanda's Dream
Shade of a Shadow
To Meet You
Halfway Between

Referanser:
Dave Matthews Band
Ryan Adams
David Gray
Sting
Beth Orton
John Mayer

Vis flere data

(3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7) (3 / 7)


Poesi fra Færøyene

Færøyisk singer/songwriter leverar ein middelmådig debutplate.

Eit mangfold av kjente historier har opp gjennom tidene blitt til på den ensomme landevegen. Både i litteraturen og i musikktekster er "reisemotivet" eit velkjent fenomen. Kanskje er det ein oppbrukt klisjé, likevel kan det ofte virke som om ein må komme seg ut i verden for å skape den nødvendige poesi. Poetry and Aeroplanes er uansett eit album som synast å ha oppstått i lite luksuriøse turnébussar og på lengre flyturar (som tittelen henvisar til). Trubaduren som står bak albumet er 25 år gamle Teitur Lassen. Han kjem opprinnelig fra Færøyene, men flytta i tenåra til Danmark der han fikk si musikalske utdanning. 7 år seinare er han klar for å erobre verden med sin første langspelar.

Teitur har ifølge det amerikanske stjerneskuddet John Mayer levert den beste utgivelsen i musikkåret 2003. Faktisk var plata såpass imponerande at han likegodt inviterte Lassen til statene, der færøyingen skulle figurere som oppvarmingsband for nevnte Mayer. Det er i utgangspunktet ikkje vanskelig å forstå kvifor Mayer la sin elsk på Teitur. Plata rører seg i omtrent samme musikalske landskap, og ikkje minst nær Dave Matthews Band, med sine radiovennlige voksenpop-låter. Eg må tilstå at underteikna ikkje har eit altfor godt forhold til desse amerikanske FM-banda som her er nevnt, men eg skal likevel prøve å gi ein saklig og forhåpentligvis opplysande anmeldelse av P&A.

Plata starter med den relativt anonyme Sleeping With the Lights On, ein låt som reflekterar over den umulige kjærleiken mellom to personar. På mange måter ein slags moderne Romeo og Julie historie, men ikkje særlig gripande av den grunn. Derimot er neste låt ut ein demonstrasjon i enkel men kraftfull visepop. I Was Just Thinking er Ryan Adams opp av dage og kunne forsterka sjølv den ellers eksellente Heartbreaker fra 2000. Teitur er her akkompagnert av ein naken kassegitar og med tekstlinjer som kunne fått sjølv den mest ufølsomme sjarlatan til å gråte en skvett.

This boat is sinking. I'm tired of postcards,
especially the ones with cute dogs and cupids.
I'm tired of calling you, missing you,
dreaming I've slept with you.

Problemet er at slike godbitar hører med til sjeldenheitene. Plata ruller velfrisert (produksjonsmessig) vidare over i eit par låter som er like spennande som Morten Abel, Lighthouse Family og andre meir eller mindre polerte artistar. Misforstå meg rett: Det er først og fremst gjennom sine låtarrangement at Teitur på denne plata framstår som middelmådig. Den eine låta er den andre lik. Problemet blir da gjerne at det er vanskelig for å opprettholde den store entusiasmen. Sjølv etter fleire gjennomlyttingar føler eg ikkje at det er den store spennvidda i låtmaterialet, kanskje med unntak av den jazzaktige sistelåta Halfway Between.

Det er tatt i bruk mange forskjellige instrumenter på plata og Teitur er visstnok eit multitalent når det gjeld å handtere dei. I tillegg til ein mengde forskjellige orgeltyper, samt dobro og mandolin, er omfattande strykearrangement svært deltakande i utforminga av musikken. Vokalmessig sett raver Teitur over eit ganske stort spekter, men uten å framstå som særlig original i sitt uttrykk. Han framstår ofte som ein kopi av nevnte Dave Matthews, ikledd ein solid dose Sting og Adam Duritz frå Counting Crows.

Likevel vil eg rangerere dette som ein brukbar debutplate. Tross alt er det enkelte lyspunkter å spore her. Som eg nevnte i starten gir dette albumet meg assosiasjoner til lange reiser. Teitur har gjennom gode tekstar klart å formidle sterke følelsar av savn og lengsel etter den svunne kjærleik, og håpet om eingang å gripe lykken før den passerar forbi. Det er vel det alle ensomme trubadurar håper på.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #63: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 7

Krigstegneserier ble lest av gammel og ung og holdt minnet om andre verdenskrig friskt. Superheltene fristet derimot magrere kår i Norge. Ble de for futuristiske og teknologioptimistiske for tidas tilbakeskuende klima?

Podium

Hovedsiden / Siste:

Svart/hvitt er i det minste...
25.10.14 - 07:37

Svart/hvitt er i det minste bedre...
25.10.14 - 07:37

sign post
10.10.14 - 12:56

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Ought - More Than Any Other Day

(Constellation)

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot.

Tidligere: