cover

Unglorious Hallelujah/Red Red Rose & Other Songs of Love, Pain & Destruction

Chip Taylor

2 x CD (2006) - Train Wreck / Rounder / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Country

Stiler:
Folk / Americana

Spor:
I Don't Believe In That
What Would Townes Say About That
James Wesley Days
Unglorious Hallelujah
This Old Town
Christmas In Jail
Daddy, Why'd You Take My Guitar Away
Hallelujah Boys
Jacknife
I Need Some Help With That
Michael's Song
Thursday Night, Las Vegas Airport 


Red, Red Rose 
One This I Wanna Tell You
Bippity Boo
If I Stop Loving You
Little Darts
One More Lousy Picture Show
Trouble With Scientists  
Magic Girl 
It's Different Now  
Santa Cruz
Bride In Pink 
I Don't Know Why I Love You (I Just Do) 

Referanser:
John Prine
Kris Kristofferson
Guy Clark
Townes Van Zandt

Vis flere data

Se også:
Angel of the Morning - Chip Taylor & Carrie Rodriguez (2004)
Red Dog Tracks - Chip Taylor & Carrie Rodriguez (2005)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Enkle songar om livet

Ein eldre gråsprengt herre med gode hjelparar og enkle, levande tonar.

Han er blitt ein svært så produktiv mann på sine eldre dagar, den godaste Chip Taylor. Unglorious Hallelujah er mannen si niande utgjeving sidan han gjorde sitt comeback på midten av 90-talet. Den heiter forresten ikkje berre Unglorious Hallelujah, men også Red, Red Rose & Other Songs of Love, Pain and Destruction. Og ja, det er ein dobbel ein.

For dei som skulle vere ukjent med den 62 år gamle mannen sine bravadar kan det kanskje vere greitt med ein minibiografisk gjennomgang: I ungdommen ein lovande golf-spelar. På 60-talet ein ettertrakta låtskrivar og mellom anna mannen bak den råbarske hitlåta Wild Thing. På 70-talet ein heller anonym countrysongar. På åtti talet og halve nittitalet profesjonell gambler, før han altså fant vegen tilbake til countrymusikken. Når han i ei låt på si siste plata refererer til James Wesley Days, er det si eiga fortid han tar for seg. Hans eigentlige namn er nemlig James Wesley Voight, og ja, han er bror til den ikkje heilt ukjente skodespelaren Jon Voight.

Sine tre føregåande utgjevingar har Chip gjort i nært kompaniskap med den felespelande og stundom syngande Carrie Rodrigues. Ho dukkar opp som harmonerande partnar ved fleire høve her også, men eit par steg lenger bak og utan fela denne gongen. Ho spelar like fullt ei viktig rolle. Det gjer også dei fire andre musikarane Chip har tatt med seg inn i eit lite New York studio for "nokre timar med musikalsk terapi" (for å bruke Chip sine eigne ord). I lag får dei fram det beste i desse 24 songane. På skånsamt vis og med ein genuin kjærleik og nærleik til stoffet. Ja ein får nesten ei kjensle av at dei sit saman med Chip borte i eit hjørne av stova og held ein liten privat konsert for oss.

Tema som blir tatt opp i dei 12 låtane på Unglorious Hallelujah kan ein litt omtrentlig dele inn i to kategoriar. Politisk lada antikrigs-viser, og meir eller mindre sjølvbiografiske historier. Ei av to låtar som dett litt utafor desse rammene er den sorgtunge og vakre balladen What Would Townes Say About That. Her vender Chip seg i tur og orden til sine musikalske heltar (Townes Van Zandt, John Prine, Lucinda Williams, Guy Clark og Steve Earle) for å få råd i forhold til den evige problematikken kring utfordringane i dei mellommenneskelige relasjonane.

Idet siste tone frå Unglorious Hallelujah legg seg til ro, står det temmelig klart for ein at Chip Taylor aldri vil stille seg i første rekke for å hylle den krigerske åtferda til den noverande administrasjonen i det kvite hus. I Don't Believe In That hevdar han i friskt tonefall, og siktar nettopp til ideen om å drepe for å gjere verda til ein betre stad. I den lågmælte og delvis resiterande Jackknife er mantraet "I don't wanna kill nobody" og desertøren er den store helten. Medan Taylor i tittelkuttet tillegg enkelte farlige gjenstandar meir samvit enn menneska; "the bullet told the pistol everything, he said if I had a will of my own I would surely sing .... unglorious hallelujah".

Tidvis utopisk, naivt og litt banalt, vil det kanskje gå an å hevde. Skal ikkje gå krumnakka inn for å motseie det, men Chip har dette ektefølte med seg som gjer at ein og annan floskel får passere utan å legge igjen spor av verken irritasjon eller flau smak.

Frå dei sjølvpåførte og sjølvopplevde sfærar fortel Chip om alkoholisme (I Need Some Help With That), si skuldkjensle overfor ein avdød uteliggar (Michael’s Song) og konsekvensane av ein fatal køyretur (Christmas In Jail). Verken i desse eller nokon av dei andre låtane fører Taylor lyttaren inn på musikalske nybrotsmarker. Han lar ferda gå der Prine, Clark og Kristoffersen har vandra både med han og før han. Men det er ikkje tonar som vil visne hen i morgon han har plukka opp (stort sett ikkje i alle fall). Det er vel helst slike som fører lyttaren i klisteret, i alle fall denne lyttaren

Plate to held kva tittelen lovar. Først kjem ein sorgmunter sak om gåvedryssing og svik (Red, Red Rose), etterpå er det tett med kjærleikserklæringar til Chip sin kjære Joan. Og innimellom fyller han på med både litt smerte og undergang. Bandet har tatt eit steg lenger fram og skrudd opp lyden, om enn langt unna Spinal Tap-høgder. Medan tonevala, i alle fall tidvis, kanskje blir litt meir rutineprega og dovne enn i første del. Best er han når han tar for seg tristesse med eit lite smil om munnen i Little Darts, og når han syng den friske og humørfylte visa The Trouble With Scientists. Den siste er til broren Barry, ein vitenskapsmann som visstnok har funne opp ein formel for å kunne føresjå vulkanutbrot.

Soulballaden If I Stop Loving You gjer til kjenne at Chip si rustne stemme nok ikkje heilt maktar å handtere skalaen i si fulle breidde. Candi Staton hadde sannsynlegvis fått meir utav denne. Men når det kjem til likefram formidling av dei enkle tonar er Chip ein dugandes kar.

Ein særdeles dugandes kar.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Groovissimo