cover

The Gutter and the Garden

Lovers

CD (2004) - Orange Twin / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Drømmepop / Sadcore / Indierock

Spor:
Seven Years
The Air You Breathe Is Full Of Ghosts
The First Law Of Thermodynamics
A New Lease On Life
The Garden
Kid Quiet
Your Handwriting (A Porch Song)
Oh Silent Night
Fall Like Stars
Season's Greetings

Referanser:
Bright Eyes
Mazzy Star
Azure Ray
Hem
Cat Power
Nina Nastasia

Vis flere data

Se også:
Starlit Sunken Ship - Lovers (2002)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


And I'm waiting for you, love

Dvelande og vakkert. Frå det totalt hjerteskjærande til det svakt trøystande.

Folk med stramme grenser for kor mykje tungsinn dei kan fordøye, skal være litt forsiktig med denne. The Gutter and The Garden er nemlig ganske så tettpakka med nedstemte framstillingar. Der den store majoriteten tar føre seg forhold gått i oppløysing, eller forhold det aldri vart noko av. Frå det totalt hjerteskjærande til det svakt trøystande. Alt fortald i første person. Men for den mentale helsa til Lovers sin låtskrivar og sangar Carolyn Hart Berk si skyld får ein håpe at ikkje alt er sjølvopplevd.

Uansett, dama har eit poetisk talent. Hennes smertefulle skildringar av tapt kjærleik, lengsel og sakn held seg heile tida langt unna å bli pinlige. Ho turnerer ord, presenterer bilder og konstruerer metaforer på eit vis som bør falle mange i smak. Trist ja, men vakkert og innbydande gjort. Spesielt den første halvdelen av albumet er ei fortetta samling sterke songar.

Athens, Georgia-kvartetten Lovers debuterte i vemodig lune for eit par år sidan med albumet Star Lit Sunken Ship, og held altså fram på si ferd blant haustlige tonar her på sitt andre utspel. Trommene dunkar sjeldan hardt, og gitaren, pianoet og andre lydar legg seg stort sett varlig til rette. Til å lage nokre av lydane har dei også fått litt hjelp av eit par med boge i si hand. Og Andrej Curti på fiolin og Heather MacIntosh (The Instruments) på cello stryk inn litt ekstra vent vemod der slikt er ynskjelig.

Lovers viser styrke allereie i det nydelige åpningsnummeret Seven Years. I vakre vendingar gjenfortel Carolyn nokre ytringar frå ein reservert og skadeskutt elskar; "hope's become a dirty secret you keep". Men eit slags håp er det jo. Og låta er faktisk blant dei mest oppstemte kutta på plata. Den startar sakralt, stig i tyngde, og idet den vokale delen når sitt klimaks med fleire "ahh", har Lovers flytta seg nær monumentale høgder. The Air You Breathe Is Full Of Ghosts blir det så hevda etter at Seven Years har gått til ro. Tonen er meir bevande og skjør, og lengselen er stor; "I drew my name above me in the air, and left my longing there". Spøkelse-metaforen dukkar for øvrig opp ved fleire høve på albumet - anten demonane er å fornemme i lufta ein pustar inn, eller berre er plagsomme minner.

Ingen plass på albumet får gitarane bråke såpass fritt som på den fabelaktig titulerte The First Law Of Thermodynamics. Eit ustabilt tilfelle, nesten på grensa til å ramle saman eit par gonger. Det er også her eg først oppdagar at Carolyn og bandet hennes har litt av kvart til felles med Bright Eyes. Eg sansar det i dei relativt ordrike framstillingane, den blåtona grusvegen melodien følgjer, og ikkje minst i den gråtkvalte røysta Carolyn fell inn i ved fleire høve. Noko som til dels også gjentek seg på praktfulle A New Lease On Life og den banjo-borne og dramatiske The Garden. Når så regnet har vaska vekk dei siste spora av håp i sistnemnte låt, flyttar vi oss over til den delen av albumet som ikkje er fullt så rik på melodisk kraft. Likevel, dei fem siste spora har avgjort i seg stemningsskapande evner, så det er slett ikkje utan interesse å bruke tid saman med desse heller.

Så for folk som hungrar etter melankoli skulle det derfor være litt av kvart å hente både i The Gutter and The Garden, vil eg tru.

comments powered by Disqus

 



Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

Jeg bare elsker dette...
22.02.17 - 09:16

Oslobasert stonerrock-band s...
20.02.17 - 21:28

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo